søndag 31. januar 2010

Start of something new

Siste avskjed for denna gang e overstått, Silke drog i dag. Så nå e alle dei tre jentene eg hang med den første vekå her i York vekke. Bare meg igjen, gitt. Egentlig litt deilig at det e gjort. I mårå begynne det nya semesteret, og eg ska prøva å følga den komplett uforståelige timeplanen min. Det gjelde å putta mest mulig info inn på ein plan, sånn at det ser ut som om eg ska gjer minst to ting på ein gang. Velkommen te universitetet. Planen e å dukka opp på det som ser mest sannsynlig ut, og sjå om nåken går laus på meg fordi eg ikkje va testede ein aen plass. Sånne planar går stort sett godt her i landet, for eg e utlending og blir tilgitt det mesta. Eg e nok bare litt treg, elle så har eg misforstått nåke. Ikkje for det, dei engelske studentane skjønne ingenting dei heller. Forskjellen ligge i at eg har lov å var dum. "Oh, you're an international? I see. Now, let me show you how this works."

Pirat-Silke, nå på vei tebake te Tyskland..

På fredag va eg med ein del av dei nye internasjonale te York Designer Outlet. Der har eg ikkje vore før. Tanken va "ka ska nå egentlig eg der å gjer?". Nå blei eg med mest for å anskaffa meg nåken nye venner. Funka greit det, men jammen hadde eg ganske rett i mistankane mine. Eg har aldri vore videre opptatt av dyre merker. Mange av navnå på butikkane sa meg null. Men eg trur nok at ei viss storesøster kunne trivdes ganske grundig der ute. Sikkert lika greit at me ikkje drog, tålmodigheten min hadde holdt te ca fem meter innforbi dørå.. Endte opp med å handla litt nye innslag te mitt raskt voksande arsenal av galskapsklær (irrgrønne lakksko og digre knallblå øyreringar..) og ein slikkepott (Le Creuset, einaste butikken eg såg og tenkte DER ska eg inn..). Designersjapper e bortkasta på meg.. Men nå har eg sånn slikkepott som mor og Liv Ingunn har:)

159 kommentarer: