fredag 23. desember 2011

Guds fred og god jol

...med sumar og sol!
Eller med snø, regn og slaps. Alt ette som.
Nå e det kvelden før kvelden, og eg e, av ein elle aen mystisk grunn, i ruta.
Til og med rommet mitt e ferdigpynta. Nå kan julå bare komma.
Lure på ka eg har glømt.

Jammen kan det sjå ut som eg får tid te å setta meg ned og faktisk
tenna et lys og setta fokus på det julå faktisk handle om.
Som postludium på julegudstenesten sang dei herlige fjerdeklassingane mine:



Tenn et lite lys i mørket
Tenn et lite håp om fred
Hele verden får i gave
Barnet som blir sendt hit ned. 


Di sang som englar, og eg va så stolt at eg holdt på å sprekka.
Sko trudd det va mine egne ungar..






Uansett: Ønske deg og dine ei STRÅLANDE jul og et velsigna 2012!
Ta deg et minutt elle to i full tystnad og tenk litt på det her:

Han som kom ner hit till jorden, lämna all sin härlighet
för at födas som en mennsko-son och ge liv i evighet.
Ja, han kom ner hit till jorden för att dö här på et kors
För att visa oss mennskor at Gud Fadern elskar oss.

tirsdag 20. desember 2011

Nu är det jul igen!

I mårå får eg juleferie!!!!
Ikkje at eg e entusiastisk..
Nå har eg pakka nesten ferdig (det i seg sjøl e ein bragd, har du nåken gang
prøvd å pakka massemasse bagasje inn i ein liten bil som har bagasjerommet
fullt av sommardekk?), har svingt øve vertfall ett golv med moppen,
har tatt oppvasken, brenne vilt på adventslys så eg ska sleppa å
spara di te neste år, har gått laus på diverse forgjengelige ting i kjøleskapet...
Joda, nå blir det jul.
I mårå e det adventssamling og julegudstjeneste, felleslunsj med lærarane og ferja heim.
Jaja, te Hebnes og så kjøra heim, må du var så pirkete?
Eg ska HEIM. For første gang si høstferien, og for meg e det lenge.
Heim te jul, jul, strålande jul.


Gi deg sjøl ein liten marsipangris
viss du meine du ser kem nissen va i fjor:)


Familie, kos, lys, venner,galskap, og nok ein gang ska me få feira
detta ufatteliga: At Gud valgte å senda sønnen sin ner for vår skyld.

Og det ska bli SJYNT.

mandag 12. desember 2011

Alt går i stykker på en søndag

Alt går i stykker på en søndag, eller lørdag, eller fredag etter fire.
Det er ingenting som ryker på en onsdag, midt i arbeidstida med servicemann på plass.
Nei, bilen din stopper først på søndag, eller lørdag, eller fredag etter fire.
Du får vente med å starte'n te mandag, og håpe at den stopper da.
-Øystein Sunde

Eg drog tidlig heim fra Bogafjell, for eg va ikkje i form og ville legga meg.
Det drypte vatn fra taket heile veien heim. Eg har hatt bilen på verksted to ganger 
for å få fiksa ein lekkasje. Men di fant ingen lekkasje, så di konkluderte vel
igrunn med at eg tok feil. Bilhypokonder, det e meg!
Kom fram te Judaberg, og sukka litt når innkjørselen va full av bilar sånn at eg
måtte parkera oppe på svingen. Hadde jo ein del å bæra på..
Men parkerte, og bakserte alle posane ut i regnet, 
smelte dørå igjen, og trykte på nøkkelen.
Null reaksjon. Eg trykte igjen. Ingen respons.
For dei som kjenne bilen min, og ikkje minst historien fra i fjor, e fortsettelsen logisk:
Eg heiv meg inn i bilen igjen og starta an før startsperrå gjekk på. Så satt eg der da,
med posane ute i regnet, bilen på tomgang og vissheten om at når eg stoppa an, 
kom eg ikkje te å få an igang igjen. Du kan sei eg va litt...frustrerte.
Innerst inne i sjelå visste eg jo ka som måtte te, men eg va så slakke og gåen og ville
bare ikkje innsjå realiteten. Men eg ringte heim, ringte NAF og ringte Solbakkens,
og enden på viså blei jo selvfølgelig at eg kjørte tebake te Forus og satte bilen utforbi 
verkstedet. Så kunne dei få ta seg av an når an ikkje ville igang igjen. Va jo ikkje folk
der akkurat, men putta nøkkelen i safen, og skreiv på lappen med navn og nummer
at eg sko ringa mandag morning.
Kjetil svoger va snill nok te komma og henta meg og kjøra meg på kaien.
Venta der ein time på båten, og så kom Elisabeth og henta meg på Judaberg.
Normalt e det jo ikkje problem å gå heim, men der og da va eg mer enn ferdig.

Nå ska du få fem poeng viss du gjette ka eg trur e grunnen te at sensoren som tar imot
signaler fra nøkkelen har takka for seg ette et år i tjeneste (fekk jo bytta an i fjor..):
Du vett den lekkasjen som ikkje va der? Nåke seie meg at den dingsbomsen likte
dårlig å få vatn (som ikkje kom fra lekkasje) inn i seg.
Så sånn e det tenkt.





Fant ikkje nåke bilde av bilen. Men her e det litt fancy smør!
I dessa krisetider kan det jo var ein slags trøst å veta at
engelskmennene iallefall kan laga pyntesmør, dei som har sånnt!

onsdag 30. november 2011

What it's like to be me

Ska eg fortella deg ein ting som e passe kjekt når man ligge på sjukehus?
At folk kjeme på besøk!
Eg har ei søster i Sandnes, så eg tenkte jo egentlig at hu kom te å komma
å sjå om meg, og det gjorde hu. Med tannkost, skrivesaker og slikt som man trenge for
at livsfølelsen ska stiga litt. Kjempetakknemlig for det!
Og eg syns eg hadde gjort det godt når eg hadde fått besøk :)
Men så, vett du, der kom Egil tuslande nerøve gangen!
Og mens eg satt og prata med han og Liv Ingunn, kom fillen meg heile familien Haga!
Eg holdt på å gå i bakken. Fekk blomster og sudoku og masse klemmar. Salighet.
Følte meg rett og slett verdsatt! Blei rørt langt inn i sjelå.
Neste morning kom både Egil og Margunn, og Liv Ingunn og Live kom og passte på
at eg spurte om dei rette tingå og kjørte meg te båten når eg slapp ut.
Og når eg gjekk i land på Judaberg og dreiv og psyka meg opp te å tusla te hallen og
henta bilen min, der kom Sønøve. Hu kjørte meg opp, vettu! 
Det e jo søren meg ganske masse mindre stress å var sjuk når familie og venner stille 
opp på alle baugar og kanter! Humøret stige, praktiske ting blir ordna, sjølbildet blir 
mer enn bare litt oppdytta... 




Margunn og Egil, sånne folk som kjeme
på besøk te sjukelige venner :)
Og Egil kom med sudoku og rosa penn med sløyfa og
kattepus på! Den lo eg av..

Nydelige roser fra fam Haga,
skjønne venner på Finnøy.

Liv Ingunn ordna masse praktiske ting for meg,
blant aent skaffa hu meg mobilladar (amen for det!).
Og jammen fekk eg blomster og!


Eg har jammen ufattelig masse å var takknemlig for!
Eg bur i et fredelig land, eg har jobb, mat og heim. Eg får synga og kosa meg,
eg har muligheten te å legga meg strekk ut og gjer ingenting av og te...
Og så har eg familie, venner og kollegaer som tar seg av meg når eg går ner for telling.
Pluss ein heil armada som ber for meg. Eg e velsigna! 

TAKK.

onsdag 23. november 2011

Didn't need the time for pain

Nåken veker skjer det omtrent ingenting utenom normalen.
Sånne veker e det lenge si eg har hatt. Og forrige veka tok jo kakå aldeles.
Altså, for dei som ikkje har fått det med seg: Forrige mandag gjekk eg i dørken på jobb.
Hadde heldigvis kommt meg ut av klasserommet, men kan nok trygt sei at eg gjorde 
grundig inntrykk både på ein del kollegaer og dei stakkars menneskene på legevakten. 
Hadde så latterlig vondt at eg mista litt håvet. Og eg e ikkje vant te å mista håvet.
Eg blir rett og slett litt flau av å tenka på det. Jeesh...
Moving on!

Du vett dei som seie at di allltid har på seg fint undertøy i tilfelle di havne på sjukehus?
HØRR på di!
Eg skulle jo reisa vekk på torsdagen. Så eg valgte bevisst å ikkje bruka det 
undertøyet eg sko ha med meg på tur. Bad decision. Bad bad decision.
Og viss du trur at det e bare på film man havne på gynekologisk 
og legen e ein pen mann? Neinei. Ska det var pinlig, så ska det var inderlig langt inni evigheten pinlig.

Og når det da dukke opp ein mannlig medisinstudent som sikkert e et par år 
yngre enn deg og tar hundre testar...da blir du ikkje overraska ein gang når han 
flakke litt med blikket før han tilstår at han må te med rehehelativt pinlige undersøkelsar.

Å ligga på kirurgisk i Stavanger e ikkje tortur på nåke vis, sjukepleierane e trivelige,
og ein av legane va faktisk ganske festlig. Men det e jo ikkje nåke mål heller.
Å sova med veneflon e et bal, å ligga på rom med et par andre som ska testas for diverse
i løpet av nattå e heller ikkje heilt optimalt, og når di da smelle ein stram gummihanske øve nevnte veneflon så du ska få tatt ein dusj...ubehagelig.

Men det va nåken absolutte HØYDEPUNKT, og dei fortjene et innlegg for seg sjøl.
Ergo: To be continued....



Litt henging i gangen med det lovely trillestativet
med intravenøsposedingsen.
Veldig Grey's Anatomy.

Åja, forresten : Diagnose? Nyrestein. Anbefales ikkjepånåkenmåteidetheiletatt.

onsdag 16. november 2011

Let's fly away

Det har skjedd ting. Det har rett og slett vore action.
Eg sendte melding te Silje fra sjukehuset og sa "Du kjenne meg. Drama, drama, drama."
Hu va forsåvidt enig.

It's a thrilling tale. I wish to do it justice. Det e meg og Dumbledore.
Tok du den, e du minst lika nerd som meg.
Har rett og slett ikkje tid, eg må stikka og gifta vekk dessa to:


Beki og Andy ska gifta seg:)

Men eg kjeme sterkt tebake. Og då ska her berettast!

onsdag 9. november 2011

I remember you

Det e rart ka som kan trigga minner. Ei lukt, ein blomst, et uttrykk
du ikkje har hørrt på lenge. Nåken av dessa tingå vett eg om, som at eg vett at
viss eg smake på vaniljesukkeret når eg bake (og ja, det gjer eg!),
då kjeme minnene fra hundre glade dagar med Hege på kjøkkenbenken heima.
Kan ikkje steika vafler heller uten å tenka på Hege.
Når eg på mørke kveldar kave med å komma meg opp den skamglatte bakken
te huset heima, flire eg godt av tanken på meg sjøl som brukte body shop paraplyen
te å hala Ann Kristin opp på trygg grunn. Den nattå hadde me søren meg problemer
med å komma oss i hus. Men det som absolutt starte flest flashbacks for meg, e musikk.
Spesifikke sangar som for alltid e knytta te ein spesiell anledning, et tidspunkt elle
ein periode.

Lat oss ta nokre døme:


  • She will be loved, Maroon 5: Skuleåret 04/05. Jan Henrik og Petter.
  • The Living Years, Mike and the Mechanics: Et prøverom i Bergen, den dagen eg sko begynna på høgskulen. 
  • Who will call him King of Kings, Sandi Patty: Første hausten på Finnøy.
  • Be yourself, Audioslave : Eksamen i drama på høgskulen.


Eg kunne tatt hundre eksempel. Men kor festlig e egentlig det å lesa om,
sånn på ein skala? Eg ville bare slå et slag for den geniale oppfinnelsen
som kalles hukommelse. Nåken ting hadde vore greit å glømma, for all del,
men jammen e eg glad for at kver gang eg hørre Sing me a song av Return
kan eg le høgt av tanken på sangvalget mitt når eg sko synga ein sang for å letta
på stemningå: Ingrid, Ann Kristin og eg vandra rundt i det digra huset te Øygards
for å skru av alle lys og va igrunn ganske skjelvne.
"Sing me a song, the last one in my life"... Kjempevalg, med tanke på at me
allerede hadde skremt oss sjøl passe grundig med skrekkfilmar og ville historier.

Verdens beste Hege, som lærte samtidig som meg
kor ufattelig vondt konditorfarge smake, og som
(akkurat som meg) neppe kjeme te å putta egg oppi
nysmelta smør igjen...
Good times!

onsdag 2. november 2011

You're in the army now

Eg har måtta skaffa meg nytt våpen. Ett år som mitt beste forsvarsverk mot 
edderkoppar, skrukketroll og andre creepy crawlies va omtrent så masse
den blå fluesmekkå mi kunne tåla. Ein dag i haust takka hu for seg.
Og eg måtte investera i ny. Denna gangen e hu grønn, og hu har
allerede fått kjørt seg i min daglige krig mot insektene. Eg har hatt nåken 
edderkoppar inne denna hausten som bare.... eg kalte den første eg traff 
"alle edderkoppars mor". Så traff eg fleire. 
Vise seg at mesteparten av foreldre- og besteforeldregenerasjonen 
hadde planlagt camping hos meg.
Eg blanda meg i planane.

Eg har sagt det før: Ute ska di få lov å var. Men kjeme di inn, då e det krig. Og eg vinne.



Gamlevåpenet i sine glansdagar.

....hardt arbeid (for hardt?) kan knekka
ryggen på dei fleste.

Nykommaren.
Snart blir det kaldt!
Mindre bugs når det e kaldt.
Like it. Love it.

onsdag 26. oktober 2011

Sitting on top of the world

Hausten e her igjen, jammen! Og når det e haust, då kjenne eg at eg må te fjells.
Fekk meg nåken fine turar når eg va heima, den første te Slettedalen med mor.
Haustsol og klar, klar luft, boller og kakao, gode samtalar og fargesprakande myrer.
Et par dagar ettepå halte Marte meg opp på Hellandsnuten. Der har eg aldri vore før,
og eg har vel gått toppturar på bedre dagsform, men opp kom eg! Og der oppe va
det fritt, kaldt og herlig! Marte va tålmodigheten sjøl, og me fekk prata masse,
oppdatert kverandre om liv og leven og ledd te me (iallefall eg) kjente det godt i magen.
Og så fekk me nyta utsikten, og den va ikkje te kimsa av!
Eg like Hellandsnuten, eg :) Og når me kom ner igjen vanka det først kakao og så heimelaga pizza.
Hurra for haustlivet!



Klar haustdag i Slettedalen.

Jammen e det passe fint i detta landet vårt.
Og aller finast e det igrunn i Ryfylke.

Marte e godt fornøyd med å ha fått undertegna
 opp på Hellandsnuten (og i le bak varden..)

Eg hadde selvfølgelig glømt hua (urutinert, Drarvik!)
Men eg fekk låna, og så fekk Marte låna mine pulsvarmarar.
Grei deal!

Ska innrømma at eg va mest opptatt av utsikten ner mot Hylsstråndå.

Men jammen va det ganske fint utøve og!


Me skreiv oss i bokå, så nå e det dokumentert, blått på kvitt:
Oddbjørg har vore på Hellandsnuten.



tirsdag 18. oktober 2011

We're going where the sun shines brightly

 Eg drog te Spania, eg! Første del av ferien tilbragte eg med sol, sommar og Tone Iren.
Det va ufattelig herlig! Et bilde seie som kjent mer enn tusen ord, så har ikkje tenkt å skriva så masse, heller visa litt av ka me tok oss te. Men nå ska det jo var sagt at det gjekk møkje i det sama:
Slakking i solå. Eg trengte det både for kropp og sjel, og det e bare ein ting å sei: Sol og basseng, det e salighetsting! Og eg blei faktisk, tru det eller ei, bare litt solbrent! Med unntak av et lite område på ryggen som gav meg det nya navnet Røde Halvmåne...




Tone Iren og verdens lengste putetrekk.
Latterkrampemateriale!

I Spania e det ikkje lavkarbo som e tingen.
Frokostblanding med sjokoladeflak!
Sjokoladen gir deg sånn kropp, nemlig!
Lavkarbo...pfff.



Sånn såg huset ut.
Søndagstur på marked.
Og gjett om jentå kan pruta!
Sjømannskjørkjå i Torrevieja.
Og Tone Iren, da.
Tone Iren sine mesterverk: Plakatane!
Utsikten fra rommet mitt.
Detta stod eg opp te!

Her (og stort sett bare her) tilbragte eg tirsdagen.
Tone Iren va på jobb, eg nøyt livet :)
Nordmann, sol og Middelhavet.
Ein tur inn i Torrevieja og markedsvandring
langs strandpromenaden? Heilt greit.
Sånn ok pluss, liksom.

Ispause i solå må alltid te!

Ein kver butikk med si egen ku e vel verdt et besøk.


Før eg drog heim va eg ute og tok avskjed med bassenget.
Fremdeles kvite, men dog oppvarma, norske bein.



mandag 10. oktober 2011

The sun always shines on TV

Et hurrarop fra Spania: Her e det godt å var!! Nydelig hus i nydelig område (jentå har ordna seg godt...), sol, varme, basseng og det aller besta: Tone Iren! Det e ein fest:)

Men det eg egentlig vil her eg sitte, e å reklamera litt.
På fredag den 14. (altså nå på fredag), syns eg alle ska skru på nrksuper klokkå
ti øve seks. Då begynne nemlig Vaffelhjarte! Nrk har lagt tvserie av Maria Parr
si ufattelig herlige debutbok. Ennå ei av mine bekjente som gjer det skarpt;)


Maria Parr: Vaffelhjarte


 


Bokå e knallbra, og eg GLEDE meg te sjå na på tv!

Musikk av Odd Nordstoga kan me alltid lika, her e musikkvideoen som kan frista
deg te skru på tven på fredag, viss eg ikkje klarte det med entusiasmen min:

http://nrksuper.no/super/vaffelhjarte/musikkvideo/

tirsdag 4. oktober 2011

Only a fool


Denna va det ei av facebook- vennene mine som la ut i dag.
Eg stjal an, for eg følte meg truffen.
I dag e eg ein av dei som motbevise at folk ikkje kan bli dummare.

I flere dagar har eg blitt mint om at eg ska sjekka flytidene på Spaniaturen, for å finna ut om eg kan ta flybussen, eller om eg faktisk må kjøra. Og eg har tenkt at "jada, jada, eg SKA sjekka, men eg har jo billettar, og alt e på stell. Ikkje stress." Så i dag, endelig, sjekka eg. Ser ut for at eg må kjøra. Men så sveipa blikket nerøve det som står med litå skrift,og traff den delen om gyldig identifikasjon.
Du vett det øyeblikket der du bare slutte å pusta, alle muskler stivne
og alarmklokkene i håve hyle i protest.
Jepp. Der har eg vore i dag.

Eg ska te Spania. På lørdag. Og passet mitt, som eg trenge for å faktisk komma meg te Spania, det har eg i Sauda. For det syns eg va lurt, nemlig. Eg blir så SINNA!

Nå har eg heldigvis ei mor som kan ordna alt, så eg ska få passet mitt i mårå.
Men det burde ikkje vore nødvendig! Argh. Lærar-alzheimers eller ikkje, detta blir for dumt.
FRES!

Sånn. Nå har eg fått ut litt frustrasjon, og kan kanskje få gjort litt mer fornuftige ting.
Det hjelpe lite å hissa seg opp, nemlig... Hmf.

søndag 2. oktober 2011

I've been a wild rover

Hurramegrundt, så vekene går!! Om seks dagar reise eg te Spania. Herlighet.
Det e jo snart jul!
Det har vore ei ganske travel veka igrunn, med foreldremøte
og masse leking med Elisabeth. Me gjekk tur på onsdag, det va igrunn der det begynte 
(korøvelse på mandag kan me jo óg rekna med, når eg tenke meg om). 
Ein aldeles vill tur med gjørma te opponna armane, femkløverplukking 
og klatring på vaklevorne murar med piggtrågjerder på. 

For kem gidde nå egentlig å gå den oppmerka turløypå? 
Slikt e for pyser, sa Oddbjørg og Elisabeth. Det me dreiv me va iallefall ikkje for pyser, det e nå heilt sikkert. Usikker på kor Finnøybuen lærte å laga murar, men di burde tatt det kurset opp igjen. Eg har skjelden vore innom så mange vinglete steinar på ein kveld. Og når då Elisabeth sette seg fast i piggtråden eg står der og vingle og holde i, seie det seg sjøl at eg ler så eg holde på å komma vekk. Og heile veien gaulte me på "and it's no, nay, never. No, nay, never, no more!" Turen endte med at me klatra inn i ein hage. Det va onsdag. Torsdag va det foreldremøte, fredag åt familien te Elisabeth med diverse gjester reker (eg åt loff, ka mer e nytt?), og lørdag va eg Elisabeth sin personlige slave. 
Hagearbeidar og pizzabud, det e meg!
I dag har me vore på ein aldeles fenomenal tur te Sauda og sunge med koret. STAS!
Mor og gjengen hadde stelt te et kjempeopplegg, og me bare koste oss :)

Så det har igrunn vore ei Elisabeth og Oddbjørg- veka. Det e sånnt me syns e heilt greit!



Eg fant et bilde av Elisabeth på facebook.
Mer pynta enn eg nåkengang har sett na,
men det E rett dama!


And it's no, nay, never! No, nay, never, no mooooooooooore!

søndag 25. september 2011

I wonder how, I wonder why

Eg lure på mange ting.

Eg lure på koss ein høgståande person i Pakistan kan senda ein lastebil med mat te ein godseiar som sikkert har det an trenge, rett forbi ein landsby der folk kave for å overleva.
Eg lure på koss han muslimen eg nettopp såg på tv kan sei og meina at sjøl om man e født i et område, trenge man ikkje følga reglene der. "Sjøl om du e født i ein stall, trenge du ikkje oppføra deg som ein hest"...
Eg lure på koss i all verden tyrefekting blei ein sport.
Eg lure på koffor det e så fint vær nere hos Tone Iren, mens eg snart regne vekk.
Eg lure på koss i all verden, i et så rikt land som Norge, me ikkje får TE det her med eldreomsorg (og ikkje kom her og skyld på sjukepleierane, for då kan det var eg blir alvorlig grinete...).




Eg lure på koffor det ikkje e mer diskusjon rundt shariah 
"domstolane" i Storbritannia.

Eg lure på om du skjønne at eg nettopp har sett nyheter?

tirsdag 13. september 2011

Poetry in motion

Eg har ufattelig mange flotte venner. Og ikkje minst e mange av di utrulig flinke!
Di synge, di spele, di overleve triatlon, di oppdrar ungar, 
di stikke sprøyter i folk....det vil ingen ende ta.
Og nå i dessa dagar e det altså ei av mine vennninner som gir ut diktsamling. 
Te nå har hu bare delt diktå sine på anonym blogg (okei, nesten anonym..), 
men nå blir det altså bok av det.
Hu like ikkje så godt å reklamera for seg sjøl, men det koste ikkje meg
mange kalorier å gjer det!

Så her kjeme altså ein reklamesnutt, ein anbefaling, ein inderlig velmeint ordre:

Gå inn på http://www.diktfordagen.com og kos deg med herlig, levande kverdagspoesi! 

Og viss du like det du lese....bestill deg ei bok, vel! :)


I og med at snellå foreløpig e sånn nåkenlunde anonym  kan eg ikkje akkurat 
legga ut bilde av na.
Så eg slår te med et glimt fra kulturstien på Bru.
Ikkje gått kulturstien ennå, seie du? Ta deg samen menneske, og kom deg ut!



Landingsplass for englar.

søndag 11. september 2011

Lause ting

Eg har stemt! Eg har meka meg ner på rådhuset her på Judaberg og sagt mi meining om kem som ska styra både her og der. Har brukt ein del tankeenergi på forhånd for å var sikker på kem eg egentlig vil ha inn i diverse styrer og råd. Viktig å var sikker på at eg har rett te å syta og klaga viss nåken andre enn dei eg stemte på får makt og myndighet, og dei ikkje gjer sånn så eg syns di sko gjort. Kan ikkje klaga viss eg ikkje har gjort ein innsats for å forandra! Men det e løye med det...sjansen for at eg kjeme te å merka ein enorm forskjell i dagliglivet mitt ette å ha fått ny ordførar elle soknerådsformann e vel ikkje enormt stor. Men e jo lov å håpa på nåken endringar, vertfall ;)



Rognå på kjørkeveggen vokse lika godt sama
kem så sitte i soknerådet. Tenk det...


Sånn ellers går ei laaang veka mot slutten. Det har vore masse å forholda seg te denna vekå, mange tankar og meiningar, mange lange samtalar, mange seine nattetimar. Eg har alltid behov for å finna musikken som passe te sinnsstemningå mi, men denna vekå fant eg ikkje rette sangen før eg snakka med ei venninna ein kveld. Hu siterte ein Odd Nordstoga sang som eg ikkje har hørrt på på lenge.


Alt for mange lause ting
alt for myrke krokar
alt for mykje skummelt rot
alt for store flokar
alt for store rom
alt for mange ord
alt for mange gode råd
gjev alt for mykje tenkje på.



Den satt.

Nå e det på an igjen. Ny veka, nye muligheter, tjohei!

lørdag 3. september 2011

Hurra for deg

Og vekene går... E visst et tegn på at man begynne å bli gammal når 
man syns tiå går fort.Oh, well. Det går vel den veien med oss alle. 
Tiå fyke vertfall her om dagen. Denna vekå har eg undervist i mat og helse for første gang. Det kjeme te bli et underholdande år:)
Et kjøkken kreve nåke ganske aent av elevane enn et vanlig klasserom. 
Av meg og, for den saks skyld. 
Eg lærte masse!

På onsdag blei Live ett år. Hu e iallefall ikkje gammal ennå. Eg kjørte rett fra jobb for å feira skjønningen. Alltid koselig med familie og barneselskap!
Ettåringen :)

torsdag 25. august 2011

Forget me not.

Eg har ete så latterlig masse kakekrem. Kvalm? Eh. Ja.
Men det BLIR kaka på jobb i mårå. Forutsatt at eg huske å ta na med.
I går gjekk eg på jobb med ein øyredobb, og i dag fant eg ut at eg ikkje hadde blogga i går likavel.

Eg e fersk kontaktlærar, og absolutt alle tankar e fokusert på å gjer ein skikkelig jobb.
Eg nekte å glømma nåke i den forbindelse.
Med det lekre resultat at det ramle litt ting neri sprekkene sånn ellers i livet. Har eg vore og handla to ganger i dag? Ja. Hadde eg vore heima og lagt lista før den første turen? Ja.
Slutta eg å skriva ei lang stund nå, fordi eg kom på nåke jobbrelatert? Ja.

Balanse. Det e målet. Men eg har ein vei å gå.


Eg e tebake på tomatholmen,
men eg har glømt å kjøpa tomater.

søndag 14. august 2011

Paint me a blue sky

I mårå e det jobb. Og som vanlig ette sommarferien sitte eg igjen med et einaste spørsmål: Kor fillen blei ferien AV? Det e sprøtt kor fort tiå går, eg kjeme te var pensjonist før eg får snudd meg.


Men sjøl om sommaren va altfor kort, og igrunn mangla dei heilt strålande soldagane, kan me jo var enige om at det va ein gilde tur!

Nåken øyeblikk fra sommaren 2011:


Kodakøyeblikk i heiå

Nåke kjølig dukkert på Breiborg

Tiårig båtglede

Ein fossedusj

Bakeopplæring


Engelskmann med utsikt
Båttur på Hylsfjorden

Badetøy e for pyser!

Happyclappy gruppebilde

Klatre- og vassebehov på Buer.

Fornøyd med ferien?

Tja, lat oss oppsummera: Familie, gode venner, nye sider i sitatbokå, kodakøyeblikk, hysteriske latteranfall....trenge me egentlig mer?

For all del, hadde ikkje sagt nei takk te ei veka te....;)

Menmen. Skulestart.
Bring it.