Her e da middagen min, ein fisk som va ein anelse større enn nåke eg nåkengang har fått i meg på ein gang. Mulig det hadde gått an viss an va av sjokolade, men haaallo. To makrellhalar e min versjon av ein skikkelig fiskemiddag. Ei heil hysa? Null sjans. Og ette at Maggie hadde funne halen og påpeikt at "there's probably an eye in there somewhere", begynte eg i hale- enden. Og slutta og eta når eg va mett. Lenge før eg kom te der auene skulle vore, med andre ord.
Me, my fish and I. Fotobevis te ære for mor, som tvile på at eg får i meg nok fisk.
Høydare på Ghost Walk: The headless bride..
Ellers fekk me sjå kor ei jenta hadde overlevd pest, men ikkje kom seg ut av huset og sulta ihel, kor det hadde stått ein barneheim der ein mann hadde kutta strupen på alle ungane...
Masse glede og kos, med andre ord.
Emelie e skrekkelig redd for spøkelser, men aller mest redd for at den fuglen som dreit på Maggie ska komma igjen..
Den skumle atmosfæren va igrunn perfekt i York sentrum i går kveld. Mørkt, med skodd og røyk i luftå. Einaste va at ein som prøvde å sprenga parlamentet, må jo nødvendigvis feiras med fyrverkeri. Så den spøkelsesaktige stillheten va ikkje-eksisterande, og ofta måtte guiden vår venta litt med å snakka, for han drukna i pang, pang, pang, knitre, knitre...
Good times!
2 kommentarer:
"Remember, remember the 5th of November. The gunpowder, treason, and plot. I know of no reason why the gunpowder treason should ever be forgot."
"People should not be afraid of their governments. Governments should be afraid of their people."
Haaaha! Eg droppa å putta den inn, for innlegget va allerede så langt. Men det e godt du informere massene:)
Legg inn en kommentar