mandag 15. februar 2010

I could be brown, I could be blue, I could be violet sky.

Altså, normalt e det ikkje så veldig stress å var fargeblind. Bortsett fra at eg igrunn hadde syns det va litt stilig med flysertifikat (det får eg ikkje lov å ta), så e det jammen ganske lite det plage meg. Sortera perler e styr, når eg rydde i et kinasjakk ler folk av meg, plukka tyttebær i dårlig lys e mer enn bare litt utfordrande, eg tape i ligretto..men ellers går det nå stort sett greit.

Heilt te det plutselig blir frustrerande likavel.
Som for eksempel på fredag når Oddbjørg hadde lyst på chips. Skikkelig ubegripelig lyst på chips. Så lyst på chips at før eg og Meaghan kunne sjå film, måtte me stikka på Costcutter og kjøpa chips. Eg e (i forhold te engelskmenn) ganske kresen på chips. Det ska helst bare var salt. Te nøds pepper elle paprika, ein gang kvert jubelår ete eg Mexian Fiesta (og drømme meg tebake te weekend med Gnisten, men det e ein aen historie). Ost? Nei. Løk? På ingen måte. Den forbaska eddikken engelskmenn putte på alt? Spar min arme sjel! Så eg fant dei røde posane. Dei posane som inneholde chips med bare salt på. Nå ska det var sagt at den typen chips eg har slått meg på, blir av ein elle aen grunn ikkje solgt som ein stor pose chips. Neida. Bittesmå posar, og viss du vil, kan du kjøpa store posar med mange små inni. Dei små e på 25 gram kver, så du syns liksom ikkje du har begynt å eta før posen e tom. Så, i og med at eg hadde skrekkelig lyst på chips, gjekk eg for ein tolvpakning. Passe diger pose.. Men eg tenkte som så, at eg trengte jo ikkje eta alt på ein gang. Gjekk heim med fryd i sjelen. Me hadde romantisk komedie og chips. Livet va bra!

Heilt te eg åpna nevnte tolvpakning og plukka ut første posen. Den va rosa. Den skulle ikkje var rosa. Den skulle var rød. Eg blei lettare forvirra. Ved nærmare undersøkelsar viste det seg at det va røde, rosa, grønne og blå pakkar med chips oppi der. Når eg studerte posen grundig, fant eg nåken striper i andre fargar enn rød som fortalte at det va faktisk fira forskjellige typar chips oppi. Dei stripene hadde gått mitt fargesyn hus forbi. Fres. Der satt eg med tolv små pakkar chips, og bare tre av di va etande for meg. Dobbeltfres. Den rosa eg plukka opp først hadde den skjønne smaken av Prawn Cocktail. Yeeesh. Men eg tenkte eg sko var flink jenta og prøva, vertfall. Det blei med prøven. KOFFOR lage di chips med rekesmak? Det burde vore lover mot sånnt.



Her endte historien, trudde du. Neida.


På lørdag vaste eg meg ein tur ut te Monk's Cross (ca 25 min å gå) for å sjå om eg kunne finna ei luftmadrass. Det fant eg, og når eg gjekk forbi hyllene med chips, tenkte eg at eg kunne jo plukka med meg ein med salt. Siden det eg hadde igjen heima va fullstendig ubrukelig. Så eg tok med meg ein RØD sekspakning, sjekka at det ikkje va nåken andre fargar på posen, gjekk heim, åpna posen og plukka ut ein minipose. Den va blå. To små posar va røde, dei andre va blå (cheese and onion) og grønne (salt and vinegar). Ost, løk og eddik.




Gremmelse.




Nåken som har lyst på chips? Eg har! Tolv posar, for å var nøyaktig.

lørdag 6. februar 2010

You've burned your breakfast so far.. things are goin' great!

Før Maggie reiste tebake te USA te jul, ga hu meg et oppdrag: Ta med Sam på Morrisons og handla mat. Og dokumentera, selvfølgelig.

Nå kan det passa med litt bakgrunnsinfo om Sam. Han e 18 år, bur heimafra for første gang og ete mindre og masse mer uregelmessig enn meg. Fullstendig avhengig av Starbucks, ane ikkje kossen man steike ein ferdigpizza (han fekk det rett og slett ikkje te..) og innte desember 2009 trudde han at reinsdyr va lika oppdikta som julenissen.

Needless to say, det va ein festlig handletur..
Handlelista må ein kver matvarehandlar med respekt for seg sjøl ha.
Akkurat rekkefølgen på denna e vel ikkje heilt tradisjonell, men..


Meaghan, ei av mine nye husvenninner, va med oss og lo av oss.
Ein viktig jobb, som hu utførte med stil.


Ferdig handla og meget stolt av seg sjøl. Han sammenligna
følelsen med første gang han klarte å knytta skoå..



Oppdrag utført!

Denna syns me bare va gøy pga navnet.

Moo Chocolate Creaminess. Det blir ikkje bedre.

Det hørre med te referatet at bortsett fra å var komplett udugelig te alle ting relatert te mat (og reinsdyr), e Sam ein meget trivelig kar som e skikkelig flink inkludera alle i samtalar og sosiale sammenhengar. Og han e absolutt ein kilde te underholdning for oss som ser på oss sjøl som voksne og erfarne. Sitat: "I'm at Morrisons, but I can't find you. I'm scared."

søndag 31. januar 2010

Start of something new

Siste avskjed for denna gang e overstått, Silke drog i dag. Så nå e alle dei tre jentene eg hang med den første vekå her i York vekke. Bare meg igjen, gitt. Egentlig litt deilig at det e gjort. I mårå begynne det nya semesteret, og eg ska prøva å følga den komplett uforståelige timeplanen min. Det gjelde å putta mest mulig info inn på ein plan, sånn at det ser ut som om eg ska gjer minst to ting på ein gang. Velkommen te universitetet. Planen e å dukka opp på det som ser mest sannsynlig ut, og sjå om nåken går laus på meg fordi eg ikkje va testede ein aen plass. Sånne planar går stort sett godt her i landet, for eg e utlending og blir tilgitt det mesta. Eg e nok bare litt treg, elle så har eg misforstått nåke. Ikkje for det, dei engelske studentane skjønne ingenting dei heller. Forskjellen ligge i at eg har lov å var dum. "Oh, you're an international? I see. Now, let me show you how this works."

Pirat-Silke, nå på vei tebake te Tyskland..

På fredag va eg med ein del av dei nye internasjonale te York Designer Outlet. Der har eg ikkje vore før. Tanken va "ka ska nå egentlig eg der å gjer?". Nå blei eg med mest for å anskaffa meg nåken nye venner. Funka greit det, men jammen hadde eg ganske rett i mistankane mine. Eg har aldri vore videre opptatt av dyre merker. Mange av navnå på butikkane sa meg null. Men eg trur nok at ei viss storesøster kunne trivdes ganske grundig der ute. Sikkert lika greit at me ikkje drog, tålmodigheten min hadde holdt te ca fem meter innforbi dørå.. Endte opp med å handla litt nye innslag te mitt raskt voksande arsenal av galskapsklær (irrgrønne lakksko og digre knallblå øyreringar..) og ein slikkepott (Le Creuset, einaste butikken eg såg og tenkte DER ska eg inn..). Designersjapper e bortkasta på meg.. Men nå har eg sånn slikkepott som mor og Liv Ingunn har:)

søndag 24. januar 2010

Time to say goodbye..

Jaha, så va det overstått. Omtrent alle dei internasjonale vennene mine har forlatt åstedet. Denna helgå har vore fylt med avskjed ette avskjed, masse tårer og løfter om å holda kontakten. Tre av dei fira jentene eg har budd med har reist, så nå e det bare meg og Mary igjen. Me får nye bufeller sånn i mårå ein gang. E ikkje heilt sikker på ka eg syns om det. Ville heller beholdt dei eg hadde. Men, sånn e det nå bare. Emelie reiste på fredag, og Elisabeth i dag. Dei første vennene eg fekk her i York, trygt tebake i Sverige. Og her sitte eg, i et så godt som tomt hus og e gla for at eg ska i kjørkå om ein time. Ellers hadde eg gått på veggene.



Maggie, som drog før jul, og Emelie, som eg fulgte te toget på fredag.
Jada, grining i full offentlighet miste aldri sjarmen..

Dei fira jentene eg har budd med si september. Anne, Laura, Mary og Bianca.

Laura, som budde på rom 3.Hu e verdens herligste "dutchie",
og har lovt å komma tebake på besøk.



På pluss-siå e det vilt kor masse ting og tang som regne ner øve ein stakkar når alle ska pakka og du blir igjen. Så nå har eg mer enn nok av både dyner og puter, eg har fått meg klokkeradio og leselampe, julestjerna i vinduet (aldeles utenom sesong, men eg kan jo ikkje bare hiva na heller! Eg fekk na jo av Laura! Kjeme uansett te å ha tatt kverken på stakkaren innen januar e omme..), masse mat, snop og tegnestifter. Når eg ska flytta, hive eg alt øve på Mary. Grei ordning.

søndag 17. januar 2010

Blame it on the weatherman

Dear Students

In view of the severe weather conditions, if anyone is unable to travel to the University to submit work for assessment, the Faculty will accept work by post.


--Detta e konsekvensen av et par centimeter snø i England.. Eg leste mailen, kikka ut vinduet og tenkte "hjelpe meg..". Ute va det grått, litt regn i luftå og slaps. Severe weather. Jammen va det godt eg allerede hadde levert oppgavå mi, for neimen om eg hadde kommt meg te universitetet i det været.


Nå for tiå kan me skylda alt på "severe weather". Forsinka fly og kansellerte tog (velkommen te min verden), for seint leverte oppgaver, fulle kinosalar, våte sko, dårlig humør..

Så eg har bestemt meg for å sei at grunnen te at det har gått så lenge si sist eg blogga e severe weather. Trenge ikkje bedre forklaring enn det.


Ellers e livet stort sett fint. Glede meg te tirsdag ettemiddag, når eksamen e overstått, men ska ikkje klaga så voldsomt. I detta været ska me visst var gla me overleve;)


Snø i England e ein opplevelse. Eg trur ikkje di vett ka snømåker e for nåke. Når eg kom tebake te Limes, va heile plassen dekka av våt snø. Her og der låg det klattar med sand, som selvfølgelig ikkje hadde gjort aent enn å synka ner i snøen. Einaste plassen det va bart va utforbi hus nummer 1 te 4. Silke (herlige Silke) hadde tatt affære. Hu fant seg ein spade og fekk ut litt aggresjon. Alle fortau va fulle av slaps, og folk slingra rundt som lettare berusa pingvinar. Heilt blanke på ka man ska ta seg te viss det kjeme nåke kvitt fra oven.


Men me kan vel ikkje klandra di. Det e jo severe weather, tross alt.

Severe weather i Norge. Eller vinter, som eg like å kalla det.

onsdag 23. desember 2009

Kvelden før kvelden

Det e stille i Søndenåhaugen 29. Alle har lagt seg, dei voksne slitne ette å ha kava med å få alt i stand te jul, ungane med forventningå kriblande i kroppen. I mårå e det jul! "Visste du det, Moster Oddbjørg, at i mårå e det jul?" Joda, eg visste det. Og nå e det klart. Nå kan julå bare komma. Eg må bare dela ein sangtekst først.
Ein av mange salighetsting her i verden e sangtekster og fine melodiar. Denna her har eg rappa fra Jul i Blåfjell, overhodet uten tillatelse.

Det er kvelden før kvelden i kveld.
En stund med stille ro.
Vi tenner et lys for deg som ble alene,
og et lys for den som dro.
Vi tenner et lys for deg som ble alene,
og et lys for den som dro.

Det er kvelden før kvelden i kveld.
Vi sitter ved vårt bord.
Vi tenner et lys for alle som er redde
på vår store, runde jord.
Vi tenner et lys for alle som er redde
på vår store, runde jord.

Det er kvelden før kvelden i kveld.
Og himmelen er blå.
Vi tenner et lys for at lufta og jorda
skal bli renere enn nå.
Vi tenner et lys for at lufta og jorda
skal bli renere enn nå.

Det er kvelden før kvelden i kveld.
Vi har det varmt og godt.
Vi tenner et lys og takker for livet,
og for alt som vi har fått.
Vi tenner et lys og takker for livet,
og for alt som vi har fått.


Einaste så mangle i den sangen e Jesus. Så da må eg legga te et vers fra ein aen sang og,sånn at eg får med ka julå i bunn og grunn handle om:

I det stille til de små bringer Jesus håp og fred.
Og han kommer, da som nå, fra sin himmel til oss ned.
Julenatt med lys og glede minner oss om Gud som kom.
Evig er han her tilstede. Nå står grav og krybbe tom.


God jul.

tirsdag 15. desember 2009

Joy to the world!

EG HAR FÅTT IGJEN PCEN MIN!!!!

Og kan nå skriva så mange åar og æar og øar som eg bare vil! Måtte bare skifta tastaturet tebake te norsk først, reparasjonsfyren hadde endra littegrann. Men det e GLEDE og fryd i heimen! Eg har ikkje mista verken bilder eller filmar, og livet e godt. I dag har eg levert tre oppgaver. Gjorde det lenge før fristen, for da kan eg bruka dei siste dagane i York før jul på kjekkare ting. Juleshopping, lunsj med venner, julekortskriving etc. Einaste e at eg må sei hadet te dei av vennene min som ikkje kjeme tebake ette jul. Det e mindre trivelig. It's a cryfest, som Emelie så fint seie. Første tårene kom i dag ette lunsj. Ka ska nå folk ta bare ett semester for? Fullstendig uforståelig. Men me ska gjer det mesta ut av dei neste dagane! Her ska det bli avskjed med STIL.

Og så har eg jo for all del venner som ska var her heile året. Og siden eg trenge ein disk med et sånnt festlig opplastingsprogram for å få putta dei nye bildene mine inn på pcen (og den disken e i Noreg, mitt Noreg), ska eg jammen putta inn nåken bilder av sånne venner:

Beki (akkurat her litt kald, men ellers herlig), Abi (med stripete genser, aldeles skjønn) og Matt (ser ut som han tenke på å stupa, og det gjer han sikkert og..)

Chrissy og Katie (alle har kallenavn i detta landet...), glajenter.

Matt, Scott, Andy og Phil. Villaste gjengen..

Anna, som teipe fast sykkellyktå si med blank teip og bruke refleks i mengder. Fryd!

Og ellers masse andre kjekke folk. Så eg ska alltids klara meg:)