lørdag 30. november 2013

Kanskje kommer Kongen

Kongen va der ikkje, men for snart to veker si
(livet e travelt...) fekk Trond Spanne, som eg går i kor med,
Kongens fortjenestemedalje. Hurra for han, vel fortjent!

Me i koret  fekk var med på feiringå, me både sang og fekk goood mat.
Men det gjekk opp for meg den kvelden at det å bu og eta aleina,
det går hardt utøve evnen te å eta som folk...
Kort sagt, bordskikken blir litt rusten.

Eg e vant te å eta middag i sofaen, med tallerken i håndå eller på fanget.
Denna kvelden fekk me ei knallgod suppa, servert i store skåler på et
flott dekka bord med snøkvit duk. Eg fekk et problem.
Nå for tiå, når eg ete suppa, holde eg skålå nesten opp te hakå.
Så søle eg ikkje.
Men eg kunne jo ikkje godt gjer det i fint selskap!
Har du nåken gang tenkt på kor langt det egentlig e fra bordet og opp te munnen?
Det tenkte eg på den kvelden. Eg tenkte ganske masse på det.

Hadde eg bare vore i lag med venner og kjente, sko det nå vore null stress. 
Men det va liksom ein fest med ein haug ukjente, med ordførar, varaordførar,
leiar og nestleiar i bondelaget, leiar i idrettslaget....Yeeesh.

Nåken kveldar seinare va eg på besøk hos ei eg ikkje kjenne så veldig godt ennå,
me spelte spel og koste oss. Blant aent fekk me popcorn. Og eg lure:
Når man ete popcorn, og får fingrane fulle av fett og salt, og ska lesa spørsmål
fra spelekort...ka då? Du ska jo helst ikkje verken slikka fingrane eller tørka di på
bukså, ei heller på genseren te den som sitte ved siden av deg. Ska du ha ein serviett
liggande i fanget og tørka deg kver gang du har ete nåke? Det funke vel på et vis,
antar eg, men må jobba litt med å legga meg te den vanen...

Nå på torsdag va det juleavslutning med utdanningsforbundet. Først ein apetitt-vekkar,
og så tre retters middag. Hysteriske mengder bestikk klar te bruk.
Eg har sett Titanic, der seie di at man ska begynna ytterst. Men når det ligge ei skei
på tvers av servietten, som ligge der tallerken nødvendigvis må stå?
Eg kom ifra det med helså, men hadde ein gaffel igjen. Vett ikkje ka ti eg sko ha brukt an...
Men klarte jo ikkje å eta opp maten min. Eg skjønne at det e fint å få maten
servert og dandert og sånn, men då, verdens kokkar, må dokke takla at eg ikkje klare
å dytta i meg alt dokke legge på tallerken! 
Ideelt sett skulle eg hatt ein personlig kompost, ein som kan eta opp det eg ikkje klare. 
Det hadde eg når me va på klassetur med Hvite Busser.
Livet va enkelt!

Det e godt det e Trond, og ikkje meg, som ska te Oslo og møta Kongen.

Et glimt fra ei enklare tid. Kun ein kniv og ein gaffel.
Viss me ville, hadde me tallerken i fanget.
Og den største utfordringen va å huska
ka for nåken stykker det va sopp på og ikkje.
 

Forresten sølte eg suppa på den kvite duken på Utsyn. Sorry.

tirsdag 12. november 2013

Så kom der fram ein gamal mann

Altså.
Eg surra litt rundt i gamle dokumenter på pcen.
Eg fant ei "bucket list". Nærmare bestemt, eg fant ei lista øve
ting eg ska ha gjort før eg fylle 30.
Ei lista eg skreiv når 30 va litt lengre unna.

På listå va det 10 punkt, og nei, eg har ikkje tenkt å referera alle her.
Problemet mitt e, at eg har gjort ein av dei ti tingå. Ein.
Og det e absolutt nåken der som eg kan klara, sjøl om deadline nærme seg
med kjappare skritt enn eg egentlig sette særlig stor pris på.
For, for all del, eg ska klara å få sett It's a wonderful life.
Den står jo i hyllå og bare vente på ein anledning.
Læra meg å plystra skikkelig høgt, det burde kunna gå an.

Men ser jo at eg har ein ferie å bestilla. Og nåken spekkhoggarar eg
fremdeles bare har sett på film. Pluss et par ting te, som eg akkurat nå
angre litt på at eg skreiv ner i det heile tatt.

Crap. Kem sin idé va det nå egentlig med sånne lister?
Og koffor i ALL VERDEN satte eg deadline på 30?
Eg sko heller skreve før eg dør. Det e jo forhåpentligvis litt lenger te.

Temmelig sikker på at når eg først kjeme te 29, då blir eg der.

Ah, 2009.
Året eg blei 24. 25 va fremdeles langt unna,
og 30 bare ein fjern mulighet.
Ut på tur på Voss i Natalie si hua med
ustoppelig humør.
Ka skjedde?

Eg trur eg kjeme te komma i midtlivskriså innen ei veka...
Neste gang eg lese gamle dokumenter, vil eg det ska var nåke mer oppløftande.


Kaffor eg ikkje legge ut heile listå?
Lat meg illustrera med et eksempel:

Sam va på besøk i Sauda. I løpet av det besøket klarte han å uttala at
"I don't think I ovulate".
Sam lånte foreldrene mine sin pc, og logga seg på bloggen sin.
Sam logga seg ikkje av bloggen sin.
Så eg, som den gode vennen eg e, la ut det lovely sitatet. På hans blogg.

Ka han sa?

"Hey, my grandma reads that!"