Viser innlegg med etiketten Flauser og galskap. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Flauser og galskap. Vis alle innlegg

torsdag 9. oktober 2014

She's a wild one

Nåken samtalar har mer ringvirkningar enn andre.
Ein kveld i forrige veka ringte Elisabeth med et forslag.
Me hadde snakka om at me hadde lyst å dra på tur, men me visste ikkje kor.
Så, vett du, ringe telefonen. I andre enden e Elisabeth, som seie:
"Oddbjørg, kaffor må me ha ein plan? Kan me ikkje bare ta med ei madrass
baki bilen og kjøra?" Needless to say, det va den beste idéen eg hadde hørrt på
lange tider.

Så, fredag kveld, ette litt krangling med møbelstoff, satte me oss i bilen.
MAKAN te festhelg ska man ha trøbbel med å grava fram.
Og siden et bilde visstnok seie mer enn tusen ord (og siden eg
strengt tatt ikkje burde skriva så masse...),
her e vel ein døyt 30 000 ord om tidenes tenåringshelg starring
Elisabeth og Oddbjørg: Christopher Columbusing i bil.

Forresten: Det e nødvendig å nevna at helgå sine to ord va kjenslesam og opprøyrd.

Tanking på Askje på vei ut i verdå.

Maskotar må te på roadtrip.
Me hadde med Mickey og Minnie.


Me kom ikkje himla langt fredags kveld.
Her e utsikten fra "soveromsvinduet" mitt.
Hellestø by night.
Bilde tatt ette høgtlesing av Salme 39,
og rett før helvetesdebatten.
Same utsikt, litt mer lys.
Tidlig på an, kan du sei.
Bilde tatt rett før eg velta ut for å prøva å retta
ut det trekkspelet som ein gang hadde vore
ryggraden min.
Det e ikkje alltid eisyttimasse øve havet
e bare ein fordel.



Kem trenge mer enn ein bil og ein parkeringsplass?
(Og et do eg ikkje har savna et minutt ettepå,
dei som ein gang gjekk i Gnisten huske gjedna
odøren på YAP-hyttedoen i Maldal?)
Ein liten anelse trøtt og urven, men klar for nye eventyr med
M,M og E.

Ut på tuuuuur!

Me inviterte oss sjøl på frokost te venner på Undheim.

Elisabeth, Kjell Einar og Gunn Berit.

Prosjekt "strekk ut ryggrad", del to:
Tur te Steinkjerringå.
Med guardian angels på skulderå.

Det regna ein liten anelse av ein smule,
og den store blesten gjorde sitt beste
for at det sko ta heilt av.

Me skulle egentlig kjøra rett videre ette gåturen,
men me blei så inderlig våte at me drog tebake
te Gunn Berit. Og pizza. Og tørketrommel.

Fått på tørre klær, det hjalp!
Heilt te me satte oss tebake i våte
bilseter..

Klestørk i baksetet.

Fiiine Jæren!
Som eg tok bilde av fra bilvinduet,
alt for tiltak å gå ut.

Altså. Det fins ein plass som hette Ytstebrød.
Det seie seg sjøl at me kjørte dit,
bare navnet e jo ein fest!
Og det ska var sagt om Ytstebrød:
Finfin plass for ein midtpådagenkvil!

Når du våkne baki bilen midt på blanke dagen,
og det går folk forbi,
då gjømme du deg onna dynå te di e gått igjen.
Og ler. Du ler i det heile tatt ein god del på ein sånn tur.

Hus hadde me ikkje, men me hadde Villa!

Me kom oss aldri te Steinkjerringå pga ugunstige
vær- og føreforhold. Men fant ein aen steinfigur ute langs
Nordsjøveien. Eg sang Lovise Lind for an.
For sånnt gjer eg.

Kan du ikkje Lovise Lind, seie du?
Ta deg samen, menneske!
Forresten e eg GLA i hav og sjø og vatn og sånn.
Her kunne eg vore leeenge.

Men eg trur kanskje eg hadde fått klaus her.

Steinras, steinras, svelt ihel.

Å sova i bil e ein fest.
Det blir aldri så morsomt å sova i ei seng.
Men det ska var sagt, at å komma te Lyngdal
og hyttå te Silje og Leif Jakob, fylt med massemasse
herlige folk...det va ikkje feil å sova heilt utstrekt i
ei seng her. Me fekk heldigvis dobbelseng,
så me fekk ikkje abstinenser ;)
Dessuten fekk eg dusja. Salighetsting!

Fiine Silje og Anita
Eg va med og spelte kortskalle, men eg vant ikkje litt ein gang.
Seinare på kvelden spelte me Mexican Train.
Spektakulært tap for unge Drarvik.
Ganske fint på sørlandet óg!

Og ikkje så reint lite vakkert på vei heim igjen.

Å jeg, jeg kan du, elske mitt land, du!

Hjem, kjære hjem.
Ellenåke.

Maskotar i midtpådagensol!
Det e te bli kjenslesam av.


Me havna bak den her.
Han hadde finare gardiner enn oss,
men i den der hadde eg iallefall
ikkje kunna sove utstrekt!

Elisabeth, Oddbjørg, Mickey og Minnie kom seg trygt
attende te Judaberg søndag ettemiddag.
Og alle va enige om at det hadde vore
ein GILDE tur!

Oppsummerande tips te dei som måtte ha lyst te å dra på columbusing
i bil med madrass baki:

Viss du rage høgare øve bakken en gjennomsnittet,
vær forberedt på å krøka sammen beinå aldrisålitegrann når du ska sova.
Pass på å ha nødhavner med tørketromlar og pizza langs veien.
Le masse. Viktig.
Pass godt på maskotane, ingen e tjent med ein maskot som ligge forlatt
på Høgjæren.
Dongeribuksa i fuktige bilseter e ein uting. Men ikkje bli opprøyrd.
Eg anbefale å le. Funke.
Når du først har venta utforbi butikken for å komma inn med ein gang an åpne,
sjekk om osten du kjøpe e mygla eller ei. Mygla ost e på alle måtar ein nedtur.
Smil stort og strålande te alle som lure på om du e heilt skjør i skallen.

Og, for all del: Du e nødt te å lika den du drar på tur med.
Ellers blir helgå lang.

Slepp galskapen laus!
God tur :)

søndag 14. september 2014

Drip, drip, drop

Det e nåken dagar og veker som egne seg bedre te blogginnlegg enn andre.
Denna vekå begynte med ei skikkelig trist agurk eg fant inni kjøleskapet.
Ei agurk som hadde sett bedre dagar, og fekk einveisbillett te søppelet.
Tanken va å få posen ut samme kveld, men det gjekk skeis ein plass på veien.

Neste dag testa eg ut ei ny dusjsåpa. Den sko liksom lukta agurk, og ett elle
aent i tillegg. Dreiv fremdeles og prøvde å bestemma meg om eg likte luktå eller
ikkje, når eg åpna kjøkkenskapet og fekk ein forvrengt versjon av samme lukt
i fjeset med ein smell. Det va den posen, ja... Eg knytta posen sammen og bar an
ut i gangen i ein fart, gjekk inn igjen for å setta ny pose i søppelbøttå, og fant ut 
at den forrige posen hadde ikkje akkurat vore heilt tett. Eg snudde meg, og såg 
den fine stien av drypp, drypp, drypp vemmelig dødagurkvatn fra kjøkkenkroken
og ut i gangen. Gremmelse. 
Eg fekk vaska golvet den dagen, så det va jo positivt.
Men eg har et ganske ambivalent forhold te dusjsåpå mi.
Lite visste eg at dette bare va innledningen.

Onsdag. Eg sitte på skulen og jobbe. Øydis ringe og har behov for bil med 
tilhengarfeste. Og akkurat det kan eg jo ordna.
Utforbi huset te Øydis står ein tilhengar med søppel som hu og Elisabeth prøvde
å få levert på miljøstasjonen lørdagen før. Det va bare det at di va ikkje heilt stø på
åpningstidene, så di kom for seint. Nå va det åpent, og me sko få levert både søppel
og hengar der di hørrte te. Eg e ikkje akkurat ein veldig erfaren tilhengarsjåfør 
(har du sjansen, kan du spør Rannveig om mine skills på området...), så jammen e det
godt at miljøstasjonen ligge på Judaberg. Fram kom me, og ette at Øydis hadde gjort et 
heltemodig forsøk på å rygga med hengar (eg nekta), blei me enige om at me fekk bare 
bæra søppelet fra hengaren og inn. Og det e nå me kjeme te kjernen i historien:
Innholdet i den hengaren. Det va ei hattehylla fra symaskinen (min gamle Clio), som
eg hadde plukka med meg, ellers to gamle (lette) stolar som va Øydis sine, og så
ein haug med spann og skrot og søppelsekker fra Elisabeth sin husholdning.
Eg vett ikkje om du har lagt merke te at Elisabeth sjøl ikkje e te stede i denne historien?
Hu va der ikkje. Men det va søppelsekkene hennas! Og ette at me hadde frakta alle dei
enkle tingå fra hengaren og inn, begynte me å bæra sekker. 
I helgå hadde det regna.
Det hadde ikkje regna litt.
Alt søppelet va klissvått, og sekkene, som va blytunge fra før
(ikkje spør meg ka som va oppi, bortsett fra at eg e ganske sikker på at ein av di
inneholdt rester fra et krabbemåltid), hadde tatt inn ganske mange liter vatn.

Du kan sjå det for deg: Det e strålande sol på Judaberg. Oppforbi miljøstasjonen 
står bilen min, med ein hengar (litt på skeivå) bak.  Eg har slengt av meg genseren og 
surre rundt i ein av favorittsingletane mine, dongeribuksa og flate småsko.
Fira-fem blytunge søppelsekker som det renne litervis med brunt søppelvatn ut av,
og som revne når eg tar i di. Med andre ord, eg kan ikkje holda di ut fra meg for å unngå
småfossane av vatn, for då går di i fillebitar. 

Eg blei blaut. I begynnelsen va det litt sånn "fillen, nå drypte det på skoen min", og 
"isj, nå renne det nerøve låret". Det blei fort "grøss, nå surkle det i skonå".
Den siste sekken va så tung at eg ikkje klarte å løfta an uten å legga armane rundt an.
Og det va uaktuelt, til og med ette at eg hadde plukka av sneglen 
som hadde slått seg te på utsiå. Så Øydis måtte hjelpa meg. 
I og med at ingen av oss hadde lyst å få den sekken innpå kroppen, 
blei det ein del fram og tebake koss me sko løfta. Me styrte verre bare for 
å få an opp på kanten av hengaren, og der blei an ei stund. 
Du vett du e kommt te et visst punkt når Øydis begynne å banna.
Eg lo så eg grein.

Te slutt hadde me baksa og balert sekken ca tre meter avgårde, men då va livet vått og
stinkande, og sekken hadde revna heilt i toppen, pluss begynte å få ei saftig rift i bånn.
Me kapitulerte. Øydis gjekk og fant han som styre på miljøstasjonen, 
og han hadde heldigvis lite imot å hjelpa ein søkkvåt og illeluktande damsel in distress.
Ikkje ein rolle eg inntar veldig ofta, men der og da va det ingen vei utenom.

Å kjøra tilhengaren dit an sko og rygga an på plass va plutselig ikkje ein veldig
stor utfordring. Eg kjørte Øydis heim for å skifta den fina lysa bukså hu hadde på seg,
og sjøl drog eg heim og stappa alle klenå i skittentøykorgå.
Skonå har eg ikkje hatt på meg ettepå.

Så ringte eg Elisabeth.

Det va den vekå det dryppte og rant.
Og verden lukta agurk, krabberester og vått søppel.

Gammalt bilde. Masse mer medgjørlig søppelsekk.

mandag 23. desember 2013

Nå har vi vaske golvet

21. desember 2013.
Dagen då alt skulle skje, og så litt te.
Eg va trøtt og småsur igrunn når eg stod opp, men måtte jo bare
setta igang og få alt gjort. For det skulle ryddast og støvsugast, tørkast støv
og pakkast. Det skulle øvast på den hersens andrealtstemmen på første vers av
Mitt hjerte alltid vanker, som fremdeles ikkje satt. Det skulle testast cd på anlegget
te Sveinung, så me va sikre på at det ikkje skar seg om kvelden. Det skulle fyllast bensin.
Det skulle handlast litt og dusjast. Og alt skulle skje før mor kom med båten
ti øve halv fira. Julå sko jo syngast inn, så mor va i anmarsj.
Nå kom jo ikkje den båten ti øve halv fira.
For den hadde fått plast i propellen, nemlig.
Mhm. Men te slutt kunne eg plukka opp mor på kaien akkurat i tide te
å var i kjørkjå litt før FFC begynte å komma. .

For eg skulle jo dirigera kor, må veta. Han som dirigere te vanlig, han tok seg
ein tur te India han, "det syns eg va dårlig gjort", sa eg te publikum når stundå kom.
Men ungane sang dei, så di nesten blåste ut kjørkjeveggene,
og eg, eg spelte luftgitar som eg aldri har gjort det før.
For eg hadde nå ein gang satt meg i håve, at sko eg først spela luftgitar,
måtte eg gjer det skikkelig.
Ellers blei det bare pinlig. Så eg slapp tøylane og lot det stå te.
"Eg syns du gjorde spelejobben te Tolli bra, eg, va det ein av guttane som sa
ettepå. Det varma et nybegynnarhjerta. Men heiane så gåen eg va!
Eg visste ikkje heilt koss eg sko klara å stå oppreist i kyrkjekoret på innsynging nr 2.
Men det gjekk på et vis, og det blei ein ufattelig kjekk kveld!
Ette ein styrketår med gløgg hos ei venninna, bar det heimøve.

Trøtt som ei fela, men rimelig lett te sinns. Inn på ferjå, opp og eta litt,
så kom eg på: Eg fekk jo ein melding, den har eg ikkje lest!
Kor e mobilen? Ja du, kor va mobilen?
Ette litt tankevirksomhet kom eg på at eg fekk meldingå akkurat når eg skulle
kjøra ombord i ferjå. Og slapp telefonen rett ned i fanget. Så den hadde nok ramla
ner når eg reiste meg for å gå ut av bilen. Eg oste ner te bilen, leita inni og onna,
pluss onna nabobilane. Ingen mobil. Opp igjen i vill fart.
Og viss du trur det va rolig på sjøen...
Det va det ikkje. Ferjå duva skikkelig, og eg fekk tidvis svært god fart.
På høge helar. Ingen mobil der me hadde holdt te oppe. Ner igjen, ganske frenetisk nå.
Ny gjennomsøking av bilen og dekket rundt. Heile tiå ringte eg te an med mor sin tlf.
Ingen mobil. Bilane rundt begynte å kjøra av. Eg hadde lite valg, eg måtte følga på.
Men når eg kom på land, vrengte eg te sies og sprang ombord igjen.
Eg spurte ein ferjemann om lov te å leita på dekk, og han såg nok desperasjonen
i blikket, for eg fekk lov. Men eg måtte sjå meg for sa an, for nå begynte bilane å kjøra på.
Og det gjorde di, med kystbussen i spissen. Men då hadde eg allerede oppdaga
ein svart sak som låg midt på dekk. Eg sprang. Å du hendelse, så eg sprang.
Når eg heiv meg inn i bilen igjen og slengte mobilen te mor, sjønte hu lite.
Og eg va jo så andpusten at eg nesten ikkje kunne snakka før me va kommt langt
vekk fra ferjeleiet. Men mobil, det har eg! Mor meine på at det må var årets juleunder.

Nå har eg skreve griselangt. Sorry. Men det va ein lang dag!
I kveld e huset heima og rommet mitt julepynta.
Krybbene e framme, treet e inne og pynta, ispinneJesus ligge i krybbå si.

Nå e det jul.

GOD JUL te deg og dine, måtte dokke alle få ei velsigna høgtid!

Eg fant et arkivbilde.
Sånn såg treet ut i 2009.


Guds fred over fjellet og åsen.
La det gro der vi bygge og bor!
Guds fred over dyran på båsen
og ei frossen og karrig jord.
Du ser oss i mørketidslandet,
du signe med evige ord
husan og fjellet og vannet
og folket som leve her nord.

lørdag 30. november 2013

Kanskje kommer Kongen

Kongen va der ikkje, men for snart to veker si
(livet e travelt...) fekk Trond Spanne, som eg går i kor med,
Kongens fortjenestemedalje. Hurra for han, vel fortjent!

Me i koret  fekk var med på feiringå, me både sang og fekk goood mat.
Men det gjekk opp for meg den kvelden at det å bu og eta aleina,
det går hardt utøve evnen te å eta som folk...
Kort sagt, bordskikken blir litt rusten.

Eg e vant te å eta middag i sofaen, med tallerken i håndå eller på fanget.
Denna kvelden fekk me ei knallgod suppa, servert i store skåler på et
flott dekka bord med snøkvit duk. Eg fekk et problem.
Nå for tiå, når eg ete suppa, holde eg skålå nesten opp te hakå.
Så søle eg ikkje.
Men eg kunne jo ikkje godt gjer det i fint selskap!
Har du nåken gang tenkt på kor langt det egentlig e fra bordet og opp te munnen?
Det tenkte eg på den kvelden. Eg tenkte ganske masse på det.

Hadde eg bare vore i lag med venner og kjente, sko det nå vore null stress. 
Men det va liksom ein fest med ein haug ukjente, med ordførar, varaordførar,
leiar og nestleiar i bondelaget, leiar i idrettslaget....Yeeesh.

Nåken kveldar seinare va eg på besøk hos ei eg ikkje kjenne så veldig godt ennå,
me spelte spel og koste oss. Blant aent fekk me popcorn. Og eg lure:
Når man ete popcorn, og får fingrane fulle av fett og salt, og ska lesa spørsmål
fra spelekort...ka då? Du ska jo helst ikkje verken slikka fingrane eller tørka di på
bukså, ei heller på genseren te den som sitte ved siden av deg. Ska du ha ein serviett
liggande i fanget og tørka deg kver gang du har ete nåke? Det funke vel på et vis,
antar eg, men må jobba litt med å legga meg te den vanen...

Nå på torsdag va det juleavslutning med utdanningsforbundet. Først ein apetitt-vekkar,
og så tre retters middag. Hysteriske mengder bestikk klar te bruk.
Eg har sett Titanic, der seie di at man ska begynna ytterst. Men når det ligge ei skei
på tvers av servietten, som ligge der tallerken nødvendigvis må stå?
Eg kom ifra det med helså, men hadde ein gaffel igjen. Vett ikkje ka ti eg sko ha brukt an...
Men klarte jo ikkje å eta opp maten min. Eg skjønne at det e fint å få maten
servert og dandert og sånn, men då, verdens kokkar, må dokke takla at eg ikkje klare
å dytta i meg alt dokke legge på tallerken! 
Ideelt sett skulle eg hatt ein personlig kompost, ein som kan eta opp det eg ikkje klare. 
Det hadde eg når me va på klassetur med Hvite Busser.
Livet va enkelt!

Det e godt det e Trond, og ikkje meg, som ska te Oslo og møta Kongen.

Et glimt fra ei enklare tid. Kun ein kniv og ein gaffel.
Viss me ville, hadde me tallerken i fanget.
Og den største utfordringen va å huska
ka for nåken stykker det va sopp på og ikkje.
 

Forresten sølte eg suppa på den kvite duken på Utsyn. Sorry.

lørdag 14. september 2013

Yeah, it just ain't been my day

Eg kan jo begynna med ein generell advarsel.
Storebrødre og eventuelle andre som syns eg tidvis dele detaljer
dokke ikkje vil veta: Du lese videre på eget ansvar.

For gårsdagen, den kan ikkje refereras uten nåken harde fakta.

Det starta klokkå 06.00. Når unge frøken Drarvik bare måtte ta innøve
seg at drømmen om å ikkje ha mensen når eg sko ta livredningskurs (i basseng...)
va gått i tusen singlande knas. Når eg toga inn på Kiwi klokka halv åtta for å kjøpa
tampongar, svart i blikket og med den karakteristiske "eg har vondt i magen,
e kvalm og svimmel"- gangen,  då skjønte nok han stakkaren som eige sjappå
at her må me bare smila og la det stå te. Eg smilte eg og, når eg kom på det,
og klarte for ein gangs skyld å la var å blanda det hersens avtalekortet med
kolumbus- kortet (MÅ begge to var grønne?).

Det va planleggingsdag på skulen, og hadde det gått ut på å sitta i ro og lytta,
hadde det kanskje gått greit. Men så sko di ha meg opp å gå og prata med andre.
Då kapitulerte eg. Bedre å flykte enn ille fekte. Eller, bedre å komma seg ut enn
å spy på konferanserommet. Så eg låg. På sofaen og på pulten. Hurra.

Halv to sko me kjøra te Vikevåg og bassenget der, og læra oss å redda liv.
Detta hadde eg grudd meg te i vekevis, gamle gym- og svømmetraumer kom
sigande, og alle mulige scenario va utspelt på forhånd. I utgangspunktet va eg ikkje
bekymra for mensen, det va jo ikkje den tiå ennå. Men så e det hu venninnå mi
som eg e veldig glad i (null ironi, eg E det, altså!).
Hennas syklus har ein tendens te å senda min i høygir.
Så når hu begynte å klaga, begynte eg å bekymra meg.

Målet for kurset for min del hadde vore å overleva, og helst å få det te.
I løpet av veldig kort tid fekk eg et møkje mer konkret mål:
Ikkje spy i bassenget. Det va klart ette 12,5m bryst at det kom te å bli ei utfordring.
Men det gjekk, og eg kom meg derifrå med verdigheten sånn nåkenlunde i behold.

Det va øvestått, livet va bra, eg kunne bare slappa av.
Bare ein liten tur ut om kvelden for å synga i ein 70-års dag. Piece of cake.
Bokstavelig talt. Bare kos og gode tider. Te eg sko heim.
Hadde parkert i grøftå, og nøye unngått å kjøra på dei betongdingsane
som stod der og lurte. Unngjekk di fint når eg sko derifrå og, men så gjekk det litt tregt
når eg sko snu. Det kom ein bil, eg tenkte eg sko komma meg ut av veien......BANG.
Eg fekk bilen opp av grøftå, snudde, tenkte "kanskje det gjekk greit likavel?",
kjørte nåken meter, og tenkte "NEI. Det gjorde det ikkje."
Ut av bilen, på med lyktå ("Kjære Jesus, please la det var ein pinne som har hengt
seg opp elle nåke"), kjapp konklusjon: Disaster.
Heiv meg på telefonen og ringte te Tor Bjarne, som óg nettopp hadde gått.
Null svar. Så den som måtte traska tebake te 70-års feiringå og innrømma
at eg trengte hjelp, det va  meg. Og for dei som kjenne meg,
dokke vett det å spør om hjelp... Det sitte langt inne. Langt.
Eg kunne ha klart det sjøl. Med tiå te hjelp.
Men det va kveld, det va mørkt, og eg hadde trengt to hender.
Måtte liksom hatt lyktå i munnen.
Og hadde eg ikkje spydd då...
Når du punktere så grundig som du aldri har gjort før, og ende med å dra jubilanten
og sønnen hans ut fra festen for å hjelpa deg, då vett du at du har gjort det godt.
Men dei va heilt supre, det ska di ha. I finklær og med handlekraft te tusen
gjekk di laus på oppgaven, og mindre enn 20min seinare kunne the "damsel
in distress" kjøra heim. Lettare frustrert. Sko gjerna sagt at eg klarte å le når
eg kom heim, men så god e eg ikkje. Eg flire nå. Men måtte sova på det først.

Har absolutt ingen tru på at gårsdagens happenings hadde nåke som helst
med dato å gjer. Det hadde med biologi, nerver og lite gjennomtenking å gjer.
Og konklusjonen må jo bli at første dag med mensen burde eg ikkje gå ut.
Andre dag med mensen blir vertfall tilbragt inne, det kan eg bare sei!

Men fy flate. Fest og basar. Så ironisk som eg kan få sagt det.

Eg har hól i dekket mitt.


Ikkje så svært i dagslys som det virka for meg i gårkveld,
men stort nok likavel.

Usedvanlig lekkert reservedekk.
Med såpass lite luft i at eg e litt redd for
å kjøra på det...

Nåke seie meg at eg må ringa nåken som kan skaffa meg nye dekk på mandag.
Fira i talet. Bakhjulå e såpass slitte at di burde blitt bytta snart uansett.
Og tre nye og ett brukt blir jo bare tåpelig. Så jadda, nåken ska få tjena penger
på styret mitt. Kjekt for dei! ;)

lørdag 5. mai 2012

Liv som har levd og forsvunne

Ka eg har gjort i det sista?
Tja. Eg har rørt i tomatsuppa og prestert å vippa vispen opp og ut i luftig svev
før an kræsjlanda på golvet. Unødvendig å sei at det va suppa på komfyren, på golvet,
på skapdørene, på kjøleskapet og på meg. Ellers har eg tatt et godt jafs av tommelen
med et råkostjern, prøvd å kopiera opp et oppgavehefte te 15 elevar med et vikarskjema
 inni (va først irritert for at kopimaskinen streika, men innsåg det va ein
"blessing in disguise",det e jo ikkje nødvendig å dela sånnt ut te ungane),
har vaska ei lys dongeribuksa med ein lapp av tjukt gult ark i baklommå
(nå e den lommå gul), har tilbragt ein dag ute i solå med solbriller uten solkrem
(vaskebjørn, ja...), har lært ein klasse å dansa reinlender speilvendt....
I dag sko eg eta resten av tomatsuppå, og presterte å søla i sofaen
og på meg sjøl.

Men: Eg har ikkje vore på sjukehus, eg har ikkje vore på nåke bilverksted,
og eg har ikkje vore på legekontoret (bare på helsestasjonen, og sånne småting
kan me ikkje henga oss opp i).

Dessuten e det vår. Ka e nauå då?






Førr nu e det vår her i byen, og gatan e bar.
Det spire og gror i landet.
Og det gjør oss takknemlig førr det som vi har,
vi trur på oss sjøl littegranne.
                                                                                                   
                                                                                                     H. Sivertsen

lørdag 24. mars 2012

Like nothing wants to go my way

Når eg først finne på dumheter, då gjere eg som regel ein heil haug på ein gang.
Eg gjer nåke tåpelig, blir flau og gjer situasjonen 50 ganger pinligare for meg sjøl.
Vett du ka eg gjorde i dag? Eg hadde vore ute og gått ein nydelig tur i solå,
og hadde nettopp parkert heima når eg kom på at eg hadde jo tenkt å
fylla bensin på vei heim. Himla litt med auene øve meg sjøl, men kjørte nå ner igjen.
På Judaberg va det masse folk og bilar, så det va såvidt eg kom meg fram, men fekk
nå stoppa bilen, åpna bensinlokket og va godt i seget, syns eg sjøl.

Viste seg selvfølgelig når eg gjekk ut av bilen at nevnte bensinlokk va på motsatt sia
av ka eg e vant med. Okei, ny bil, greit nok å gjer feil på gammal vane, tenkte eg,
men va jo litt småflau. Alle folkå rundt kunne jo ikkje vita at eg hadde ny bil.
Så va kjapp i vendingen, kom meg inn i bilen, og det e her den klassiske
kvinnfolkfeilen kjeme: eg kjørte rundt på andra siå av pumpå. Det krevde litt manøvrering,
for som tidligare nevnt va det ein del bilar. Hadde ikkje før stoppa, før det som
den observante lesar har tenkt på for lenge si gjekk opp for meg:
Det nytte jo lite å bare kjøra rundt. Riktignok står bilen vendt andre veien,
men med samme sia inn mot pumpå! Hadde det bare vore ett einaste menneske eg kjente der, kunne eg ledd høgt av mine egne dumheter ilag med den eine,
og satt igang prosjekt snuoperasjon. Men det va jo kun ukjente folk i nærheten.
Det e så eg kunne varma opp et auditorium bare med dei glødande kinnå....
Eg ga opp. Eg kjørte derifra uten å fylla bensin. Va ein liten tur oppå ein kant på veien,
måtte unngå ein irriterande parkert knall. Godt bilen min ikkje e låg onna, kan du sei...

Mest sannsynlig va det svært få som faktisk fekk med seg ka eg holdt på med.
Det fins tross alt andre ting å holda på med enn å stå og glo på mine påfunn.
Men eg va veldig gla for at eg hadde ny og ukjent bil og solbriller.
Håpet e at dei som flirte innvendig trudde det va ein forvirra turist med lite
erfaring med bil..
Ellers går det jo an å håpa på at eg lyste opp dagen te nåken ;)
Di må bare le. Gi meg et par timar te, så ler eg og.



Gode, gamle Clioen. Med bensinlokket på høgre sia.



Eg må ner og fylla bensin. Men det ska vær enten tidlig eller seint på dagen.

søndag 15. januar 2012

Out of bounds

Ka for ein regel får alle som e nye i ein svømmehall hørra?
Akkurat: Ikkje spring på kanten.

Når eg gjekk på skulen sjøl, va det ikkje alle regler eg skjønte vitsen med.
Men eg fulgte di, godt oppdratt som eg va.
Eg heiv aldri snøball (akkurat den såg eg jo poenget med, da),
eg hoppa aldri uti bassengetfør eg hadde fått beskjed om det,
eg lekte ikkje med fyrstikker (dønn livredd for brann,så eg va ikkje vanskelig å overtala
på den fronten) og eg sprang aldri på bassengkanten.

Ungar følge regler. Iallefall sånne ungar som eg.
Ikkje nødvendigvis fordi di forstår ka som kan bli konsekvensene av å
bryta di, men fordi det e ikkje lov.

Voksne bryte regler heile tiå. Me har mer vet, me e fullstendig klar øve
mulige konsekvenser, men me gir blanke.

Lat meg ta et eksempel: Det e siste året på videregående, eg e passert 18 år,
og e, i teorien, eit vakse forstandig meneskje. Me e i svømmehallen. Ein stor gjeng spele
vannpolo, eg går av ein elle aen grunn langs kanten.
Plutselig kjeme ballen susande opp på land.
Ei av jentene ette, kjapp som bare hu kan ver. Ropet lyde fra vatnet: "Oddbjørg, ta Anja!"
Oddbjørg tar Anja. Ingen fare. Hjelpsom som eg e, legge eg på sprang ette na.
Plutselig ligge eg vannrett i luftå, uten nåken klar idé om koss det gjekk te.
Beinå mine treffe Anja i ryggen,og me lande med et klask og et smell som eg
kjenne i bakhåvet ennå når eg tenke på det. Verden forsvinne. Langt vekke hørre eg
nåken som seie navnet mitt. Ein gang. To ganger. Tredje gangen e det kommt nåke
panisk øve tonefallet. Eg må slita auene opp.
Nærmast meg, fremdeles i vatnet, står Olaug.
Bak na, ein drøy del av klassekameratane mine. Med hakene dinglande nerimot navlen.
Eg blir plutselig inderlig bevisst på at eg ligge på kanten, alle ser på meg
og eg e iført badedrakt.
Ikkje ein ønskesituasjon.
Korleis kunne dette vore unngått? Ikkje spring på kanten.


Me e omgitt av regler. Me bryte di kver dag.
Ordensregler, klasseregler, fartsgrenser....

Holdt me alle fartsgrenser i dag?

Eg bare seie det: Ein dag kjeme konsekvensene og bite deg i baken.
Eg håpe for din skyld at du e påkledd når det skjer.


Detta bildet e tatt på 18-års dagen min.
Den dagen eg blei ein voksen og forstandig regelbrytar.

tirsdag 4. oktober 2011

Only a fool


Denna va det ei av facebook- vennene mine som la ut i dag.
Eg stjal an, for eg følte meg truffen.
I dag e eg ein av dei som motbevise at folk ikkje kan bli dummare.

I flere dagar har eg blitt mint om at eg ska sjekka flytidene på Spaniaturen, for å finna ut om eg kan ta flybussen, eller om eg faktisk må kjøra. Og eg har tenkt at "jada, jada, eg SKA sjekka, men eg har jo billettar, og alt e på stell. Ikkje stress." Så i dag, endelig, sjekka eg. Ser ut for at eg må kjøra. Men så sveipa blikket nerøve det som står med litå skrift,og traff den delen om gyldig identifikasjon.
Du vett det øyeblikket der du bare slutte å pusta, alle muskler stivne
og alarmklokkene i håve hyle i protest.
Jepp. Der har eg vore i dag.

Eg ska te Spania. På lørdag. Og passet mitt, som eg trenge for å faktisk komma meg te Spania, det har eg i Sauda. For det syns eg va lurt, nemlig. Eg blir så SINNA!

Nå har eg heldigvis ei mor som kan ordna alt, så eg ska få passet mitt i mårå.
Men det burde ikkje vore nødvendig! Argh. Lærar-alzheimers eller ikkje, detta blir for dumt.
FRES!

Sånn. Nå har eg fått ut litt frustrasjon, og kan kanskje få gjort litt mer fornuftige ting.
Det hjelpe lite å hissa seg opp, nemlig... Hmf.

tirsdag 15. mars 2011

Lova at va' snäll mot Ann Kristin

Okei da...;)



...siden du spurte så fint.

mandag 15. februar 2010

I could be brown, I could be blue, I could be violet sky.

Altså, normalt e det ikkje så veldig stress å var fargeblind. Bortsett fra at eg igrunn hadde syns det va litt stilig med flysertifikat (det får eg ikkje lov å ta), så e det jammen ganske lite det plage meg. Sortera perler e styr, når eg rydde i et kinasjakk ler folk av meg, plukka tyttebær i dårlig lys e mer enn bare litt utfordrande, eg tape i ligretto..men ellers går det nå stort sett greit.

Heilt te det plutselig blir frustrerande likavel.
Som for eksempel på fredag når Oddbjørg hadde lyst på chips. Skikkelig ubegripelig lyst på chips. Så lyst på chips at før eg og Meaghan kunne sjå film, måtte me stikka på Costcutter og kjøpa chips. Eg e (i forhold te engelskmenn) ganske kresen på chips. Det ska helst bare var salt. Te nøds pepper elle paprika, ein gang kvert jubelår ete eg Mexian Fiesta (og drømme meg tebake te weekend med Gnisten, men det e ein aen historie). Ost? Nei. Løk? På ingen måte. Den forbaska eddikken engelskmenn putte på alt? Spar min arme sjel! Så eg fant dei røde posane. Dei posane som inneholde chips med bare salt på. Nå ska det var sagt at den typen chips eg har slått meg på, blir av ein elle aen grunn ikkje solgt som ein stor pose chips. Neida. Bittesmå posar, og viss du vil, kan du kjøpa store posar med mange små inni. Dei små e på 25 gram kver, så du syns liksom ikkje du har begynt å eta før posen e tom. Så, i og med at eg hadde skrekkelig lyst på chips, gjekk eg for ein tolvpakning. Passe diger pose.. Men eg tenkte som så, at eg trengte jo ikkje eta alt på ein gang. Gjekk heim med fryd i sjelen. Me hadde romantisk komedie og chips. Livet va bra!

Heilt te eg åpna nevnte tolvpakning og plukka ut første posen. Den va rosa. Den skulle ikkje var rosa. Den skulle var rød. Eg blei lettare forvirra. Ved nærmare undersøkelsar viste det seg at det va røde, rosa, grønne og blå pakkar med chips oppi der. Når eg studerte posen grundig, fant eg nåken striper i andre fargar enn rød som fortalte at det va faktisk fira forskjellige typar chips oppi. Dei stripene hadde gått mitt fargesyn hus forbi. Fres. Der satt eg med tolv små pakkar chips, og bare tre av di va etande for meg. Dobbeltfres. Den rosa eg plukka opp først hadde den skjønne smaken av Prawn Cocktail. Yeeesh. Men eg tenkte eg sko var flink jenta og prøva, vertfall. Det blei med prøven. KOFFOR lage di chips med rekesmak? Det burde vore lover mot sånnt.



Her endte historien, trudde du. Neida.


På lørdag vaste eg meg ein tur ut te Monk's Cross (ca 25 min å gå) for å sjå om eg kunne finna ei luftmadrass. Det fant eg, og når eg gjekk forbi hyllene med chips, tenkte eg at eg kunne jo plukka med meg ein med salt. Siden det eg hadde igjen heima va fullstendig ubrukelig. Så eg tok med meg ein RØD sekspakning, sjekka at det ikkje va nåken andre fargar på posen, gjekk heim, åpna posen og plukka ut ein minipose. Den va blå. To små posar va røde, dei andre va blå (cheese and onion) og grønne (salt and vinegar). Ost, løk og eddik.




Gremmelse.




Nåken som har lyst på chips? Eg har! Tolv posar, for å var nøyaktig.

fredag 13. november 2009

I never really knew that you could dance like this

I gårkveld va eg altså på ballett for første gang i mitt liv. Mark og eg såg Nøtteknekkeren, og kom ut igjen med håvet langt oppi skyene. FY fillen, at det går AN! Utrulig flinke dansarar som bøye og strekke på plasser eg ikkje vett eg har ein gang. Me va fint enige om at me mangla språk te å beskriva kor flinke di va. Grasiøse, mjuke og nydelige når liksom ikkje opp. STOR stas! Desverre hadde eg ikkje kamera med meg, så bilder fra the Grand (York Grand Opera House) får komma på sikt, muligens neste veka, viss me går og ser Cabaret:)



Men ein dag eg faktisk hadde kamera med meg, va forrige lørdag. Eg og Emelie hadde lenge planlagt å kjøpa nåken heilt fantastiske huer me fant på markedet i byn, og tiå va kommt for å fjolla. Det va ein sånn dag der dei som syns det e flaut når eg tar på meg latterlige ting og vise meg offentlig va glade eg va i York, og ikkje i Sauda. Me hadde ein stor dag, med masse masse oppmerksomhet og latter.


Viss nåken lure på om to jenter med nesten like svarte huer med mønster i neonfargar tiltrekke seg aldri så lite grann oppmerksomhet, kan eg fastslå at, joda. Et par hundre rare blikk og folk som peike og ler.
På vei heim traff me ei av jentene eg bur med. Hu såg ut som hu lurte seriøst på ka me feilte, men tilbød seg å ta bilde. E me ikkje fine?

Ikkje akkurat stress å finna kverandre i butikken..








Eg viste Maggie huene og fortalte ka me hadde gjort. "Wow. You're brave."



Du får ikkje mer løye enn du lage sjøl!