torsdag 23. desember 2010

Let it be Christmas

Jammen fekk eg ønsket mitt oppfylt! Det tar jo heilt av med snø:)
Kvit jul, hurra!

Julegavene e handla inn, julekakene e klare, me har pynta tre og satt opp julekrybbå.
Eg ska bare setta opp mi egen krybba fra Betlehem, så e eg i ruta.
Eg seie med nissane på Månetoppen: Snart kommer jula til alle!


Kristin og Julie pynte mest der di rekke opp..

Nå kan me lena oss tebake og virkelig ta inn øve oss det julå egentlig handle om: at Gud sendte Jesus te frelse for alle :)

Og finner du Ham i krybbens hø
som hyrder så, som hyrder så,
da eier du nok til freidig å dø
og leve på, og leve på.


Ei velsigna GOD JUL te alle!

mandag 20. desember 2010

Driving home for Christmas

I helgå har julå blitt sunge inn nåke aldeles grundig. Eg fekk ikkje med meg verken semifinalen eller finalen i håndball for eg sang og sang. Men det va jo knallkjekt, så det fekk heller gå.


Å synga julå inn på Finnøy (og på Talgje) e ein ganske aen opplevelse enn å gjer det i Sauda. Der kunne saudabuen ha lært ein ting og to. Stemning og glede te taket og litt te!

Mor va her og va med og sang julå inn. Tidligare på dagen va me ein tur på Bergevarden.

Eg slår nok et slag for sjøltatte bilder: Alltid ein suksess.

Ville snømengder på Finnøy.

I mårå ska eg heim, tralala! For nå e det JUL!

Tenn lys!

Nå stråler alle de fire lys for Ham

som elsker alt som lever,

hver løve og hvert lam.

Tenn lys for himmelkongen

som gjeterflokken så,

nå møtes jord og himmel

i barnet lagt på strå.



onsdag 15. desember 2010

I'll be home for Christmas

Nå e det jammen snart jul! Det merkes øve alt, og på skulen e det masse mer morro og styr enn te vanlig. I dag har me vore på tur med ein klasse, me fekk komma på besøk te ein gård ikkje langt fra skulen. Ungar og voksne koste seg veldig, og været va nydelig, så gnistrande lyst og kvitt som det går an å få det når det egentlig ikkje e snø...

Åh, eg håpe snøen i Sauda blir liggande te jul! Eg vil ha snø når eg kjeme heim!
Bildene e fra i fjor, då va det snø heima i julå. :)








Tenn lys!
Tre lys skal flamme
for alle som må sloss
for rettferd og for frihet,
de trenger hjelp av oss.
Må ingen miste motet
før alle folk er ett.
Tenn lys for dem som kjemper
for frihet og for rett.



Me har tent tre lys, og snart, snart, snart e det jul!

torsdag 9. desember 2010

It's beginning to look a lot like Christmas

Når man e skrekkelig sliten og bare vente med heile seg på at juleferien ska komma, da e det fint med skype. På skype kan eg snakka med vennene mine på andra siå av atlanteren, og så blir verden så masse lysare med ein gang:) Det va vel i forrige veka eg foreviga detta minneverdige øyeblikket med Meaghan. Akkurat koffor hu hadde tungå ute, e det ingen som vett. Eg ser ganske redusert ut eg og nere i hjørna mitt, men det vise heldigvis ikkje så godt..




Ellers har eg dei siste dagane fått gleda meg øve dei mindre trivelige sidene med å ha bil.
Fytti, kor lei eg e av å skrapa is...
Men nå e det kommt et syltynt lag med snø på Finnøy, og det e igrunn riktig så vakkert:)

Aldri så sliten at det ikkje hjelpe med venner og snø!

To lys har me tent óg. Desember e ein fin ting.


Tenn lys!
To lys skal skinne
for kjærlighet og tro.
For den som viser omsorg
og alltid bygger bro.
Må fanger få sin frihet
og flyktninger et hjem,
tenn lys for dem som gråter
og dem som trøster dem.

tirsdag 30. november 2010

These are the special times

Tjooooooooooohei, nå e det advent! Lettare entusiastisk...

Sjelegleder når det e advent:
*Adventsstjerner i nesten alle hus
*Masse masse lys øvealt
*Julemusikk
*Julemarsipan
*Lesa julehistorier for elevane
*Love Actually (åh, eg GLEDE meg!)
*Mandariner
*Glitter øvealt (spesielt viss du har tilbragt dagen i første klasse..)
*Julekalender på barnetv
*Åpna ei luka kver dag (eg må få kjøpt meg ein kalender, men utvalget på Judaberg e heller smalt..)
*Julemessa
*Julekaker
*Vente på Kongen

Fryyyyyyyyyyyyyyd!

Stjernå te mormor lyse opp i livet mitt :)

Tenn lys!
Et lys skal brenne for denne lille jord.
Den blanke himmelstjerne der vi og alle bor.
Må alle dele håpet, så gode ting kan skje.
Må jord og himmel møtes, et lys er tent for det.

tirsdag 23. november 2010

The good life

Eg har hatt mitt første venninnebesøk! :)
Marte kom med båten (anløb av Judaberg. Det va Judaberg.) på søndag og blei te mandag morning. DET va stas, det!
God mat, god prat, på grenså te overdose av Knutsen og Ludvigsen, prematur lysslokking, tannpuss på ein fot...ka mer kan me ønska av livet?


Marte har begynt å strikka. Eg e nok ikkje så lett å
overtala te å ta opp den kunsten som te einfotstannpuss..

mandag 15. november 2010

I get by with a little help....

...from my friends!


På fredag satt eg på med Egil og Margunn te Sauda. DET va kjekt, det! Å bare sitta og prata med gode venner (og uvenner) e nåke av det besta som finns.

Eg trives på Finnøy. Eg har ein haug med flotte kollegaer og masse kjekke elevar, eg har ein god plass å bu og mat på bordet kver dag, eg har kjekke aktiviteter på fritiå og får var med og bidra så masse eg orke. Ikkje minst har eg ein god menighet.


Men eg mangle nok litt på den sosiale biten ennå. Eg merke det når eg henge med gode venner: eg e litt sultefora på akkurat det. Men det e løye ka så går seg te. Det kjeme nok!


På søndag kjeme Marte på besøk. Eg GLEDE meg! Hurraaaaaaaaaa!


Eg merka det når eg va i York og: FYTTI kor herlig det e med venner!




Eksempler på gode venner: Katie, Abi, Phil, Anna, Ellie og Stephen.

torsdag 4. november 2010

Because I got high

Bokstavelig talt. Minn meg på at neste gang eg tar paralgin forte, ska eg var så godt som død først. Forresten, eg trur eg huske det sjøl.
Men nå gidde eg ikkje skriva mer om å var sjuk, smårusa og på ufrivillig ferie.


I dag va eg på jobb, nemlig! Og det tenkte eg at eg sko fortsetta med ei stund. Fram te jul eller så. Det e lov å be om at kroppen min e enig i det målet.

Ellers har eg i dag et grundig behov for å få tatt knekken på ei seigliva myta: At alle lærarar e tekniske idiotar. For jentå kan hu, nemlig!
Anlegget mitt har vore nede for telling ei stund. Eg har ikkje hatt overskudd te gjer nåke med det. Men på mandag skrudde eg opp heile rakleverket og, hold deg fast, FIKSA det. Hah. Den berømmelige tekniske hjernevasken alle lærarstudentar visstnok går gjennom beit ikkje på meg, nei! Dobbelt hah. Og best av alt: Nå kan eg hørra på cdane mine igjen.

Spotify e vel og bra, men nåken hyllemeter med god gammal musikk, DET e ein salighetsting.


Vinteren e på vei. Eg kjenne det på kulden, eg ser det på bakken og på trenå. Eg kjenne luktå av frost og snø. Og når det ellers e heilt stille rundt meg, då hørre eg den klare sølvtonen i luftå som heilt tydelig seie fra: Nå kjeme vinteren. Eg e klar.
E du?

torsdag 28. oktober 2010

It's October again

Faktisk e det snart november. Men ennå nåken dagar kan eg hørra på Bethany Joy Galeotti synga at "it's October again. The leaves are coming down."

Oktober,ja. Sjukemelding. Høstferie. Flotte høstfargar. Gode venner. Snø.

Finn to feil.

Den derre sjukemeldingå e jammen blitt lengre enn eg hadde sett for meg. Tenkte liksom eg sko var klar som et egg, frisk som ein fisk og alle andre mulige klisjéar ette høstferien. Sånn gjekk det ikkje. I dag e det tre veker si sist eg va på jobb. Før eg kjeme igang igjen e det gått fira. Og eg har gått på veggene, men det e ein aen historie.

Og så va det snøen. Umulig å komma utenom snøen. Eg våkna alt for tidlig ein morning i forrige veka, og måtte bare droppa å legga meg te sova igjen. Lyset va feil. Eg måtte få på meg brillene og masa meg bort te vinduet for å få konstatert at det va ikkje lyset som va feil. Det va meg som tok feil. Det e klart det skulle var sånnt "det snør ute-lys"! For det snødde jo. Null mer søvn.
Her ein kveld skulle eg ein tur ut. På vei ner te garasjen knirka snøen onna vinterskonå, det va snø på garasjetaket og lys i trekket i Svandalen.
Oktober, da liksom!

Men ein ting skjedde på rett tid i år og: Den 28. oktober, altså i dag, har mor bursdag.
Gratulera med dagen, mor!


Andre ting som gjekk som det sko:





Det va flotte høstfargar i Hylsfjorden og ellers rundtomkring.

Eg knakk ikkje nakken eller andre vitale deler når eg kravla meg opp i uren luren for å få tatt bilde av detta nåke velplasserte treet.

Eg fekk møtt igjen gode venner, og hadde ein knallkjekk tur med mor og Marta Brit i ferien:)
Julie blei tre år, pærene blei modne... joda. Det har vore normal oktober óg. Innimellom.

tirsdag 5. oktober 2010

We just get dizzy

Nå e det snart tid for ei veka avspasering! Og godt e det, for nå kjenne eg det går på reservebatteriet her.. Me va ute i skauen og oppe i trenå med småskulen i dag, og det va jammen bare såvidt eg fekk slept førsteklassingane opp bakkane. E jo et poeng å var i stand te komma seg opp sjøl. Men opp kom me! Om ei veka e eg i York, det e nesten så eg får ekstra krefter bare av å tenka på det:) Og så får eg masse kjekke meldingar om at dei der borte glede seg te eg kjeme, så då e det jo ekstra stas.

I helgå feira me gullbryllupet te Tante Eldbjørg og Onkel Peder. Tenk å ha vore gifte i 50 år! Å leva i 50 år, det klare dei fleste, men 50 års ekteskap det e hardt arbeid, det! Respekt.
Og masse gratulasjonar:)



Det har vore nåken vanvittig flotte solnedgangar her ute i høst. Men eg har selvfølgelig mangla kamera. Den gangen eg tok det med, va det ikkje så skarpe fargar, men jammen va det fint likavel :)

onsdag 29. september 2010

Circle of life

Det besta kjøpet eg har gjort si eg flytta te Finnøy e ei fluesmekka. Ingen øve, ingen i nærheten. Uten den hadde eg blitt tullete. Det e rett og slett fordi eg bur i ein kjellarleilighet, og i kjellarleiligheter har det lett for å komma besøkande med mer enn fira bein. Og du kan jo sei det sånn litt forsiktig at eg e ikkje så begeistra for sånne gjester. Di e rett og slett ikkje velkomne. Og det har eg fortalt di! Høgt og tydelig, mange ganger. Men di hørre ikkje på meg.
Eg har innført dødsstraff. Og aldri i mitt liv har eg kverka så mange edderkoppar, vevkjerringer, tusenbein, langbeinar og andre uidentifiserbare creepy crawlies.
Kjeme di inn, blir di kjapt ekspedert fra oven med det fantastiske blå supervåpenet mitt.
Her e det nulltoleranse. Sånn e det bare.

Tidenes beste forsvarsverk.
Ute må di ha lov å var, der ska eg heller prøva å la di var i fred. Men rote di seg inn, då e det krig.

mandag 20. september 2010

The living years

Et år. Fira årstider. 52 veker. 365 dagar.

Den 20. september for akkurat et år si i dag stod eg opp gruelig tidlig. Eg satte meg på et fly og flytta fra landet. Kvalmen og livredd langt inn i margen.

Og så viste det seg å var nåke av det luraste eg hadde funne på i mitt liv:)

I oktober ska eg tebake på besøk. OG EG GLEDE MEG!

York Minster, som du kan sjå nesten uansett kor i York du befinne deg.


I dag fekk heile fjerde klasse (med lærarar) kver sitt armbånd. Merke eg e litt usikker på regelverket. Mulig eg sko fått verdien vurdert og betalt ein haug med skatt? Elle nåke? Godt eg ikkje e statsråd. Eg har visst ikkje heilt roen på det her.




Nevnte armbånd.





onsdag 15. september 2010

As time goes by

I dag har eg jammen budd på Finnøy i ein måne. Det har gått skrekkelig fort te å ha tatt så lang tid..;) Eg begynne så smått å komma inn i nåken ting, og ligge ette med andre ting. I leiligheten e det ettekvert bare litt som mangle, ei klokka som ikkje e kommt opp på veggen og sånn. Men i det minsta e alle semesterplanane eg sko laga på plass. Nå må eg bare følga di. Null stress..

I helgå va eg og mor ute og helste på det nya tantebarnet mitt, Live. Veldig veldig skjønn litå jenta som sove masse og lage lite styr:) Glede meg te bli bedre kjent med henna ettekvert!



Utsikten fra hagen her eg bur.

tirsdag 7. september 2010

Pure shores

Som ein del av bli kjent med Finnøy- prosjektet hadde eg meg ein tur og lekte litt på strandå. Det e godt det ikkje e så gruelig tjukt befolka her ute, for jammen måtte folk begynt å lura litt på vettet mitt viss di såg alt eg foretar meg når eg e i retta humøret.. Men det e jo så kjekt med sand, vatn og sol!



Finnøystrand

Heilt okei plass å bada, må man jo kunna sei.
Her bur eg!


I tilfelle du lurte..:)
Og i dag har eg vore på biblioteket og fått meg lånekort! Check!

tirsdag 31. august 2010

Sitting on top of the world

Jammen har eg tilbrakt ei helg på Finnøy. Ein første gang for alt!

Øvelevde gjorde eg og. Fint vær, fin øy, fri, fri og fri. Heilt grei kombinasjon!

Lørdag kveld tok eg turen opp på Bergevarden. Det e det nest høgaste punktet på Finnøy, ca 150 moh. Eg sleit meg opp, med andre ord...;) Hadde vore der ein gang med Ingebjørg allerede, men då hadde eg ikkje kamera med meg. Så eg måtte opp igjen for å skaffa bevis for at det faktisk e ein skikkelig fin plass eg har flytta te.







Heilt ok utsikt :)



Viss eg ikkje e heilt forvirra, e det Talgje som ligge nærmast,

og så ligge Rennesøy bak te høgre.

Sånn ser sjølve varden ut.


Sjøltatte bilder blir sjelden vellykka, men eg

va der vertfall!


Alle vardar med respekt for seg sjøl har ein værhane.


Eller værsau..



Et lite stykke nerforbi e det nåken som har satt opp et kors.

Det blei satt opp i anledning år 2000. Bra tiltak, det kan eg lika!

På søndag va eg på familiegudstjeneste, og i går va det første øvelse i kirkekoret. Så nå e ein av dei aller viktigaste tingå når eg flytte te ein ny plass i orden: Eg har funne meg et kor! Nå må eg bare skaffa meg lånekort på biblioteket, så e eg langt på vei:)

mandag 23. august 2010

Almost unreal

På lørdag va Beate og eg på Roxette konsert på Randaberg. Stavanger Aftenblad va ikkje sånn enormt entusiastiske i anmeldelsen sin. Men DET skjønne du, DET E EG!
Det e nåke av det villaste eg har vore med på. Ein aldeles hundre prosent MAGISK opplevelse.
Anmeldaren har nok rett i at Marie Fredriksson ikkje va heilt på topp stemmemessig den kvelden, men kem e det så alltid e det da? Me sto nesten fremst av 8000 mennesker, og stemningå va heilt vanvittig. Vinden va bare herlig, regnet plagte oss ikkje litt ein gang, og me hørrte alt me ville hørra. Med all røyken på scenen gjorde vinden bare sitt te at det såg heilt trolsk ut der oppe. Eg lente hodet tebake og nøyt. FRYD!
Og så skrålte eg med på alle dei herlige perlene som kom på rekka og rad. Tenåring for ein kveld, som Beate sa så fint:)
Eg va høgt oppe ettepå, og detta ska eg leva på LENGE!




Ny veka har starta på jobb, og eg holde meg oppe så godt eg kan;)

mandag 16. august 2010

Vær snar og flink på skoleveien, nå!

Oooog der va me igang. I dag va første planleggingsdag på Finnøy sentralskule, og min første dag på jobb. Ein smule spent når eg drog fra Sauda i går og la meg i ny seng i småkaotisk leilighet..
Har kjempeflott utsikt fra veien eg går te skulen, så det hjalp litt på nervene.
Det gjekk igrunn greit når eg kom fram og. Men jammen ska eg få bryna meg. Det e mange som ser timeplanen min og seie nåke i retning av "ja, eg vil jo ikkje ta motet fra deg, men..." Og den setningen eg har sagt flest ganger i dag e "det går seg vel te."
Oh, well. Ein dag om gangen. Det går fort godt.


Ferien e eg ikkje heilt sikker på kor blei av. Eg vett eg va på Sommer i Sør og ein tur i Vimmerby og Astrid Lindgrens verden, men ka gjorde eg egentlig resten av tiå?

Et glimt fra Astrid Lingrens verden.

fredag 25. juni 2010

Leaving town alive

..og der hadde eg jammen ikkje skreve et ord si første juni.
Kunne fortalt masse om den siste dagen i York og den fantastiske gjengen som dukka opp på togstasjonen når eg sko dra. Men nøye meg med et bilde. Som kjent seie dei mer enn 1000 ord.




Chrissy, Katie, Stephen, Katie, Beki, Abi, Mark og Andy.
Dei siste tre vekene i Norge har eg blitt eldre, tapt i kubb, feira at andre har blitt eldre, lengta te England, vore glad for å var i Norge, blitt filma i bikini (ser for meg et pinlig øyeblikk i Emilie sin konfimasjon om ca 12 år..), kjøpt bil, lagt et bortimot uhelbredelig rot oppe på rommet...
I det stora og heila e det ferie, eg har bare ikkje fått tid te legga heilt merke te det ennå.

tirsdag 1. juni 2010

The show must go on

Himmel, i mårå reise eg te Norge. I skrivande stund har eg litt øve 24 timar igjen i York. Det e JUNI! Ka skjedde?
Den siste vekå har eg brukt på å sei hadet te alt for mange venner, ein tur te Lake District med Anna (STAS!), Eurovision party hos Abi, og pakking, pakking, pakking....Gah.

Det ska bli godt å komma heim på ferie, men har ikkje masse lyst å reisa herfra.


Men, the show must go on. Norge, her kjeme eg!




Fridagar i the Lake Disctrict

Midnattsutflukt te gammal borgruin:) Mørkt? Bare litt.


Norges stolthet. Første gang eg hørrte sangen. Utøve kvelden blei målet å slå Storbritannia. Viste seg å ikkje bli nåke problem..



Me lagte vår egen poengtabell med kriteriene music, performance og looks..



I dag: York. I mårå kveld: Noreg, mitt Noreg.

lørdag 22. mai 2010

There goes the neighborhood

To tips viss du nåkengang flytte te York:


Kjør forsiktig, krysningspunkt for ...ender.


Og: Ikkje flytt te denna gatå.

tirsdag 18. mai 2010

For you are my land and you always will be

17. mai i England. Eg va litt skeptisk te konseptet, ska innrømma det. DET va unødvendig. Med venner som mine, blir 17.mai bra kor som helst:)
Dagen begynte med huspynting (måtte jo henga opp flagget,duh!) før ein tur på uni. Utpå ettemiddagen va det feiring på ei sletta i nærheten av Limes. Nåken av dei andre norske her arrangerte.



#1 Limes Court pynta te fest, og Oddbjørg i
rødt, kvitt og blått.


Me lagte et slags tog og skrålte "Ja, vi elsker" av alle krefter og litt te.

Hoppebilde må te.
Eg og Meaghan måtte gå tidlig, for me skulle ha siste samling med smågruppå. Så det va enden på mi 17. mai- feiring. Trudde eg. Det va igrunn ein ganske grundig misoppfatning...
Har eg nevnt at eg har verdens suverent beste smågruppa? Det har eg. Når me kom fram te Beki, der siste samling skulle var, fant eg ut koffor Anna hadde spurt om koss me feira 17.mai. Eg trudde jo hu bare va interessert. Hu spør jo om alt. Men neeeeida. Anna hadde oppfatta at 17. mai va på ein mandag. Altså klemte smågruppå ivei med ein overraskelses17.maifest:)
Som sagt: Verdens beste smågruppa.



Det va pølser og is, og di hadde øvd på "O, du som metter".

Katie hadde vore på google og sjekka ka kaka som trengtes, funne
oppskrift og lagt bløtkaka (hu hadde bløtkake skreve på ein lapp
for å vita ka hu hadde lagt..)
Einkvinnestog i Garth Terrace.

Me tok bilde av alle jentene med flagget. Detta e Katie.

Verdens bestaste smågruppa!
Me bytta kort og gaver (eg fekk 17. mai- gaver, ka GIR du meg?), og eg koste meg nåke aldeles.
Når eg ikkje kunne var i Norge og gå i bunad, kunne 17.mai på ingen måte vore bedre!
Hipp hipp hurra!


søndag 16. mai 2010

It's only words

8 tegn på at Oddbjørg skrive oppgaver:


1: Normale måltider på normale tider blir erstatta med "et når du kjeme på det, og har tid".

2: Målet om å ikkje eta så masse snop blir lagt på hyllå for ei stund.

3: Humøret går opp og ner i takt med kor mange ord eg får knotta ner på ein dag.

4. Du kan finna meg sittande på golvet på biblioteket med tjue bøker rundt meg, på jakt ette et brukbart sitat.

5. Gardinene e trukke for, så eg ikkje ska sjå det fina været ute, eventuelt bli frista te gå ut i regnet

6: Eg går tidlig heim fra sosiale settingar for å komma meg tidlig opp dagen ette.
7: Å laga mat e et kulinarisk forsøksprosjekt, i og med at eg aldri tar meg tid te handla.

8: Rommet mitt ser ut som biblioteket har spydd der inne.


Jepp. Det e oppgavesesong.


Ellers har det gått opp for meg at eg ikkje har langa tiå igjen i York, og det e på tide å få tatt bilde av alle tingå eg har tenkt at "det må eg ta bilde av før eg drar".



So....

River Ouse, kan ver ganske fin når hu vil.

Shoulder of Mutton, som me går forbi kver dag på vei te uni.

Har ikkje ete der ennå, men eg og Meaghan har som mål å

få gjort det neste veka.

Nightly BILE BEANS keep you healthy, bright eyed and slim.

Jepp.