søndag 23. september 2012

This one's for you

Javel, Nilsen, eg rekne med du huske ein aften eg holdt på å ta
kverken på meg sjøl med halvårgangsjulebrus på hyttetrappå?
Den kvelden spurte du kor høgt Finnøy sitt høgaste punkt e.
Eg måtte med skam innrømma at ikkje bare va eg clueless på området,
eg hadde ikkje ein gang vore der. Men eg lovte å gjer nåke med det.

Og i går, vettu. Då. Då va Finnøy sitt høgaste punkt oppå Vestbøvarden,
det hette Oddbjørg og va på det tidspunktet ca 154,78 m (pluss høyden på
varden, forresten, og den e vel rundt to meter den óg). I dag e ikkje eg der,
så då e det 153 m, ifølge Toppomania, som eg nettopp har sjekka.


Elisabeth insisterte på at eg måtte oppå varden. Eg har høydeskrekk,
den toskete varden e smalare i bånn enn på toppen
(stas å klatra når du ikkje ser dine egne føter) og eg hadde ei av mine aller
mest tynnslitte bukser på meg (eg venta bare på et ritsjjjj).
Det kunne skjært seg på ca 150 punkt.
Men ka gjer eg ikkje?


Nåke skjelven, og meget bekymra for
nedstigingå, men, nevertheless,
på toppen av holmen.

Rannveig, det gler meg å kunna meddela at halvparten av Team Tull har bestege
Vestbøvarden, Finnøy sitt høgaste punkt. Og kom fra det med helså.
(Veldig) tidlig bursdagspresang te deg!
Ja, må hon leva!
Elle nåke.

tirsdag 18. september 2012

In a moment like this

Når verden ose forbi, og du har så masse å gjer at du ikkje vett
kor du ska begynna. Når oppgavene blir så mange at du ikkje heilt
ser ka retning som e opp. Når du blir så ufattelig frustrert av systemet,
av politikarane, av dine egne manglande superheltkrefter...

Det e då du må ta vare på øyeblikket. Når du plutselig har et friminutt uten vakt,
og kan setta deg ner på arbeidsrommet og drikka litt vatn. Når du har nåken timar fri
ein kveld og kan ta ein tur med ei god venninna og ikkje prata om nåke seriøst
med mindre du har lyst og velge det sjøl. Når ein elev du hadde i fjor kjeme og spør
"om du aldri ska ha oss mer nå?" Og blir skuffa når du svare at nei, det blir i såfall
bare som vikar.

Eller, viss dei øyeblikkå uteblir, så kan du ta fram nåken gylne minner.
I dag har eg tenkt på ei kveldsstund på ein hyttetram i Slettedalen i sommar.
Det va meg, det va Rannveig og det va julebrus spart på spesielt te denna anledningen.
Åh, men eg lo den halvtimen!

Så då klare eg ein dag te.Ein nasjonal prøve te. Ein vikartime te.



Et gyllent øyeblikk med Emelie
ein vinterkveld i York.
Det går fort godt.

onsdag 5. september 2012

I feel good

Dei siste dagane har sjølfølelsen og egoet vore på opptur.
Og i dag på jobb gjekk eg rundt og gliste heile dagen pga ein
situasjon som Odd Harald (mattelærar og god kollega) så fint gjenga på
facebook nå i kveld:






























Ingen fare, eg kjeme heilt sikkert snart ner på bakken igjen,
men eg nyte det så lenge det vare:)

søndag 26. august 2012

Can you hear the drums, Fernando?

Eg like frukt. Eg syns blomster e ufattelig fine, og mange av di lukte godt.
Eg like å pusta, eg like å leva. Og eg HAR oppfatta at for at eg ska få
alle dessa tingå, så trengs det insekter. Ein dag ska eg spør Vårherre om koffor
i all verdens land di måtte få så mange bein, men eg har forsont meg med at di fins,
og at me ikkje klare oss uten di. Javel.
Men koffor må di inn? Koffor i heitaste svartevatnet må di inn?
Eg har alltid sagt at så lenge di e ute, ska di få var i fred, men kjeme di inn,
då e det krig. Og nå har eg dengt laus på diverse mangebeinte her på berget,
som ikkje forstår grenså mellom inne og ute, i drøye to år.
Har eg nevnt edderkoppane i fjor haust som va så svære at eg kunne
hørra di når di trippa øve golvet? Yeah. Det va stas.
Og den sista vekå....

Lat meg fortelja ei lita historie.

Det va ein gang i et land slett ikkje langt herfra, kalt Soverommet.
I det landet budde (sov) det ein eineherskar. Ein skikkelig despot som raskt
knuste alt som kunne minna om meir enn fira bein. Denna historien strekke
seg øve et tidsrom på ca ei veka.
Eineherskaren hadde ikkje fått enormt med søvn, på grunn av varme, overivrige
langbeinar og ein spesielt eventyrlysten maur som syns det va ein spennande idé
å bevega seg langt øve alle grenser og øve ein høyde kalt Ribbeinå.
Han døde i forsøket. Time of death: 3.15 am.
Du kan sei at herskaren va ein smule lei. På grenså te grinete.
Så ein dag vakna hu lenge før planen. Hu åpna auene såvidt, og såg ein mørk skygge
gli langs dørstokken. Brillene på, opp på albuen for å sjå bedre. Synet som møtte hu,
va ei slagmark. På golvet låg to såra, det rykka fremdeles i dei lange beinå. Inne i et
hjørna satt seierherren, et digert mørkebrunt beist med tydelig vinnarvilje.
Eineherskaren gjorde kort prosess, kverka både vinnar og taparar og sendte di ner i ei
våt grav. Ilag, hu hadde ikkje så masse respekt for adskilte graver og sånn.
Lettare rysta øve morgenmassakren gjekk hu dagen i møte med et intenst behov for
å denga laus på alt som rørte på seg.
Neste morning: Kun ein såra, men ein desto meir slu seierherre. Pluss, ein hardrygga
ekling som døde før han fekk sjans te å forsvara seg mot anklagene om å ha vore den
som trakk i trådane og satt igang heile krigen. Eineherskaren spylte di ner, og forlangte
fredsforhandlingar mellom partane. Dei pågar i skrivande stund på ukjent arena.
Når dei krigande trakk seg tebake, kom dei sivile krypande fram.
Det va mange kreksalige øyeblikk, men det toppa seg når herskaren ein dag åpna
auene og glodde rett på et bevinga beist som hadde slått seg ner to cm fra nasen hennas. Needless to say, fysaken møtte ein rask og brutal skjebne.

Gaaaaaaaaaaaaaaaaaaaaaaaah. Eg kan ikkje fordra insekter som kjeme inn!!
Eg har allerede sitert Mr. Squiffy, men aldri har eg vore så enig som denna vekå:
"Let's all take a moment to be thankful spiders can't fly."

Det e sjelden eg tar meg tid te fotografera dei
uinviterte gjestene, men denna fekk foreviga sine siste
sekunder før eg moste an inn i evigheten.

fredag 17. august 2012

Det var en gang en sommer...

....det va iallefall ferie, om ikkje akkurat den store sommarfølelsen
meldte seg så ofta.

Men det e nåke med det...


  • å ligga i øvekøyå på hyttå og sjå ut vinduet på tjødnå og den lyse himmelen.
  • å ligga diagonalt i engelskstørrelsegjesteseng med viduene så langt opp du får di.
  • å ligga i hengekøyå onna tak og lesa mens regnet hamre mot bakken der nere.


Å slappa av, e det det di kalle det?


Det va litt gråvær i England óg.


Rett og slett dramatisk vær...

Anna og Katie i skauen.


Grottevandring. Det regna der nere óg.
Eg blei krafting kvalm på vei dit, han som slapp oss ner onna
bakken va hellig overbevist om at eg va fyllesjuk.
Voksne jenter blir visst ikkje bilsjuke lenger.


Grotta med stalagmittar, stalaktittar og
eget orgel....
Anna forsere våt hindring.

Sjølutløysar på Fountains Abbey

Fountains Abbey

Tripp trapp tursko.

Eventyrdag på Brimham Rocks

Anna forsere djup hindring.


Brimham Rocks anbefales!
Det va nesten sol!

Hadde enormt lyst å gå inn den dørå....

Det blir ofta fenomenalt vellykka bilder
når random turistar tilbyr seg å fotografera.

Sam og Abi nyte norsk foss.


Akkurat her regna det ikkje vatn, men
det va så enormt med fuglar..





Rain

It rained and it rained and it rained,
the average fall was well maintained.
And when the tracks were simply bogs,
it started raining cats and dogs.

After a drought of half an hour,
we had a most refreshing shower,
and then the most curious thing of all,
a gentle rain began to fall.

Next day was also fairly dry,
save the deluge from the sky,
which wetted the party to the skin,
and after that the rain set in.
                      Unknown


Eg e ikkje 100% øvebevist om at det va sommar.
Men det VA ferie!

Det var en gang en sommer. I nittenhundreognittitre?

søndag 5. august 2012

Itsy bitsy spider

Eg e veldig usikker på kor sommaren blei av.
Koss har det seg at ferien snart e (må tvinga meg sjøl te å bruka det gresseliga ordet..)
slutt? Eg syns an nettopp begynte. Men så va eg ei veka på SiS, ei veka i England,
hadde besøk fra England i ei veka, fam Solbakken va her i ei veka, og så innser eg
jo at det balle litt på seg her. I dag e det ei veka te neste søndag (tenk det!),
og neste søndag må eg var på plass på Finnøy, for mandagen e det jobb.
Eg kan ikkje sei eg blir gla inni hjerta mitt av å tenka på det.

Men, det e alltid masse å var takknemlig for, og på ein pub i England
(Mr. Squiffy's) fant eg et utsagn eg ikkje kan aent enn å var
djupt og himmelrungande enig i:






Det e mange gode minner å var takknemlig for ette denna ferien.
Ein viss fare for at det kjeme ramlande nåken bilder ettekvart!

tirsdag 3. juli 2012

For en gammel luftmadrass fra nittenåttifem...

Luftmadrasså va nok ikkje fra 1985. Men eg e ganske sikker på at teltet va
på alder med meg! Tone Iren og eg reiste på Sommer i Sør, 
med telt, halvaen luftmadrass og masse optimisme.
Me blei enige før me drog, at det va bedre å le enn å bli sure.
Og det praktiserte me rimelig godt gjennom heila vekå.
Når me såg kor "god" plass me kom te få i teltet, lo me.
Når me sammenligna teltet med alle rundt oss, lo me.
Kver gang me kom gåande bort på campingplassen, og såg teltet, lo me.
Me hold på å le oss ihel av det dei som gjekk forbi ette me hadde lagt oss
(evt før me stod opp) sa.
Når værmelderane slo te med syndeflod, såg me på kvarandre og lo.
Kver kveld låg me på luftmadrasså og vrei oss av latter te me nesten ikkje fekk pusta.
I det heile tatt lo eg mer enn eg har gjort på lenge.
Latterkramper e sunt!

Hørrt utenfor teltet:
Liten unge: "Hvorfor har de så lite telt?"
Sliten mamma: "Det vet jeg heller ikke"...



Det va ei veka med opp- og nedturar, med sinne, hurraglede, latter, tårer, morro
og et hovedfokus: MER JESUS!  
Det trengte både eg og mange andre, det va herrrrlig å få lov å bare fokusera på
det viktigaste ei stund. Det kan fort komma flere rapportar fra den vekå ;)


Speidere, vær beredt!
Eg har aldri vore speidar, men eg får te å sikra meg mot
syndefloder likavel!