tirsdag 29. april 2014

I won't hold you back

Heiane, der va det gått øve tre månar si eg blogga, gitt..
Men NÅ. Nå e eg 50% friskmeldt, og det har eg bestemt at betyr
at eg har lov å blogga. Så det.

Eg lovte visst, i januar ein gang, ein historie om ein pitbull.
Det va selvfølgelig ikkje ein pitbull. Ein av elevane mine fekk det
der overbærande "nå e du mer enn lovlig tett i skallen"-blikket,
og sa: "e du sikker på at det ikkje va ein bulldog?".
Det e klart det va ein bulldog. Eg burde sikkert skamma meg,
men eg tar det med ro, kjenne eg.

Uansett. Eg va ute på Vignes og gjekk tur med tre mennesker,
ein cavalier king charles spaniel (ska det var, så ska det var)
og altså ein bulldog. Nevnte bulldog valgte ei aen ruta enn hu
som holdt i båndet. Han satte båndet fast, og siden eg hadde
gått for samme veiløysing, blei det meg som sko fiksa opp i
det her. Og meg som stod med båndet i håndå når hunden va
laus. Når han va laus, og oppdaga at dei andre hadde gått i
forveien. Du kan sei ka du vil om dei små pluggane, men di
kan setta opp litt av ein fart. Eg hadde ikkje sjans å stoppa han,
det va bare å henga på. Va faktisk ganske stolt av meg sjøl,
der eg hoppa og spratt mellom steinar og kjerr, at eg ikkje
gjekk i bakken. Men når me kom ut på ekrå, då bestemte
eg meg for å setta på bremsene og ta tebake kontrollen.
Lurt. Har du stått på vannski nåken gang? Det har ikkje eg,
men eg har stått på joggesko i sørpa ette hund.
Ikkje lange beten, ein meter eller tre, før eg plutselig låg
vannrett i luftå (flashback te springing på bassengkanten i
Saudahallen). Og landa på ryggen med et klask. Et skikkelig
sørpeklask. Fekk raskt selskap av to hundar som ville hilsa.
Eg like hundar, eg gjere det, men di FÅR ikkje lov å slikka meg
i fjeset. Det e ein neiting.

Kom meg på beinå, ingen skade skjedd, bortsett fra at eg va
ein anelse skitten. Fra helane og opp i håret. Sunt, seie di.
Me får tru det.

Det har skjedd litt, dei siste månane.
Løye med det, samma kor sjukemeldt eg blir,
e det stadig nåke galskap som snike seg fram.

Det kjeme nok referat;)

Tok turen hit igjen i påsken.
Never gets old.

lørdag 25. januar 2014

Stayin alive

Eg leve ennå, altså.
Bare forbaska vondt i armane og skriveforbud.

Når eg e bedre og usjukemeldt og sånn, ska eg fortella koffor eg ein søndag kom
heim med sørpa fra helane og opp i håret.
Det e ein historie for seg sjøl. Inkludere ein pitbull.
Jepp.

Holde på å blåsa vekk, men fremdeles i live.

mandag 23. desember 2013

Nå har vi vaske golvet

21. desember 2013.
Dagen då alt skulle skje, og så litt te.
Eg va trøtt og småsur igrunn når eg stod opp, men måtte jo bare
setta igang og få alt gjort. For det skulle ryddast og støvsugast, tørkast støv
og pakkast. Det skulle øvast på den hersens andrealtstemmen på første vers av
Mitt hjerte alltid vanker, som fremdeles ikkje satt. Det skulle testast cd på anlegget
te Sveinung, så me va sikre på at det ikkje skar seg om kvelden. Det skulle fyllast bensin.
Det skulle handlast litt og dusjast. Og alt skulle skje før mor kom med båten
ti øve halv fira. Julå sko jo syngast inn, så mor va i anmarsj.
Nå kom jo ikkje den båten ti øve halv fira.
For den hadde fått plast i propellen, nemlig.
Mhm. Men te slutt kunne eg plukka opp mor på kaien akkurat i tide te
å var i kjørkjå litt før FFC begynte å komma. .

For eg skulle jo dirigera kor, må veta. Han som dirigere te vanlig, han tok seg
ein tur te India han, "det syns eg va dårlig gjort", sa eg te publikum når stundå kom.
Men ungane sang dei, så di nesten blåste ut kjørkjeveggene,
og eg, eg spelte luftgitar som eg aldri har gjort det før.
For eg hadde nå ein gang satt meg i håve, at sko eg først spela luftgitar,
måtte eg gjer det skikkelig.
Ellers blei det bare pinlig. Så eg slapp tøylane og lot det stå te.
"Eg syns du gjorde spelejobben te Tolli bra, eg, va det ein av guttane som sa
ettepå. Det varma et nybegynnarhjerta. Men heiane så gåen eg va!
Eg visste ikkje heilt koss eg sko klara å stå oppreist i kyrkjekoret på innsynging nr 2.
Men det gjekk på et vis, og det blei ein ufattelig kjekk kveld!
Ette ein styrketår med gløgg hos ei venninna, bar det heimøve.

Trøtt som ei fela, men rimelig lett te sinns. Inn på ferjå, opp og eta litt,
så kom eg på: Eg fekk jo ein melding, den har eg ikkje lest!
Kor e mobilen? Ja du, kor va mobilen?
Ette litt tankevirksomhet kom eg på at eg fekk meldingå akkurat når eg skulle
kjøra ombord i ferjå. Og slapp telefonen rett ned i fanget. Så den hadde nok ramla
ner når eg reiste meg for å gå ut av bilen. Eg oste ner te bilen, leita inni og onna,
pluss onna nabobilane. Ingen mobil. Opp igjen i vill fart.
Og viss du trur det va rolig på sjøen...
Det va det ikkje. Ferjå duva skikkelig, og eg fekk tidvis svært god fart.
På høge helar. Ingen mobil der me hadde holdt te oppe. Ner igjen, ganske frenetisk nå.
Ny gjennomsøking av bilen og dekket rundt. Heile tiå ringte eg te an med mor sin tlf.
Ingen mobil. Bilane rundt begynte å kjøra av. Eg hadde lite valg, eg måtte følga på.
Men når eg kom på land, vrengte eg te sies og sprang ombord igjen.
Eg spurte ein ferjemann om lov te å leita på dekk, og han såg nok desperasjonen
i blikket, for eg fekk lov. Men eg måtte sjå meg for sa an, for nå begynte bilane å kjøra på.
Og det gjorde di, med kystbussen i spissen. Men då hadde eg allerede oppdaga
ein svart sak som låg midt på dekk. Eg sprang. Å du hendelse, så eg sprang.
Når eg heiv meg inn i bilen igjen og slengte mobilen te mor, sjønte hu lite.
Og eg va jo så andpusten at eg nesten ikkje kunne snakka før me va kommt langt
vekk fra ferjeleiet. Men mobil, det har eg! Mor meine på at det må var årets juleunder.

Nå har eg skreve griselangt. Sorry. Men det va ein lang dag!
I kveld e huset heima og rommet mitt julepynta.
Krybbene e framme, treet e inne og pynta, ispinneJesus ligge i krybbå si.

Nå e det jul.

GOD JUL te deg og dine, måtte dokke alle få ei velsigna høgtid!

Eg fant et arkivbilde.
Sånn såg treet ut i 2009.


Guds fred over fjellet og åsen.
La det gro der vi bygge og bor!
Guds fred over dyran på båsen
og ei frossen og karrig jord.
Du ser oss i mørketidslandet,
du signe med evige ord
husan og fjellet og vannet
og folket som leve her nord.

onsdag 18. desember 2013

En kvil i julestria

Mandariner.
Murstein.
Lilla lys.
Julemusikk.
Stjerna i vinduet.
Snøkrystallar på klasseromsvinduet.
Julepost.
Lilla duk.
Buskar og trer med lys på.
Julekonsertar.
Øving på juleevangeliet.
Pepperkakelukt.
Luciatog.
Håndball.

Skrivekrampe.
Knust ternelys ("trekk pusten, ikkje hiss deg opp...").
Konstant øving.
Adressejakt (kor ska eg senda kortet hen?).
Stive skuldre.
Prestasjonsangst.
Gavejakt.
Den ufattelige skuffelsen når eg treffe på ei dårlig mandarin.
Det evinnelige maset om at det E ikkje mandariner eg ete.
Stjerna som nekte å henga beint.

Joda. Det e desember.
Eg elske desember. Desember e ein einaste lang fest (null ironi!).
Men jammen blir det godt med ferie, kjenne eg.
Eg bakte pepperkaker med nåken venner på søndag, og hu eina sa te meg at
"du trenger ikke bage, du kan bare ta en deigklump og sitte der og spise."
Eg såg visst litt trøtt ut....va det og. Men lagte ei kaka og to for det.
Og åt masse deig.

Anne Kristine, herlige Anne Kristine, sendte meg ein mini-
adventskalender i posten. Salighetsting!

Viktig å ikkje ha det alt for koselig, da glømme du
kakene du har i ovnen,

Pepperkakehuset halvferdig pynta.
Tok ingen bilder når det va ferdig,
va opptatt med å eta pynten me ikkje brukte...


Forresten har eg skreve 30 julekort i kveld. For hånd.
En drøy prosentdel på engelsk.
Nå tar eg pause.
Håndballkamp!
Det e desember. Det e advent. Og snart, snart e det jul.


lørdag 30. november 2013

Kanskje kommer Kongen

Kongen va der ikkje, men for snart to veker si
(livet e travelt...) fekk Trond Spanne, som eg går i kor med,
Kongens fortjenestemedalje. Hurra for han, vel fortjent!

Me i koret  fekk var med på feiringå, me både sang og fekk goood mat.
Men det gjekk opp for meg den kvelden at det å bu og eta aleina,
det går hardt utøve evnen te å eta som folk...
Kort sagt, bordskikken blir litt rusten.

Eg e vant te å eta middag i sofaen, med tallerken i håndå eller på fanget.
Denna kvelden fekk me ei knallgod suppa, servert i store skåler på et
flott dekka bord med snøkvit duk. Eg fekk et problem.
Nå for tiå, når eg ete suppa, holde eg skålå nesten opp te hakå.
Så søle eg ikkje.
Men eg kunne jo ikkje godt gjer det i fint selskap!
Har du nåken gang tenkt på kor langt det egentlig e fra bordet og opp te munnen?
Det tenkte eg på den kvelden. Eg tenkte ganske masse på det.

Hadde eg bare vore i lag med venner og kjente, sko det nå vore null stress. 
Men det va liksom ein fest med ein haug ukjente, med ordførar, varaordførar,
leiar og nestleiar i bondelaget, leiar i idrettslaget....Yeeesh.

Nåken kveldar seinare va eg på besøk hos ei eg ikkje kjenne så veldig godt ennå,
me spelte spel og koste oss. Blant aent fekk me popcorn. Og eg lure:
Når man ete popcorn, og får fingrane fulle av fett og salt, og ska lesa spørsmål
fra spelekort...ka då? Du ska jo helst ikkje verken slikka fingrane eller tørka di på
bukså, ei heller på genseren te den som sitte ved siden av deg. Ska du ha ein serviett
liggande i fanget og tørka deg kver gang du har ete nåke? Det funke vel på et vis,
antar eg, men må jobba litt med å legga meg te den vanen...

Nå på torsdag va det juleavslutning med utdanningsforbundet. Først ein apetitt-vekkar,
og så tre retters middag. Hysteriske mengder bestikk klar te bruk.
Eg har sett Titanic, der seie di at man ska begynna ytterst. Men når det ligge ei skei
på tvers av servietten, som ligge der tallerken nødvendigvis må stå?
Eg kom ifra det med helså, men hadde ein gaffel igjen. Vett ikkje ka ti eg sko ha brukt an...
Men klarte jo ikkje å eta opp maten min. Eg skjønne at det e fint å få maten
servert og dandert og sånn, men då, verdens kokkar, må dokke takla at eg ikkje klare
å dytta i meg alt dokke legge på tallerken! 
Ideelt sett skulle eg hatt ein personlig kompost, ein som kan eta opp det eg ikkje klare. 
Det hadde eg når me va på klassetur med Hvite Busser.
Livet va enkelt!

Det e godt det e Trond, og ikkje meg, som ska te Oslo og møta Kongen.

Et glimt fra ei enklare tid. Kun ein kniv og ein gaffel.
Viss me ville, hadde me tallerken i fanget.
Og den største utfordringen va å huska
ka for nåken stykker det va sopp på og ikkje.
 

Forresten sølte eg suppa på den kvite duken på Utsyn. Sorry.

tirsdag 12. november 2013

Så kom der fram ein gamal mann

Altså.
Eg surra litt rundt i gamle dokumenter på pcen.
Eg fant ei "bucket list". Nærmare bestemt, eg fant ei lista øve
ting eg ska ha gjort før eg fylle 30.
Ei lista eg skreiv når 30 va litt lengre unna.

På listå va det 10 punkt, og nei, eg har ikkje tenkt å referera alle her.
Problemet mitt e, at eg har gjort ein av dei ti tingå. Ein.
Og det e absolutt nåken der som eg kan klara, sjøl om deadline nærme seg
med kjappare skritt enn eg egentlig sette særlig stor pris på.
For, for all del, eg ska klara å få sett It's a wonderful life.
Den står jo i hyllå og bare vente på ein anledning.
Læra meg å plystra skikkelig høgt, det burde kunna gå an.

Men ser jo at eg har ein ferie å bestilla. Og nåken spekkhoggarar eg
fremdeles bare har sett på film. Pluss et par ting te, som eg akkurat nå
angre litt på at eg skreiv ner i det heile tatt.

Crap. Kem sin idé va det nå egentlig med sånne lister?
Og koffor i ALL VERDEN satte eg deadline på 30?
Eg sko heller skreve før eg dør. Det e jo forhåpentligvis litt lenger te.

Temmelig sikker på at når eg først kjeme te 29, då blir eg der.

Ah, 2009.
Året eg blei 24. 25 va fremdeles langt unna,
og 30 bare ein fjern mulighet.
Ut på tur på Voss i Natalie si hua med
ustoppelig humør.
Ka skjedde?

Eg trur eg kjeme te komma i midtlivskriså innen ei veka...
Neste gang eg lese gamle dokumenter, vil eg det ska var nåke mer oppløftande.


Kaffor eg ikkje legge ut heile listå?
Lat meg illustrera med et eksempel:

Sam va på besøk i Sauda. I løpet av det besøket klarte han å uttala at
"I don't think I ovulate".
Sam lånte foreldrene mine sin pc, og logga seg på bloggen sin.
Sam logga seg ikkje av bloggen sin.
Så eg, som den gode vennen eg e, la ut det lovely sitatet. På hans blogg.

Ka han sa?

"Hey, my grandma reads that!"

onsdag 30. oktober 2013

Autumn leaves

Oooog der va det gått nesten ein måne si sist eg blogga.
Eg skulle jo igrunn hatt juling.

Men det har vore ein fullstappa måne, det vil eg bare ha sagt!
Det har vore kjempeoppturar og grundige nedturar.
Det har vore fri, det har vore jobb, det har vore foreldresamtalar,
vikaroppgava som sufflør (høydare!), bursdagsfeiring,
netter med masse bekymringar og lite søvn...

Nå e eg gørr sleten, og glede meg vilt te sånn i ti-tiå på fredag kveld,
når eg ska ta heilt fri et døgn eller så.

Men eg hadde et par dagar i ferien som va heilt gull.
Og jammen fekk eg tatt et par bilder, og.

Piknik på Vetrhus. Blikkstille.

Det e dei same trenå så e fine kvert år.
Denna lønnå kan eg lika!


Ka gjer det egentlig om livet e travelt, når eg får sånne pusterom innimellom?