søndag 15. april 2012

It's the climb

Det blir ein del turgåing for tiå. Og med det følge jo naturlig masse
gode opplevelsar. Og ein god del galskap.
Det e stort sett Elisabeth og eg så går, og eg trur det e kombinasjonen
av oss to som fort kan utløysa ein del...eh...påfunn.
Eg har skreve før om når me va ute i "heiå" (dei hermetegnå MÅ med,
alvorlig talt. Eg e fra indre Ryfylke. Der e det heiar.) og klatra på vaklevorne 
steinmurar mens me delte "I've been a wild rover" med alle innenfor hørevidde.
Og det e som regel når me bevege oss utenfor asfalten at ting har ein
tendens te ta litt av. Elisabeth har lært et fint uttrykk av mannen sin:
"Christopher Columbusing". Det e det me ofta drive med, nemlig.
Alternative ruter. Og det e ikkje det at me rote oss vekk og ikkje lenger
vett kor me e, problemet ligge heller i koss me ska komma oss derifra.
Bildet e fra ein liten "snarvei" som nok tok ca dobbelt så lang tid som
å gå rundt. Me pløye rett gjønå her! Ja! Kjempeplan! Eller nei.
Men morro e det.

Columbusing i Hesbyskogen.
Det va mer utfordrande enn bildet vise.
Eg måtte jo finna trygg grunn før eg kunne ta fram kameraet...

Dagens tur tok eg med Øydis. Det va vær, kan du sei. Vind heile veien,
og to ufyselige haglbyger. Men midt mellom di fekk me ei luka med sol
som gjorde alt verdt det. Me fant ein lun krok og solte oss, åt Kvikk Lunsj
Soool og Kvikk Lunsj:)
og studerte ei vipa på ein haug lenger nere. Det e vår! Tjoho!




Finværsluka mellom haglbygene.


1 kommentar:

Olaug sa...

"Å nei for himmel rein og klår. Å sæle meg, nå er det vår". Vind og haglbyger på Finnøy, sol og snøkvite toppar i Sauda. Det e saker--!