torsdag 7. juni 2012

...og fire kvister deler seg

Du vett den følelsen når du henge ette armane mellom himmel og jord
og lure litt på om denna rognå egentlig tåle vektå di?
Du sprelle litt med beinå og prøve å finna bakken, ein liten
flekk med trygg grunn å setta føttene på. Foten tar neri,
bakken smuldre opp onna skoen, du sklir og får på nytt fart
ut i den tidlige sommarkvelden. Nei? Ukjent for deg, seie du?
Du sko tatt deg ein tur med Elisabeth og meg. Eller... det kjeme vel litt an på
om detta va nåke som hørrtes fristande ut.
Hørrt i skauen på vei ner fra Landafjellet 31. mai:
"Viss me nå prøve å gå bort der, så komme me oss kanskje ner der."
"Ja....går an å prøva."
"Vil du gå først?"
"Kjære vakre rogn, nå har du full styring på livet mitt."
"Viss eg dør på vei ner her, kan du sei te foreldrene mine at det va 
in pursuit of better health. Elle nåke."
For å sei det sånn: Me hørrte ganske godt dei som jobba på gårdane nerforbi oss.
Viss di tok et øyeblikk og hørrte ette ka som egentlig foregjekk oppe i 
skogen, tippe eg di fekk seg ein god latter.
Saken va den, at me hadde gått opp på Landafjellet, og nå skulle me ta 
tyskertrappene ner igjen. Dei hadde eg nemlig aldri gått. Men det hadde
Elisabeth. Det gjaldt bare å finna di. Og det gjorde me forsåvidt. Ei stund.
Så forsvant di ut i ingenting, og Elisabeth sin teori om at "eg trur det e ner her altså!"
blei slått kraftig ihel med et "e du VILL? det e jo 90 grader rett ner! Eg går ikkje ner der."
Mulig eg skulle ha gått ner der. For det va ikkje veldig lite bratt der me te slutt endte
med å gå ner helle. Og det va ikkje trapper der. Det va ein vaklevoren mur, det va graner 
(nytte ikkje å holda seg i dei nederste greinene på graner, di bare knekke!), det va latterhyl
og galskapsakrobatikk. Og det e her me kjeme te øyeblikket der eg hang og dingla
i ei rogn og va direkte glad for at eg bare hadde ete to kjeks på foreldremøtet den kvelden.
Det gjekk utøve ca alle musklene i kroppen (Elisabeth kjenne det ennå, seie hu), 
inkludert lattermusklene. Og så endte eg opp med ein veldig grønn buksebak.
Men alle va enige om at det hadde vore ein gilde tur!



Når eg kom heim, oppdaga eg at eg hadde fått
litt av skauen med meg te Judaberg.
Hurra for columbusing!


3 kommentarer:

Olaug sa...

Det va det året det va så bratt.
Kanskje også glatt?
Då e det godt med någe å halda i.

Ingunn sa...

Eg skjønte ikkje korleis (torske)rogn hadde med å tåla vekta di.....men det demra itte kvart.....gammale eg vett du, og me gamle har litt tungt for det....

totliii sa...

Å, håhå... Eg våga aldri meir å gå på tur i skog og hei me deg! Koss får du d te?!? Du asså... :D