mandag 23. desember 2013

Nå har vi vaske golvet

21. desember 2013.
Dagen då alt skulle skje, og så litt te.
Eg va trøtt og småsur igrunn når eg stod opp, men måtte jo bare
setta igang og få alt gjort. For det skulle ryddast og støvsugast, tørkast støv
og pakkast. Det skulle øvast på den hersens andrealtstemmen på første vers av
Mitt hjerte alltid vanker, som fremdeles ikkje satt. Det skulle testast cd på anlegget
te Sveinung, så me va sikre på at det ikkje skar seg om kvelden. Det skulle fyllast bensin.
Det skulle handlast litt og dusjast. Og alt skulle skje før mor kom med båten
ti øve halv fira. Julå sko jo syngast inn, så mor va i anmarsj.
Nå kom jo ikkje den båten ti øve halv fira.
For den hadde fått plast i propellen, nemlig.
Mhm. Men te slutt kunne eg plukka opp mor på kaien akkurat i tide te
å var i kjørkjå litt før FFC begynte å komma. .

For eg skulle jo dirigera kor, må veta. Han som dirigere te vanlig, han tok seg
ein tur te India han, "det syns eg va dårlig gjort", sa eg te publikum når stundå kom.
Men ungane sang dei, så di nesten blåste ut kjørkjeveggene,
og eg, eg spelte luftgitar som eg aldri har gjort det før.
For eg hadde nå ein gang satt meg i håve, at sko eg først spela luftgitar,
måtte eg gjer det skikkelig.
Ellers blei det bare pinlig. Så eg slapp tøylane og lot det stå te.
"Eg syns du gjorde spelejobben te Tolli bra, eg, va det ein av guttane som sa
ettepå. Det varma et nybegynnarhjerta. Men heiane så gåen eg va!
Eg visste ikkje heilt koss eg sko klara å stå oppreist i kyrkjekoret på innsynging nr 2.
Men det gjekk på et vis, og det blei ein ufattelig kjekk kveld!
Ette ein styrketår med gløgg hos ei venninna, bar det heimøve.

Trøtt som ei fela, men rimelig lett te sinns. Inn på ferjå, opp og eta litt,
så kom eg på: Eg fekk jo ein melding, den har eg ikkje lest!
Kor e mobilen? Ja du, kor va mobilen?
Ette litt tankevirksomhet kom eg på at eg fekk meldingå akkurat når eg skulle
kjøra ombord i ferjå. Og slapp telefonen rett ned i fanget. Så den hadde nok ramla
ner når eg reiste meg for å gå ut av bilen. Eg oste ner te bilen, leita inni og onna,
pluss onna nabobilane. Ingen mobil. Opp igjen i vill fart.
Og viss du trur det va rolig på sjøen...
Det va det ikkje. Ferjå duva skikkelig, og eg fekk tidvis svært god fart.
På høge helar. Ingen mobil der me hadde holdt te oppe. Ner igjen, ganske frenetisk nå.
Ny gjennomsøking av bilen og dekket rundt. Heile tiå ringte eg te an med mor sin tlf.
Ingen mobil. Bilane rundt begynte å kjøra av. Eg hadde lite valg, eg måtte følga på.
Men når eg kom på land, vrengte eg te sies og sprang ombord igjen.
Eg spurte ein ferjemann om lov te å leita på dekk, og han såg nok desperasjonen
i blikket, for eg fekk lov. Men eg måtte sjå meg for sa an, for nå begynte bilane å kjøra på.
Og det gjorde di, med kystbussen i spissen. Men då hadde eg allerede oppdaga
ein svart sak som låg midt på dekk. Eg sprang. Å du hendelse, så eg sprang.
Når eg heiv meg inn i bilen igjen og slengte mobilen te mor, sjønte hu lite.
Og eg va jo så andpusten at eg nesten ikkje kunne snakka før me va kommt langt
vekk fra ferjeleiet. Men mobil, det har eg! Mor meine på at det må var årets juleunder.

Nå har eg skreve griselangt. Sorry. Men det va ein lang dag!
I kveld e huset heima og rommet mitt julepynta.
Krybbene e framme, treet e inne og pynta, ispinneJesus ligge i krybbå si.

Nå e det jul.

GOD JUL te deg og dine, måtte dokke alle få ei velsigna høgtid!

Eg fant et arkivbilde.
Sånn såg treet ut i 2009.


Guds fred over fjellet og åsen.
La det gro der vi bygge og bor!
Guds fred over dyran på båsen
og ei frossen og karrig jord.
Du ser oss i mørketidslandet,
du signe med evige ord
husan og fjellet og vannet
og folket som leve her nord.

1 kommentar:

Olaug sa...

Ja, gjett om det va liv den 21.desember 2013.