lørdag 6. september 2014

Lenge leve livet

September kom i år óg.
Eg e av dei som alltid blir sittande og lura på kor i all verden sommaren blei av.
Og nå i dag, når eg omsider fekk anledning te setta meg ner å tenka øve nettopp
det spørsmålet, kom eg vertfall på ein ting og ti eg foretok meg.

Det va den sommaren eg lærta å hørra på bjellene om det va sauer fra Drarvik
eller Halsnøy som gjekk og surra i haugane rundt hyttå.

Det va den sommaren eg leste øve 40 bøker dei første tre-fira vekene,
eg låg på ryggen og fløyt i tjødnar og fjord og såg opp på himmelen og kjente
kor ufattelig godt det kan var å leva, eg gjekk tur opp langs røyrgatå og kjente
nok ein gang kor trist dårlig oppøvebakkeform eg får av å bu på holmen,
eg stappa i meg god mat og snop og jobba maks for å legga på meg nåken
kilo som kunne få lov å detta av igjen når eg kom tebake på jobb.


Så varm som Hylsfjorden va i sommar....
Hadde det ikkje begynt å tordna, e eg ikkje sikker på
at eg hadde kommt på land igjen ennå.


Eg holdt meg i Ryfylke heile sommaren. Det trur eg aldri eg har gjort før.
Ikkje så lenge eg kan huska, vertfall.

Eg slappa av, girte ner og tok livet med knusande ro.

Viss det ska nevnast et øyeblikk som stikke seg ut, så må det bli
ein solrik kveld i hagen der vannslangen kom fram, og mor bare skulle
testa om an funka. Med munnstykket på nevnte slange vendt rett mot
fjeset på meg. Jepp.
Eg sa med ein gang at detta kom te få konsekvenser,
men det gjorde visst ikkje inntrykk, for hu kan ikkje beskyldas for å
var på vakt. Ein time og to seinare, når mor gjekk og rakte plenen for greiner,
i shorts og bikiniliv....Då tok eg hevn.
Eg har aldri hørrt den lyden fra fru Drarvik før.
Det trur eg ikkje naboane har heller. Sikkert greit at di fleste
ikkje va heima. Men eg lo. Eg ler ennå, kver gang eg kjeme på det.
Tidenes.

Sannsynligvis den sommaren i mitt liv der eg gjorde minst.
Men det e jammen ikkje nødvendig å gjer så masse heile tiå.

God tid, avslapping, null planar. Undervurdert.

2 kommentarer:

Olaug sa...

Ja,det va innmari kaldt-og uventa!

Anonym sa...

Nå leeeeer eg så tårene trille :-)
Unnskyld Olaug

Klem frå Ingunn