torsdag 23. oktober 2014

Don't need no fortune teller

Av og te lure eg på om eg ikkje e ein liten anelse av ein smule profetisk.
Ta dei engelske glosene som eg stappe på lekseplanen kver veka.
Forrige veka hadde eg tatt med verbet to break.
Eg starta ballet sjøl, med å hekta ringen i lukkemekanismen på krukkå
me har youtube-lappar (jepp, det e ei greia) i. Sendte na i golvet med et smell
og et kræsj, og lokket gjekk i tusen knas. Eg såg sikkert litt matt ut, for ein
av elevane sa "me trenge jo ikkje lokket, Oddbjørg!".
Seinare i vekå gjekk ein vase i golvet (det va ikkje meg den gangen),
og nok ein gang fant eg meg sjøl ståande og sopa knust glas opp fra golvet i klasserommet.
To break.

Denna vekå slo eg te med upset. Og la meg sei det sånn, når eg glømte mobilen heima
mandag morning, og måtte kjøra heim igjen og henta an (nytte ikkje å ikkje ha mobil
når eg ska ha foreldresamtalar).... når eg fant ut at eg hadde klart å ikkje setta opp
foreldresamtalar før klokkå fira mandag ettemiddag, når eg kunne ha begynt halv tre,
og med andre ord vore ferdig halvaen time før....
når eg oppdaga at eg hadde klart å legga inn ein ufrivillig 20 min pause
mellom to samtalar på mandag, så dagen blei ennå lengre....
når skulen fant det for godt å ha brannøvelse i regnvær,
så eg va våt og kald resten av dagen...når avtalte datoar ikkje passe likavel,
når eg ska ut å ha vakt i et regnfullt friminutt og paraplyen min på ukjent vis
e blitt ødelagt av å stå i garderoben,
når eg trur eg har nådd inn te nåken og det bare vise seg å var heilt feil...
Jepp, du gjetta det: summen e upset.

Men: Nå e eg i det stora og heila ferdig med foreldresamtalar, det e snartsnart helg,
eg ska på husfellesskap i kveld og eg gjekk heim fra jobb når arbeidstiå mi va slutt
i dag (og ikkje timavis ettepå...). Ka e nauå då?

Einaste e innen vekå e slutt, ska elevane óg ha lært ordet accident.

Neste veka har eg lagt inn relax.


Eg har masse gode venner, og det fins sjokolade.
Det går fort godt.