onsdag 30. mai 2012

Somewhere beyond the sea

Okei, så i går gjorde eg nåke eg normalt ikkje gjer.
Eg brukte google bilder i klasserommet, vist på prosjektor,
uten å ha testa på forhånd ka for slags bilder som kom opp. Me hadde snakka
om sfinxen i Egypt som mangle nase (har sett prinsen av Egypt, og ja, eg understreka
at det neppe e historisk korrekt at det va Moses sin feil at den nasen ramla ner..),
og tidligare på dagen hadde me rota oss inn på blåkval. Og eg hadde prøvd å forklara
størrelsesforskjellen på ein blåkval og et menneske. Så siden me allerede dreiv og såg på
bilder, søkte eg på blåkval vs menneske. Og fekk opp ein masse forskjellig, blant aent
bilder eg kunne bruka te å illustrera kor ufattelig svær ein blåkval kan bli.
Eg hadde ikkje eingang gått særlig langt nerøve siå. Plutselig såg eg nåke eg kjente igjen.
Jada, for vett du ka ei fant når eg googla blåkval vs menneske?
Et bilde av meg sjøl.
Unødvendig å beskriva entusiasmen i klasserommet...

Bildet va selvfølgelig fra bloggen, av meg og Emelie som står mellom
to digre kjevebein fra ein blåkval.
Syns det bildet har gjort seg fortjent te ei nyvisning:

Blåkval vs menneske

onsdag 23. mai 2012

Gylne skor

Eg sitte her og har ete meir is enn ka som burde vore lovlig, 
og ser på bilder fra gårsdagens tur. Gylne skor e soundtracket
akkurat nå, og då kom eg jo på den enorme kuskiten Elisabeth trødde i.
Hu gjekk i sandaler, og det surkla godt der hu sklei avgårde.
Eg e egentlig ikkje særlig snill.
Eg lo. 


Det e igrunn ikkje så verst fint her på holmen.



Det e sol, det en varmt, og tradisjonen tru blir eg tung i håvet og lettare irritabel.
Me må ha oss ein tur i dag og. Men først vil eg ha ein is.

søndag 13. mai 2012

Fiskarna i haven

På torsdag smakte eg fiskefór. Jepp. På besøk på Rygjabø med
fjerde klasse og på tur ut te oppdrettsanlegget. Store, brune pellets som
igrunn ikkje smakte spesielt godt. Men eg smakte. Litt usikker på ka eg prøve 
å bevisa med å alltid ta dessa ekle utfordringane, men mindre enn ein time
seinare smakte eg rå kråkebolla. Eg anbefale ikkje det heller.
Me kan legga dei to tinga te listå øve ting Oddbjørg ikkje like.
Ilag med mais, sopp og håveverk.



Ungane lærte å knyta knutar.
Eg prøvde intenst å blanda meg minst mulig.

Forresten fekk eg hørra av ein av elevane mine ein dag at
"du va heldig med fjeset ditt".
Det regne med kompliment te ein lærar.

lørdag 5. mai 2012

Liv som har levd og forsvunne

Ka eg har gjort i det sista?
Tja. Eg har rørt i tomatsuppa og prestert å vippa vispen opp og ut i luftig svev
før an kræsjlanda på golvet. Unødvendig å sei at det va suppa på komfyren, på golvet,
på skapdørene, på kjøleskapet og på meg. Ellers har eg tatt et godt jafs av tommelen
med et råkostjern, prøvd å kopiera opp et oppgavehefte te 15 elevar med et vikarskjema
 inni (va først irritert for at kopimaskinen streika, men innsåg det va ein
"blessing in disguise",det e jo ikkje nødvendig å dela sånnt ut te ungane),
har vaska ei lys dongeribuksa med ein lapp av tjukt gult ark i baklommå
(nå e den lommå gul), har tilbragt ein dag ute i solå med solbriller uten solkrem
(vaskebjørn, ja...), har lært ein klasse å dansa reinlender speilvendt....
I dag sko eg eta resten av tomatsuppå, og presterte å søla i sofaen
og på meg sjøl.

Men: Eg har ikkje vore på sjukehus, eg har ikkje vore på nåke bilverksted,
og eg har ikkje vore på legekontoret (bare på helsestasjonen, og sånne småting
kan me ikkje henga oss opp i).

Dessuten e det vår. Ka e nauå då?






Førr nu e det vår her i byen, og gatan e bar.
Det spire og gror i landet.
Og det gjør oss takknemlig førr det som vi har,
vi trur på oss sjøl littegranne.
                                                                                                   
                                                                                                     H. Sivertsen

søndag 22. april 2012

Alt så har liv seie: eg vil,eg!

Eg e øve gjennomsnittet gla i kvitveis.
Og på Finnøy fins di i ville mengder.
Love it!

Me har vore ute og lekt i våren!
I går la me turen te Spanne og videre øve te Harås.
Målet va egentlig at Elisabeth sko ta bilder av lam, men eg fekk nå tatt 
ein del eg og. Av lam, blomster, venner, utsikt....vår!
Når me sko ut på veien på Harås, måtte me gjønå ei litt gjenstridig grind.
Ein ståltråd som va ein smule stram og temmelig rusta holdt na på plass.
Eg begynte å lirka. "Ikkje gjer da", sa Øydis. "Dåke får an ikkje på igjen".
Elisabeth bare fnyste. "Har sje du vore med Oddbjørg før, du?".


Hestehooooov!
Det e lite i verden som lukte
bedre enn hestehov.

Heilt ok pluss utsikt på Spanne.
Og så likte eg påskeliljene langs muren!

Di dreiv og slapp sauene ut. Dei fleste lammå
va ute, mens mange av søyene fremdeles va inne.
Det va lyd.

Littegrann sprett i di, kan du sei.

Eg fant ein fin stein:)

Øydis blei tvunge te å posera.
Detta bildet burde ha hatt lyd.
Priceless.

"Gå gjønå dokke, så tar eg bilder!"
Lite gjennomtenkt, Elisabeth.
Då står det jo ein fotograf klar
på andra siå.

"Det va godt me tok med oss Øydis!" sa Elisabeth.
Oddbjørg va enig.

Han lèt meg liggja i grøne enger....

....han fører meg til vatn der eg finn kvile.

Me traff ein kvalp!

Heilt ufattelig skjønn.



Vår og venner. Alliterasjon på høgt nivå.

søndag 15. april 2012

It's the climb

Det blir ein del turgåing for tiå. Og med det følge jo naturlig masse
gode opplevelsar. Og ein god del galskap.
Det e stort sett Elisabeth og eg så går, og eg trur det e kombinasjonen
av oss to som fort kan utløysa ein del...eh...påfunn.
Eg har skreve før om når me va ute i "heiå" (dei hermetegnå MÅ med,
alvorlig talt. Eg e fra indre Ryfylke. Der e det heiar.) og klatra på vaklevorne 
steinmurar mens me delte "I've been a wild rover" med alle innenfor hørevidde.
Og det e som regel når me bevege oss utenfor asfalten at ting har ein
tendens te ta litt av. Elisabeth har lært et fint uttrykk av mannen sin:
"Christopher Columbusing". Det e det me ofta drive med, nemlig.
Alternative ruter. Og det e ikkje det at me rote oss vekk og ikkje lenger
vett kor me e, problemet ligge heller i koss me ska komma oss derifra.
Bildet e fra ein liten "snarvei" som nok tok ca dobbelt så lang tid som
å gå rundt. Me pløye rett gjønå her! Ja! Kjempeplan! Eller nei.
Men morro e det.

Columbusing i Hesbyskogen.
Det va mer utfordrande enn bildet vise.
Eg måtte jo finna trygg grunn før eg kunne ta fram kameraet...

Dagens tur tok eg med Øydis. Det va vær, kan du sei. Vind heile veien,
og to ufyselige haglbyger. Men midt mellom di fekk me ei luka med sol
som gjorde alt verdt det. Me fant ein lun krok og solte oss, åt Kvikk Lunsj
Soool og Kvikk Lunsj:)
og studerte ei vipa på ein haug lenger nere. Det e vår! Tjoho!




Finværsluka mellom haglbygene.


søndag 8. april 2012

Kafofoka!

Det har vore late dagar. Turgåing i solå. Lesing timavis i strekk.
Soving te eg hadde lyst å stå opp. Eggkoking. Familie. Snop og kaker.
Påskeonsdagsbrev. Ferielykke.
Nå går ferien mot slutten, te gjengjeld e den store festdagen her.
Påskedagsgudstjeneste i Hesby kjørka kan ikkje så godt beskrivas.
Men det e ungar med blomster, stinn (og da meine eg stinn) brakka,
sang, glede og hurra. Og så avslutte me med Deg være ære ute på
kjørkegården. Omgitt av graver, og med påskeliljer i hendene,
gir me ærå te Han som har vunne øve døden ein gang for alle.
Kristus lever, vi skal leve, det er døden som er død.

I dag har eg fresten spelt djembe i kjørkå. Ein første gang for alt.
Det kunne gått heidundrande gale, va bare meg som spelte og liksom
sko holda takten. Godt me har ein dyktig dirigent, det hadde vore lite
stas å vore den som sendte heile Kafofoka (Han er oppstanden)
rett vest. Aslak sa det gjekk bra, så då hørre me på han.


Påskeonsdagsbrevet som havna på meg.
Kristin har rimelig stor tru på moster si...
Årets eggekoking i strandkanten
med sol, isvind, popcorn og påskefryd.