tirsdag 3. juli 2012

For en gammel luftmadrass fra nittenåttifem...

Luftmadrasså va nok ikkje fra 1985. Men eg e ganske sikker på at teltet va
på alder med meg! Tone Iren og eg reiste på Sommer i Sør, 
med telt, halvaen luftmadrass og masse optimisme.
Me blei enige før me drog, at det va bedre å le enn å bli sure.
Og det praktiserte me rimelig godt gjennom heila vekå.
Når me såg kor "god" plass me kom te få i teltet, lo me.
Når me sammenligna teltet med alle rundt oss, lo me.
Kver gang me kom gåande bort på campingplassen, og såg teltet, lo me.
Me hold på å le oss ihel av det dei som gjekk forbi ette me hadde lagt oss
(evt før me stod opp) sa.
Når værmelderane slo te med syndeflod, såg me på kvarandre og lo.
Kver kveld låg me på luftmadrasså og vrei oss av latter te me nesten ikkje fekk pusta.
I det heile tatt lo eg mer enn eg har gjort på lenge.
Latterkramper e sunt!

Hørrt utenfor teltet:
Liten unge: "Hvorfor har de så lite telt?"
Sliten mamma: "Det vet jeg heller ikke"...



Det va ei veka med opp- og nedturar, med sinne, hurraglede, latter, tårer, morro
og et hovedfokus: MER JESUS!  
Det trengte både eg og mange andre, det va herrrrlig å få lov å bare fokusera på
det viktigaste ei stund. Det kan fort komma flere rapportar fra den vekå ;)


Speidere, vær beredt!
Eg har aldri vore speidar, men eg får te å sikra meg mot
syndefloder likavel!






mandag 18. juni 2012

Og når det så har gått et år..

Det va ikkje heilt ette planen. 27, liksom. Ka e nå det?
Eg hadde jo ikkje forsont meg med 26!
Men eg kom ikkje unna i år helle. Så då kunne me lika godt eta kaka.
Elisabeth stilte med festlokale, og eg bakte og balerte.
Dagen blei igrunn svært så bra, med bl.a. bursdagssang på tysk, engelsk
og norsk, pluss herlige meldingar på norsk, engelsk, spansk og svensk.
Følte meg reint internasjonal der ei stund. 
Og så hadde eg jammen ein finsk gjest om kvelden, 
når eg tenke på det. Det blei ein heidundrande fest med dunkande
musikk, dansing på bordet og høg sigarføring.
Nei. Igrunn va det ganske fredelig, bortsett fra når alle lo på ein gang.
Det e klart, det merkes jo at man har 10 damer på ett kjøkken.
Apologies te husets fira mannfolk...
Eg fekk gaver óg, det va stas! Blomster og lys og dameting,
og så hadde Anita og Solfrid lagt innsats ner i å mobba meg for
at eg klage på alderen min. Dei hadde lagt te ikkje mindre enn ni gaver
som ska hjelpa meg på veien mot alderdommen.
Det kan nevnast kryssordbok for å holda hjernen i sving, tranpiller
for å smøra leddå så di ikkje begynne å knirka, sticky hands for å bevara 
barnet i meg, karameller te å eta mens eg fremdeles har tenner, ei fin hårklemma
(for te eldre du blir, te mer må du pynta deg) og hårfarge for å dekka øve dei grå.
Det va ein retteleg gilde kveld!


Eg E klar øve at eg har et stykke igjen te eg blir pensjonert.
Men e syns nå 27 e gruelig likavel.

27 lys blei for masse bal.
Det fekk holda med to tierar og sju einerar.
Man er da lærer!


I dag skulle elevane sei fine ting te meg, si eg hadde hatt bursdag.
Og då va det ein av guttane som sa at eg e flink å ordna opp når 
det e ting som e blitt dumt. Då va det rett før eg begynte å grina. Det trur eg
e det finaste nåken har sagt te meg på aldri så lenge.
Og så va det ein som sa at "når me ska læra oss nåke, då gir du deg isje før me kan det".


Hurra for meg som fylte mitt år! Elle nåke.


torsdag 7. juni 2012

...og fire kvister deler seg

Du vett den følelsen når du henge ette armane mellom himmel og jord
og lure litt på om denna rognå egentlig tåle vektå di?
Du sprelle litt med beinå og prøve å finna bakken, ein liten
flekk med trygg grunn å setta føttene på. Foten tar neri,
bakken smuldre opp onna skoen, du sklir og får på nytt fart
ut i den tidlige sommarkvelden. Nei? Ukjent for deg, seie du?
Du sko tatt deg ein tur med Elisabeth og meg. Eller... det kjeme vel litt an på
om detta va nåke som hørrtes fristande ut.
Hørrt i skauen på vei ner fra Landafjellet 31. mai:
"Viss me nå prøve å gå bort der, så komme me oss kanskje ner der."
"Ja....går an å prøva."
"Vil du gå først?"
"Kjære vakre rogn, nå har du full styring på livet mitt."
"Viss eg dør på vei ner her, kan du sei te foreldrene mine at det va 
in pursuit of better health. Elle nåke."
For å sei det sånn: Me hørrte ganske godt dei som jobba på gårdane nerforbi oss.
Viss di tok et øyeblikk og hørrte ette ka som egentlig foregjekk oppe i 
skogen, tippe eg di fekk seg ein god latter.
Saken va den, at me hadde gått opp på Landafjellet, og nå skulle me ta 
tyskertrappene ner igjen. Dei hadde eg nemlig aldri gått. Men det hadde
Elisabeth. Det gjaldt bare å finna di. Og det gjorde me forsåvidt. Ei stund.
Så forsvant di ut i ingenting, og Elisabeth sin teori om at "eg trur det e ner her altså!"
blei slått kraftig ihel med et "e du VILL? det e jo 90 grader rett ner! Eg går ikkje ner der."
Mulig eg skulle ha gått ner der. For det va ikkje veldig lite bratt der me te slutt endte
med å gå ner helle. Og det va ikkje trapper der. Det va ein vaklevoren mur, det va graner 
(nytte ikkje å holda seg i dei nederste greinene på graner, di bare knekke!), det va latterhyl
og galskapsakrobatikk. Og det e her me kjeme te øyeblikket der eg hang og dingla
i ei rogn og va direkte glad for at eg bare hadde ete to kjeks på foreldremøtet den kvelden.
Det gjekk utøve ca alle musklene i kroppen (Elisabeth kjenne det ennå, seie hu), 
inkludert lattermusklene. Og så endte eg opp med ein veldig grønn buksebak.
Men alle va enige om at det hadde vore ein gilde tur!



Når eg kom heim, oppdaga eg at eg hadde fått
litt av skauen med meg te Judaberg.
Hurra for columbusing!


onsdag 30. mai 2012

Somewhere beyond the sea

Okei, så i går gjorde eg nåke eg normalt ikkje gjer.
Eg brukte google bilder i klasserommet, vist på prosjektor,
uten å ha testa på forhånd ka for slags bilder som kom opp. Me hadde snakka
om sfinxen i Egypt som mangle nase (har sett prinsen av Egypt, og ja, eg understreka
at det neppe e historisk korrekt at det va Moses sin feil at den nasen ramla ner..),
og tidligare på dagen hadde me rota oss inn på blåkval. Og eg hadde prøvd å forklara
størrelsesforskjellen på ein blåkval og et menneske. Så siden me allerede dreiv og såg på
bilder, søkte eg på blåkval vs menneske. Og fekk opp ein masse forskjellig, blant aent
bilder eg kunne bruka te å illustrera kor ufattelig svær ein blåkval kan bli.
Eg hadde ikkje eingang gått særlig langt nerøve siå. Plutselig såg eg nåke eg kjente igjen.
Jada, for vett du ka ei fant når eg googla blåkval vs menneske?
Et bilde av meg sjøl.
Unødvendig å beskriva entusiasmen i klasserommet...

Bildet va selvfølgelig fra bloggen, av meg og Emelie som står mellom
to digre kjevebein fra ein blåkval.
Syns det bildet har gjort seg fortjent te ei nyvisning:

Blåkval vs menneske

onsdag 23. mai 2012

Gylne skor

Eg sitte her og har ete meir is enn ka som burde vore lovlig, 
og ser på bilder fra gårsdagens tur. Gylne skor e soundtracket
akkurat nå, og då kom eg jo på den enorme kuskiten Elisabeth trødde i.
Hu gjekk i sandaler, og det surkla godt der hu sklei avgårde.
Eg e egentlig ikkje særlig snill.
Eg lo. 


Det e igrunn ikkje så verst fint her på holmen.



Det e sol, det en varmt, og tradisjonen tru blir eg tung i håvet og lettare irritabel.
Me må ha oss ein tur i dag og. Men først vil eg ha ein is.

søndag 13. mai 2012

Fiskarna i haven

På torsdag smakte eg fiskefór. Jepp. På besøk på Rygjabø med
fjerde klasse og på tur ut te oppdrettsanlegget. Store, brune pellets som
igrunn ikkje smakte spesielt godt. Men eg smakte. Litt usikker på ka eg prøve 
å bevisa med å alltid ta dessa ekle utfordringane, men mindre enn ein time
seinare smakte eg rå kråkebolla. Eg anbefale ikkje det heller.
Me kan legga dei to tinga te listå øve ting Oddbjørg ikkje like.
Ilag med mais, sopp og håveverk.



Ungane lærte å knyta knutar.
Eg prøvde intenst å blanda meg minst mulig.

Forresten fekk eg hørra av ein av elevane mine ein dag at
"du va heldig med fjeset ditt".
Det regne med kompliment te ein lærar.

lørdag 5. mai 2012

Liv som har levd og forsvunne

Ka eg har gjort i det sista?
Tja. Eg har rørt i tomatsuppa og prestert å vippa vispen opp og ut i luftig svev
før an kræsjlanda på golvet. Unødvendig å sei at det va suppa på komfyren, på golvet,
på skapdørene, på kjøleskapet og på meg. Ellers har eg tatt et godt jafs av tommelen
med et råkostjern, prøvd å kopiera opp et oppgavehefte te 15 elevar med et vikarskjema
 inni (va først irritert for at kopimaskinen streika, men innsåg det va ein
"blessing in disguise",det e jo ikkje nødvendig å dela sånnt ut te ungane),
har vaska ei lys dongeribuksa med ein lapp av tjukt gult ark i baklommå
(nå e den lommå gul), har tilbragt ein dag ute i solå med solbriller uten solkrem
(vaskebjørn, ja...), har lært ein klasse å dansa reinlender speilvendt....
I dag sko eg eta resten av tomatsuppå, og presterte å søla i sofaen
og på meg sjøl.

Men: Eg har ikkje vore på sjukehus, eg har ikkje vore på nåke bilverksted,
og eg har ikkje vore på legekontoret (bare på helsestasjonen, og sånne småting
kan me ikkje henga oss opp i).

Dessuten e det vår. Ka e nauå då?






Førr nu e det vår her i byen, og gatan e bar.
Det spire og gror i landet.
Og det gjør oss takknemlig førr det som vi har,
vi trur på oss sjøl littegranne.
                                                                                                   
                                                                                                     H. Sivertsen