lørdag 30. november 2013

Kanskje kommer Kongen

Kongen va der ikkje, men for snart to veker si
(livet e travelt...) fekk Trond Spanne, som eg går i kor med,
Kongens fortjenestemedalje. Hurra for han, vel fortjent!

Me i koret  fekk var med på feiringå, me både sang og fekk goood mat.
Men det gjekk opp for meg den kvelden at det å bu og eta aleina,
det går hardt utøve evnen te å eta som folk...
Kort sagt, bordskikken blir litt rusten.

Eg e vant te å eta middag i sofaen, med tallerken i håndå eller på fanget.
Denna kvelden fekk me ei knallgod suppa, servert i store skåler på et
flott dekka bord med snøkvit duk. Eg fekk et problem.
Nå for tiå, når eg ete suppa, holde eg skålå nesten opp te hakå.
Så søle eg ikkje.
Men eg kunne jo ikkje godt gjer det i fint selskap!
Har du nåken gang tenkt på kor langt det egentlig e fra bordet og opp te munnen?
Det tenkte eg på den kvelden. Eg tenkte ganske masse på det.

Hadde eg bare vore i lag med venner og kjente, sko det nå vore null stress. 
Men det va liksom ein fest med ein haug ukjente, med ordførar, varaordførar,
leiar og nestleiar i bondelaget, leiar i idrettslaget....Yeeesh.

Nåken kveldar seinare va eg på besøk hos ei eg ikkje kjenne så veldig godt ennå,
me spelte spel og koste oss. Blant aent fekk me popcorn. Og eg lure:
Når man ete popcorn, og får fingrane fulle av fett og salt, og ska lesa spørsmål
fra spelekort...ka då? Du ska jo helst ikkje verken slikka fingrane eller tørka di på
bukså, ei heller på genseren te den som sitte ved siden av deg. Ska du ha ein serviett
liggande i fanget og tørka deg kver gang du har ete nåke? Det funke vel på et vis,
antar eg, men må jobba litt med å legga meg te den vanen...

Nå på torsdag va det juleavslutning med utdanningsforbundet. Først ein apetitt-vekkar,
og så tre retters middag. Hysteriske mengder bestikk klar te bruk.
Eg har sett Titanic, der seie di at man ska begynna ytterst. Men når det ligge ei skei
på tvers av servietten, som ligge der tallerken nødvendigvis må stå?
Eg kom ifra det med helså, men hadde ein gaffel igjen. Vett ikkje ka ti eg sko ha brukt an...
Men klarte jo ikkje å eta opp maten min. Eg skjønne at det e fint å få maten
servert og dandert og sånn, men då, verdens kokkar, må dokke takla at eg ikkje klare
å dytta i meg alt dokke legge på tallerken! 
Ideelt sett skulle eg hatt ein personlig kompost, ein som kan eta opp det eg ikkje klare. 
Det hadde eg når me va på klassetur med Hvite Busser.
Livet va enkelt!

Det e godt det e Trond, og ikkje meg, som ska te Oslo og møta Kongen.

Et glimt fra ei enklare tid. Kun ein kniv og ein gaffel.
Viss me ville, hadde me tallerken i fanget.
Og den største utfordringen va å huska
ka for nåken stykker det va sopp på og ikkje.
 

Forresten sølte eg suppa på den kvite duken på Utsyn. Sorry.

tirsdag 12. november 2013

Så kom der fram ein gamal mann

Altså.
Eg surra litt rundt i gamle dokumenter på pcen.
Eg fant ei "bucket list". Nærmare bestemt, eg fant ei lista øve
ting eg ska ha gjort før eg fylle 30.
Ei lista eg skreiv når 30 va litt lengre unna.

På listå va det 10 punkt, og nei, eg har ikkje tenkt å referera alle her.
Problemet mitt e, at eg har gjort ein av dei ti tingå. Ein.
Og det e absolutt nåken der som eg kan klara, sjøl om deadline nærme seg
med kjappare skritt enn eg egentlig sette særlig stor pris på.
For, for all del, eg ska klara å få sett It's a wonderful life.
Den står jo i hyllå og bare vente på ein anledning.
Læra meg å plystra skikkelig høgt, det burde kunna gå an.

Men ser jo at eg har ein ferie å bestilla. Og nåken spekkhoggarar eg
fremdeles bare har sett på film. Pluss et par ting te, som eg akkurat nå
angre litt på at eg skreiv ner i det heile tatt.

Crap. Kem sin idé va det nå egentlig med sånne lister?
Og koffor i ALL VERDEN satte eg deadline på 30?
Eg sko heller skreve før eg dør. Det e jo forhåpentligvis litt lenger te.

Temmelig sikker på at når eg først kjeme te 29, då blir eg der.

Ah, 2009.
Året eg blei 24. 25 va fremdeles langt unna,
og 30 bare ein fjern mulighet.
Ut på tur på Voss i Natalie si hua med
ustoppelig humør.
Ka skjedde?

Eg trur eg kjeme te komma i midtlivskriså innen ei veka...
Neste gang eg lese gamle dokumenter, vil eg det ska var nåke mer oppløftande.


Kaffor eg ikkje legge ut heile listå?
Lat meg illustrera med et eksempel:

Sam va på besøk i Sauda. I løpet av det besøket klarte han å uttala at
"I don't think I ovulate".
Sam lånte foreldrene mine sin pc, og logga seg på bloggen sin.
Sam logga seg ikkje av bloggen sin.
Så eg, som den gode vennen eg e, la ut det lovely sitatet. På hans blogg.

Ka han sa?

"Hey, my grandma reads that!"

onsdag 30. oktober 2013

Autumn leaves

Oooog der va det gått nesten ein måne si sist eg blogga.
Eg skulle jo igrunn hatt juling.

Men det har vore ein fullstappa måne, det vil eg bare ha sagt!
Det har vore kjempeoppturar og grundige nedturar.
Det har vore fri, det har vore jobb, det har vore foreldresamtalar,
vikaroppgava som sufflør (høydare!), bursdagsfeiring,
netter med masse bekymringar og lite søvn...

Nå e eg gørr sleten, og glede meg vilt te sånn i ti-tiå på fredag kveld,
når eg ska ta heilt fri et døgn eller så.

Men eg hadde et par dagar i ferien som va heilt gull.
Og jammen fekk eg tatt et par bilder, og.

Piknik på Vetrhus. Blikkstille.

Det e dei same trenå så e fine kvert år.
Denna lønnå kan eg lika!


Ka gjer det egentlig om livet e travelt, når eg får sånne pusterom innimellom?

onsdag 2. oktober 2013

Redneck woman.

Eg har fått oppreisning!

Det va et nederlag å måtta be om hjelp når eg punkterte så saftig her for ei stund si,
men måtte bare innsjå at å skifta med lommelyktå i munnen, det va for gørr.
Men på mandag fekk eg revansj.
Elisabeth og Øydis kom opp for å henta meg, for me sko på tur.
Hørrte og såg når Elisabeth snudde bilen at hu hadde punktert.

Tipp kem så skifta dekk?
Og som hadde utstyr i bilen sin som va bedre egna enn det som va i Elisabeth sin?
Det tok nok lenger tid enn det hadde gjort for ei elle ein som va mer rutinert.
Men: Dekket med hól i kom av, og reservedekket kom på.

Hah.

Det hørre med te historien at eg på et tidspunkt begynte å jekka
 bilen ner isteden for opp, men sånne detaljer kan me ikkje henga
oss opp i...

Skills.

Øydis sette på reservedekket.
Kaffor får Elisabeth et svart et, og eg et GULT?

Elisabeth ville legga ut bildene på facebook og skriva at det ekje løye dessa to ikkje
e gift. Di trenge jo ingen mann!
Og det e jo forsåvidt sant. Ikkje te skifta dekk, vertfall.

lørdag 14. september 2013

Yeah, it just ain't been my day

Eg kan jo begynna med ein generell advarsel.
Storebrødre og eventuelle andre som syns eg tidvis dele detaljer
dokke ikkje vil veta: Du lese videre på eget ansvar.

For gårsdagen, den kan ikkje refereras uten nåken harde fakta.

Det starta klokkå 06.00. Når unge frøken Drarvik bare måtte ta innøve
seg at drømmen om å ikkje ha mensen når eg sko ta livredningskurs (i basseng...)
va gått i tusen singlande knas. Når eg toga inn på Kiwi klokka halv åtta for å kjøpa
tampongar, svart i blikket og med den karakteristiske "eg har vondt i magen,
e kvalm og svimmel"- gangen,  då skjønte nok han stakkaren som eige sjappå
at her må me bare smila og la det stå te. Eg smilte eg og, når eg kom på det,
og klarte for ein gangs skyld å la var å blanda det hersens avtalekortet med
kolumbus- kortet (MÅ begge to var grønne?).

Det va planleggingsdag på skulen, og hadde det gått ut på å sitta i ro og lytta,
hadde det kanskje gått greit. Men så sko di ha meg opp å gå og prata med andre.
Då kapitulerte eg. Bedre å flykte enn ille fekte. Eller, bedre å komma seg ut enn
å spy på konferanserommet. Så eg låg. På sofaen og på pulten. Hurra.

Halv to sko me kjøra te Vikevåg og bassenget der, og læra oss å redda liv.
Detta hadde eg grudd meg te i vekevis, gamle gym- og svømmetraumer kom
sigande, og alle mulige scenario va utspelt på forhånd. I utgangspunktet va eg ikkje
bekymra for mensen, det va jo ikkje den tiå ennå. Men så e det hu venninnå mi
som eg e veldig glad i (null ironi, eg E det, altså!).
Hennas syklus har ein tendens te å senda min i høygir.
Så når hu begynte å klaga, begynte eg å bekymra meg.

Målet for kurset for min del hadde vore å overleva, og helst å få det te.
I løpet av veldig kort tid fekk eg et møkje mer konkret mål:
Ikkje spy i bassenget. Det va klart ette 12,5m bryst at det kom te å bli ei utfordring.
Men det gjekk, og eg kom meg derifrå med verdigheten sånn nåkenlunde i behold.

Det va øvestått, livet va bra, eg kunne bare slappa av.
Bare ein liten tur ut om kvelden for å synga i ein 70-års dag. Piece of cake.
Bokstavelig talt. Bare kos og gode tider. Te eg sko heim.
Hadde parkert i grøftå, og nøye unngått å kjøra på dei betongdingsane
som stod der og lurte. Unngjekk di fint når eg sko derifrå og, men så gjekk det litt tregt
når eg sko snu. Det kom ein bil, eg tenkte eg sko komma meg ut av veien......BANG.
Eg fekk bilen opp av grøftå, snudde, tenkte "kanskje det gjekk greit likavel?",
kjørte nåken meter, og tenkte "NEI. Det gjorde det ikkje."
Ut av bilen, på med lyktå ("Kjære Jesus, please la det var ein pinne som har hengt
seg opp elle nåke"), kjapp konklusjon: Disaster.
Heiv meg på telefonen og ringte te Tor Bjarne, som óg nettopp hadde gått.
Null svar. Så den som måtte traska tebake te 70-års feiringå og innrømma
at eg trengte hjelp, det va  meg. Og for dei som kjenne meg,
dokke vett det å spør om hjelp... Det sitte langt inne. Langt.
Eg kunne ha klart det sjøl. Med tiå te hjelp.
Men det va kveld, det va mørkt, og eg hadde trengt to hender.
Måtte liksom hatt lyktå i munnen.
Og hadde eg ikkje spydd då...
Når du punktere så grundig som du aldri har gjort før, og ende med å dra jubilanten
og sønnen hans ut fra festen for å hjelpa deg, då vett du at du har gjort det godt.
Men dei va heilt supre, det ska di ha. I finklær og med handlekraft te tusen
gjekk di laus på oppgaven, og mindre enn 20min seinare kunne the "damsel
in distress" kjøra heim. Lettare frustrert. Sko gjerna sagt at eg klarte å le når
eg kom heim, men så god e eg ikkje. Eg flire nå. Men måtte sova på det først.

Har absolutt ingen tru på at gårsdagens happenings hadde nåke som helst
med dato å gjer. Det hadde med biologi, nerver og lite gjennomtenking å gjer.
Og konklusjonen må jo bli at første dag med mensen burde eg ikkje gå ut.
Andre dag med mensen blir vertfall tilbragt inne, det kan eg bare sei!

Men fy flate. Fest og basar. Så ironisk som eg kan få sagt det.

Eg har hól i dekket mitt.


Ikkje så svært i dagslys som det virka for meg i gårkveld,
men stort nok likavel.

Usedvanlig lekkert reservedekk.
Med såpass lite luft i at eg e litt redd for
å kjøra på det...

Nåke seie meg at eg må ringa nåken som kan skaffa meg nye dekk på mandag.
Fira i talet. Bakhjulå e såpass slitte at di burde blitt bytta snart uansett.
Og tre nye og ett brukt blir jo bare tåpelig. Så jadda, nåken ska få tjena penger
på styret mitt. Kjekt for dei! ;)

søndag 8. september 2013

Så det, så!

Eg har stemt! Surra meg inn i stemmelokalet, fjolla med hu som stod
innforbi naboforhenget, fekk stempel og stappa stemmeseddelen
(elle ka det nå hette) oppi urnå. Som, spør du meg, ikkje ser ut som
ei urna litt ein gang. Det e jo bare ein litt fancy boks.
Fryktelig godt mulig me får ei ny regjering. Eg kan ikkje sei eg
har vore heilt fornøyd med alt det den me har nå har funne på.
Men eg trur trygt at eg kan sei eg ikkje blir 100% fornøyd med den
neste helle. Valgkamp blir eg som regel bare sur av, det e så masse
loving og lyging og gjennomsiktige argumenter.
Foreløpig har eg klart å holda godt munn om ein del av det som
e blitt sagt som har provosert meg, me får sjå kor lenge det holde.

Men eg har gjort min såkalte borgerplikt, eg har stemt!
Så har eg iallefall all mulig rett te klaga og syta øve alt eg ikkje e
fornøyd med dei neste fira årå.

For det e igrunn det me gjere, e det ikkje?
Uansett kor UFATTELIG godt me har det, så klage og syte me te kydn kjeme heim.
Så lenge me har gardar og kyr, då. Og så lenge me har ein haug udugelige lærarar
som det kan klagast øve (men det ska visst ikkje vara lenge før di får skikk på oss).

Det holdt te nå, gitt.


Eg rekne med solå kjeme te gå både opp og ned
sama kem det e så styre landet.

lørdag 31. august 2013

Yellow polka dot bikini

Eg  fekk for meg at eg ville på piknik.
Heldigvis har eg medgjørlige venner, så Elisabeth va ikkje vanskelig å overtala.
Sist lørdag tok me ut, med mat, snop og Vårt Land-quiz.
Me skaffa oss info fra lokalbefolkningå på vestsiå, og fant fram te ein prima
piknikplass nere med sjøen. Og så skulle me bare vassa litt....
Bading e ein av livets salighetsting. Bading som ikkje e planlagt blir som
ein liten bursdagsoverraskelse. SJYNT!
Og når me då toppe det med holmeliv, sol, mat, sjokolade og quiz,
då har gode venner gode timar.

Badebilder har ingenting på nett å gjer.
Men fiiiine sjøen kan eg publisera :)
Herlighet, så me lo den dagen...
Lærte nåke gjorde me og! Vett du definisjonen på platonisk kjærlighet?
Det vett me. Lærte det av godeste Botnen i Vårt Land.