tirsdag 15. desember 2009

Joy to the world!

EG HAR FÅTT IGJEN PCEN MIN!!!!

Og kan nå skriva så mange åar og æar og øar som eg bare vil! Måtte bare skifta tastaturet tebake te norsk først, reparasjonsfyren hadde endra littegrann. Men det e GLEDE og fryd i heimen! Eg har ikkje mista verken bilder eller filmar, og livet e godt. I dag har eg levert tre oppgaver. Gjorde det lenge før fristen, for da kan eg bruka dei siste dagane i York før jul på kjekkare ting. Juleshopping, lunsj med venner, julekortskriving etc. Einaste e at eg må sei hadet te dei av vennene min som ikkje kjeme tebake ette jul. Det e mindre trivelig. It's a cryfest, som Emelie så fint seie. Første tårene kom i dag ette lunsj. Ka ska nå folk ta bare ett semester for? Fullstendig uforståelig. Men me ska gjer det mesta ut av dei neste dagane! Her ska det bli avskjed med STIL.

Og så har eg jo for all del venner som ska var her heile året. Og siden eg trenge ein disk med et sånnt festlig opplastingsprogram for å få putta dei nye bildene mine inn på pcen (og den disken e i Noreg, mitt Noreg), ska eg jammen putta inn nåken bilder av sånne venner:

Beki (akkurat her litt kald, men ellers herlig), Abi (med stripete genser, aldeles skjønn) og Matt (ser ut som han tenke på å stupa, og det gjer han sikkert og..)

Chrissy og Katie (alle har kallenavn i detta landet...), glajenter.

Matt, Scott, Andy og Phil. Villaste gjengen..

Anna, som teipe fast sykkellyktå si med blank teip og bruke refleks i mengder. Fryd!

Og ellers masse andre kjekke folk. Så eg ska alltids klara meg:)