mandag 15. februar 2010

I could be brown, I could be blue, I could be violet sky.

Altså, normalt e det ikkje så veldig stress å var fargeblind. Bortsett fra at eg igrunn hadde syns det va litt stilig med flysertifikat (det får eg ikkje lov å ta), så e det jammen ganske lite det plage meg. Sortera perler e styr, når eg rydde i et kinasjakk ler folk av meg, plukka tyttebær i dårlig lys e mer enn bare litt utfordrande, eg tape i ligretto..men ellers går det nå stort sett greit.

Heilt te det plutselig blir frustrerande likavel.
Som for eksempel på fredag når Oddbjørg hadde lyst på chips. Skikkelig ubegripelig lyst på chips. Så lyst på chips at før eg og Meaghan kunne sjå film, måtte me stikka på Costcutter og kjøpa chips. Eg e (i forhold te engelskmenn) ganske kresen på chips. Det ska helst bare var salt. Te nøds pepper elle paprika, ein gang kvert jubelår ete eg Mexian Fiesta (og drømme meg tebake te weekend med Gnisten, men det e ein aen historie). Ost? Nei. Løk? På ingen måte. Den forbaska eddikken engelskmenn putte på alt? Spar min arme sjel! Så eg fant dei røde posane. Dei posane som inneholde chips med bare salt på. Nå ska det var sagt at den typen chips eg har slått meg på, blir av ein elle aen grunn ikkje solgt som ein stor pose chips. Neida. Bittesmå posar, og viss du vil, kan du kjøpa store posar med mange små inni. Dei små e på 25 gram kver, så du syns liksom ikkje du har begynt å eta før posen e tom. Så, i og med at eg hadde skrekkelig lyst på chips, gjekk eg for ein tolvpakning. Passe diger pose.. Men eg tenkte som så, at eg trengte jo ikkje eta alt på ein gang. Gjekk heim med fryd i sjelen. Me hadde romantisk komedie og chips. Livet va bra!

Heilt te eg åpna nevnte tolvpakning og plukka ut første posen. Den va rosa. Den skulle ikkje var rosa. Den skulle var rød. Eg blei lettare forvirra. Ved nærmare undersøkelsar viste det seg at det va røde, rosa, grønne og blå pakkar med chips oppi der. Når eg studerte posen grundig, fant eg nåken striper i andre fargar enn rød som fortalte at det va faktisk fira forskjellige typar chips oppi. Dei stripene hadde gått mitt fargesyn hus forbi. Fres. Der satt eg med tolv små pakkar chips, og bare tre av di va etande for meg. Dobbeltfres. Den rosa eg plukka opp først hadde den skjønne smaken av Prawn Cocktail. Yeeesh. Men eg tenkte eg sko var flink jenta og prøva, vertfall. Det blei med prøven. KOFFOR lage di chips med rekesmak? Det burde vore lover mot sånnt.



Her endte historien, trudde du. Neida.


På lørdag vaste eg meg ein tur ut te Monk's Cross (ca 25 min å gå) for å sjå om eg kunne finna ei luftmadrass. Det fant eg, og når eg gjekk forbi hyllene med chips, tenkte eg at eg kunne jo plukka med meg ein med salt. Siden det eg hadde igjen heima va fullstendig ubrukelig. Så eg tok med meg ein RØD sekspakning, sjekka at det ikkje va nåken andre fargar på posen, gjekk heim, åpna posen og plukka ut ein minipose. Den va blå. To små posar va røde, dei andre va blå (cheese and onion) og grønne (salt and vinegar). Ost, løk og eddik.




Gremmelse.




Nåken som har lyst på chips? Eg har! Tolv posar, for å var nøyaktig.

12 kommentarer:

Maria sa...

Ej ete lett edikken! ;o) E d pga. oss du fe tak i luftmadrasse?! Håpe ikkje d... Når e du forresten tbake i York! Ikkje lenge t treff no. Gler mej! :O)

Kudi sa...

Ojda, jeg sympatiserer. Smakte en med ketchupsmak en gang - det anbefales nok like lite som rekesmak. *grøss* Fryktelig unødvendig.

Beate sa...

Hihi.. Kjenne meg igjen i den eddikgreiå, ja.. Di va litt fan av det i Spania òg...

Oddbjørg sa...

Glimrande, Maria! Eddiken kjeme din vei. Og eg handla luftmadrass fordi eg faktisk får flere gjester enn bare dokke i løpet av våren, så det trengs. Men kjøpte ikkje to, slapp heilt av:) GLEDE meg te dokke kjeme!!

KETCHUPsmak på chips? Å FY.

Olaug sa...

Om ikkje Maria og di ete opp all chipsen, kan du jo ta nokre posar med deg heim til påske. Kjekt med litt nye engelske smakar.

Olaug sa...

Om ikkje Maria og di ete opp all chipsen, kan du jo ta nokre posar med deg heim til påske. Kjekt med litt nye engelske smakar.

Oddbjørg sa...

Du og far kan få rekene..

Anne Marie sa...

Forstår det er komplisert i det store utland. Enklare her med Kims chips m/salt. Eg er åpen for ny smak, det kan jo være godt

Maria sa...

Gler mej t edikk og sosialt samver!!! :o) Når e du tbake i Gran' Ol' York? Ej og ho S-L kjeme opp rundt tre på ettemiddagen om ej huske d rett. Tek oss truleg ein tur på Ol' White elle AlleyCat før St. Mike's kl. 19... Må få inn mest mogleg engelsk atmosfære, veit du! ;O)

Oddbjørg sa...

Eg kjeme ikkje te York foer seeint paa kvelden, e eg redd. Fekk ikkje te aa komma foer. Men eg ska ta og ringa deg naar eg ee paa norsk jord,saa me kan avtala naake:)

Arne sa...

Såg ein av desse tolvpakningane på butikken ein dag. Var jammen litt av ein pose du hadde kjøpt deg...

Oddbjørg sa...

Nei, tulle nå..;)