søndag 11. september 2011

Lause ting

Eg har stemt! Eg har meka meg ner på rådhuset her på Judaberg og sagt mi meining om kem som ska styra både her og der. Har brukt ein del tankeenergi på forhånd for å var sikker på kem eg egentlig vil ha inn i diverse styrer og råd. Viktig å var sikker på at eg har rett te å syta og klaga viss nåken andre enn dei eg stemte på får makt og myndighet, og dei ikkje gjer sånn så eg syns di sko gjort. Kan ikkje klaga viss eg ikkje har gjort ein innsats for å forandra! Men det e løye med det...sjansen for at eg kjeme te å merka ein enorm forskjell i dagliglivet mitt ette å ha fått ny ordførar elle soknerådsformann e vel ikkje enormt stor. Men e jo lov å håpa på nåken endringar, vertfall ;)



Rognå på kjørkeveggen vokse lika godt sama
kem så sitte i soknerådet. Tenk det...


Sånn ellers går ei laaang veka mot slutten. Det har vore masse å forholda seg te denna vekå, mange tankar og meiningar, mange lange samtalar, mange seine nattetimar. Eg har alltid behov for å finna musikken som passe te sinnsstemningå mi, men denna vekå fant eg ikkje rette sangen før eg snakka med ei venninna ein kveld. Hu siterte ein Odd Nordstoga sang som eg ikkje har hørrt på på lenge.


Alt for mange lause ting
alt for myrke krokar
alt for mykje skummelt rot
alt for store flokar
alt for store rom
alt for mange ord
alt for mange gode råd
gjev alt for mykje tenkje på.



Den satt.

Nå e det på an igjen. Ny veka, nye muligheter, tjohei!

1 kommentar:

Olaug sa...

Ja,det kan bli i meste laget med valg og lause trådar.