torsdag 15. november 2012

And you're left with yesterday

Tid e rart.
Me har hatt om tid i femte klasse i høst, og et av spørsmålå i bokå va
"kva er tid?". Usedvanlig enkelt å svara på det...

Det e sagt vanvittig masse om tid.

"Tid går ikke, tid kommer."
"Tiden flyr i godt selskap."
"Tidi ho renn som elv mot os."
"Time, sometimes the time just slips away."
"Eg har ikkje tid."
"Kommt Zeit, kommt Rat."
"Det er en tid for alt."
"Tiden går, Gjensidige består."
"We've got all the time in the world."

...og det va bare dei eg kom på akkurat nuh.


Nåken minutter e så lange at eg ikkje ser enden på di.
Nåken månar forsvinne før eg har vent meg te at di e der.

I går va det ett år si eg hadde meg ein sightseeing på sjukehuset i Stavanger,
liggande i ei seng som blei rulla rundt av ambulansepersonell som ikkje visste kor di
sko hen. Eg huske eg tenkte "eg håpe ikkje Liv Ingunn e på jobb og plutselig 
får sjå detta her". Hu kunne jo fått hjerteinfarkt. 
Den dagen huske eg vanvittig godt. Eg har fortalt det mange ganger, det e jo ein
god historie... Muligens derfor det sitte spikra i skallen. 
Dei som måtte ha gått glipp av eventyret, finne det her.
Men så e det andre ting eg huske óg. Minner fra dagar for masse mer enn ett år si
som eg igrunn aldri har utbrodert te nåken. Eg huske det lika godt,
samma kor lang tid så går. Eg huske dei tingå som betydde nåke.
For ka enn du gjer, ikkje spør meg ka me fekk te middag i bryllupet te søskenbarnet mitt
for... eg ane ikkje kor mange år si. Men eg kan synga ein av sangane me dansa te. 
På hollandsk. Eg kjeme aldri te gjer det, eg kan ikkje hollandsk. Men eg kan sangen.

Tid plukke vekk alt som va mindre viktig, og så står eg igjen med alt det som forma
meg. På godt og vondt. 

Tid e rart.

I dag e det ett år si eg blei utskreven fra SUS. 
Det kan godt gå ei stund te før eg ska inn igjen.


To dagar ette eg blei utskreven, drog eg te York.
Om det egentlig va gått lang nok tid, kan diskuterast.
Eg har vore i bedre form gjennom tidene, for å sei det forsiktig.
Men eg angra ikkje på at eg drog. Ikkje ett sekund.

1 kommentar:

Olaug sa...

Godt sagt. Nå nærme det seg advent.Nyt den tida før ho er over.