tirsdag 7. mai 2013

The days we had, the songs we sang together

I kveld har One Direction konsert i Oslo, så vidt eg har forstått.
For ikkje mange vekene si va det Justin Bieber som skapte hysteri og litt te.
Og i dessa tider der mange voksne bruke ein del tid og energi på å mer
og mindre gjer narr av dei hylande jentene, har eg ein tilståelse å komma med:

Eg va boyband-jenta. Westlife- fan på min hals, og rimelig vennlig innstilt
te ein god del andre guttegrupper med good looks og mer og mindre
brukbare sangstemmer.

Eg kjøpte alt Westlife ga ut.
Eg va medlem i fanklubb.
Eg fant bilder på nett og printa di ut.
Samla nevnte bilder, pluss fakta og fanfics i ein perm.
På forsiå av permen stod det "My life is Westlife".
Eg og tre andre jenter fekk sekser på musikkprosjekt om Westlife.
Eg va på Westlife- konsert i Oslo.
Der kjøpte eg meg ei T-skjorta.
Eg hylte.
Eg hisste meg verre på konsertanmeldaren, som slakta konserten.
Eg kjøpte Westlife DVDar ilag med venninner (me hadde di ein periode kvar..).
Eg reiste på hytteturar med venninner der Westlife-plakatar va med i bagasjen,
og blei hengt opp på veggene.
Eg kan enormt mange Westlife-sangar utenat.
Eg kunne skreve flere ting på denna listå, men av hensyn te et par venninner....


Og vett du ka?
Eg hadde suverent masse morro. Ville ikkje bytta ut den tiå for nåke.
Venninnene mine og eg koste oss med musikken, me lo, me drømte,
me sang, me dansa.... Det va ein fest.
Det hende eg savne det.

Så te alle Beliebers og Directioners der ute, te alle som blir beskyldt for
fjortishysteri og galskap: Ikkje ta kverken på dokke sjøl, for all del,
men NYT DET! Dokke får nok tid te å var avbalanserte.

18 år, og egentlig kommt litt øve Westlife-dillå,
men eg måtte jo ha bilde av meg sjøl her.
Cliffs of Moher, området der Westlife spelte inn
deler av videoen te My Love.
Legg spesielt godt merke te dei lekre høge sokkane.

3 kommentarer:

Ann Kristin sa...

Åååå, eg minnes! Eg trur du va den største boyband-entusiasten eg någen gong har møtt!! Den ska du jammen meg ha!

Oddbjørg sa...

Takke for den!
Ikkje vits å gjer ting halvveis ;)

totliii sa...

<3