søndag 8. september 2013

Så det, så!

Eg har stemt! Surra meg inn i stemmelokalet, fjolla med hu som stod
innforbi naboforhenget, fekk stempel og stappa stemmeseddelen
(elle ka det nå hette) oppi urnå. Som, spør du meg, ikkje ser ut som
ei urna litt ein gang. Det e jo bare ein litt fancy boks.
Fryktelig godt mulig me får ei ny regjering. Eg kan ikkje sei eg
har vore heilt fornøyd med alt det den me har nå har funne på.
Men eg trur trygt at eg kan sei eg ikkje blir 100% fornøyd med den
neste helle. Valgkamp blir eg som regel bare sur av, det e så masse
loving og lyging og gjennomsiktige argumenter.
Foreløpig har eg klart å holda godt munn om ein del av det som
e blitt sagt som har provosert meg, me får sjå kor lenge det holde.

Men eg har gjort min såkalte borgerplikt, eg har stemt!
Så har eg iallefall all mulig rett te klaga og syta øve alt eg ikkje e
fornøyd med dei neste fira årå.

For det e igrunn det me gjere, e det ikkje?
Uansett kor UFATTELIG godt me har det, så klage og syte me te kydn kjeme heim.
Så lenge me har gardar og kyr, då. Og så lenge me har ein haug udugelige lærarar
som det kan klagast øve (men det ska visst ikkje vara lenge før di får skikk på oss).

Det holdt te nå, gitt.


Eg rekne med solå kjeme te gå både opp og ned
sama kem det e så styre landet.

1 kommentar:

Olaug sa...

God underhaldning å vera innom blogen din. Ja, me har stemt i Sauda og.På kven? Ja,nå kan du lura.