søndag 22. juni 2014

...e med ett favorittordtaket

Eg e for smiling.
Det kan kanskje komma øverraskande på nåken, for det e jammen
ikkje alltid eg smile, men eg e for smiling.
Spesielt i serviceyrker.

Når eg treffe folk i serviceyrker som ikkje smile, går eg inn for
å få di te dra på smilebåndet. Med varierande hell, det ska innrømmast,
men eg like ein utfordring. Eksempler e vanskelig å gi i sånne småsamfunn
som eg bevege meg i, for man ska jo ikkje henga ut folk helle.
Men eg stod ein gang i kø på ei ferja og venta på å betala for tre vestlandslefser
(som forøvrig va det einaste di hadde å by på på Melderskin, kanskje ikkje så
rart at smil va mangelvare). Han stakkaren som stod i kassen va sikkert ikkje
ein stakkar sånn egentlig, men sånn såg han ut. Som om alle verdens irritasjonar
va lagt på nettopp han. Han jobba tregt, så eg fekk god tid te å tenka på koss eg
sko lura han te å smila. Eg huske ikkje ka eg sa. Når eg endelig kom fram te kassen,
meine eg. Men det va heilt sikkert nåke vas. Ganske stor mulighet for at det va
rimelig usaklig. Man kjenne da seg sjøl.
Han smilte ikkje helle. Ikkje egentlig. Men det va bevegelse å spora i munnvikene,
så eg velge å tru at han hadde smilt om han bare ikkje hadde vore så treg.
Og eg fekk vestlandslefsa. Med kanel.

I går va eg på byn i Sauda. Sa hei og smilte fint te ei av damene eg traff på min vei.
Fekk såvidt et nikk tebake, og tenkte "du må ha ett elle aent imot meg, du smile aldri te
meg, ennå eg e ein av dine mest trofaste kundar. Ska tru ka eg har gjort deg?".
Men eg samla mot og inspirasjon, og gjekk for ein enkel seier. Eg skrøyt av kor fint
di hadde det. Herlighet, kor hu lyste opp! Hu blei reint strålande i fjeset!
Og eg forlot åstedet med ein gladfølelse inni meg. Det e det som e, at når folk smile te
deg, då blir verden ein lysare plass å oppholda seg.
Det e derfor eg e for smiling. Alt blir så lyst og fint!

I kveld har eg vore på kino med Marianne. Det e jammen ein fryd!
Å sjå ein skjønn grinefilm og eta usalta popcorn (det kjeme te bli snakka om lenge),
og stå utforbi ettepå og prata om alt og ingenting mens me ete krokanrullen eg hadde
glømt at eg hadde fordi eg va så oppsatt på å få i meg det usalta pocornet...
Å ta knekken på siste rest av krokan på vei te bilen, bare for å gå laus på ein rull
med mentos. Det e te å smila av! Lenge.

Og eg e for smiling.

Som om ikkje den Rosa Kjolen va nok,
bestemte eg meg for å prøva Sam
sine solbriller. Smiiiiil!

2 kommentarer:

Anonym sa...

Du er som ei sol uansett ver når eg treffe på deg :-) God sommarklem frå Ingunn

Mateol sa...

Og uten at du vett det kan smilet ditt forandre dagen til den bak butikkskranken, så fortsett med det:) Det er flere i serviceyrket som sku hatt et smilekurs.
Filmen var kjempefin! Det var veldig kjekt at du spurte, ikke nøl med å spør neste gang det er ein film du vil se. Blir med eg:) Usalta popcorn gikk det og, alt går i godt lag. Fin i rosa er du og! Smiil