fredag 26. mars 2010

Friends are friends for ever

Denna vekå har eg hatt besøk av Laura. STAS på alle mulige måtar!!Me har spelt TP (knuste Mary akkurat så grundig som va nødvendig), lekt i solå, skravla masse, hunge med Fran, spelt heidundrande kortspel og KOST oss i våren:) Her i York e det vår, nemlig. E litt rart å tenka på at når eg drar te Norge i mårå, ska eg og på ein måte tebake i tid og avslutta vinteren ein gang te. Men eg GLEDE meg likavel! Ska visa Anna Norge og Sauda og bare ha det kjekt. Dei andre jentene her i huset ska ikkje heim, men merke nok at di e litt misunnelige på meg;)

Fran, Laura og eg ute i våren:)
Jammen ser det ut for at eg blir nødt te ta nåken turar te Nederland i framtiå..

Vår og påskeliljer i York (Clifford's tower).

Anna e mer enn klar for ti dagar i Norge!

Hørrte eg påskeferie???? Hurraaaaa!

lørdag 20. mars 2010

That don't impress me much..

I dag har eg jammen budd i England i seks månar. Det e litt rart. Syns igrunn det her går i fortaste laget. Eg ska jo snart flytta heim igjen, for fillen! Men jammen har eg det godt. Det e finfint å bu i England, sjøl om forskjellen te Norge faktisk e større enn eg va heilt forberedt på.


Engelskmenn og nordmenn e ganske forskjellige. Og e opptatt av veldig forskjellige ting. Mildt sagt. La meg nevna nåken eksempel på ting nordmenn har stålkontroll på, som engelskmenn e mer elle mindre blanke på:



  • Vinter-OL. Eg gleda meg selvfølgelig vilt før OL begynte. Men va lettare frustrert fordi ingen brydde seg, og eg hadde ingen plass eg kunne få sett sendingane. Eg uttrykte min frustrasjon te ei venninna. Reaksjon: "Oh, are the olympics coming up now? Is it the winter olympics?" Seinare i samtalen: "The winter olympics are actually more fun than the normal olympics." Eg blei litt matt.
  • Beki, skjønn jenta, men har ikkje heilt roen på ka for slags OL som foregår i febuar..


  • "Do they actually exist?" Detta har eg fortalt om før, men det kan ikkje gjentas for ofta. Eg har to venner her i England som ikkje va klar øve at reisdyr faktisk fins.
  • Sam, som aldri ska få glømma at han trudde reinsdyr va oppdikta.


  • Håndball. Her ein dag prata eg med ei eg ikkje kjenne så godt, og hu spurte dei vanlige spørsmålå om Norge og koss det e der. Hu lurte bl.a. på ka typar sport Norge dreiv med. Eg fortalte at joda, me va flinke på ski og sånn, spelte ein del fotball..ja, og så e me ganske gode i håndball. Håndball? Det hadde hu aldri hørrt om. Ka i all verden va håndball? Viste seg at ingen av dei fira eg va på café med hadde hørrt om håndball. Så der satt eg da, og skulle plutselig forklara koss håndball går for seg. Mindre forberedt på den. Og når eg sa at det faktisk va ein del av sommar-OL, fekk di aldeles hakeslepp. Spar meg.


Mark og Meaghan, engelskmann og amerikaner.Begge heilt blanke på ka håndball e for nåke.

Det ska innrømmas at eg kan ikkje alle reglene i snooker, at eg ikkje syns sommar-OL e så kjekt som vinter-OL, og at mine kunnskaper om forskjellige typar øl e relativt begrensa. Men eg vett faktisk at det fins!

Her ein dag spurte ei av jentene meg om me hadde apar i Norge. Hu blei ledd av, stakkar.

mandag 15. mars 2010

Brighter days

På lørdag va smågruppå som eg e medledar for på tur te Scarborough. Me hadde ein knalldag med bibelstudier, bønn, lek på strandå, esler, frisbee, eggball (ja, nettopp!), vind og masse kakao/te/kaffi. Et av høgdepunktå på dagen va ein eldre herre som kom trippande bort te bordet vårt og spurte om han kunne få lov te å lysa opp dagen vår med ein liten vits. Det fekk han lov te:) Bra mann. Bra jenter. BRA dag.

Beki har kjøpt seg ein blid frisbee


Meaghan fekk lov å posera med min nyaste anskaffelse:
Ein eggball. Heilt fantastisk.

Gjengen ete lunsj på strandå.


Eggballen. Åh, så masse løye man kan ha med ein eggball!


onsdag 3. mars 2010

Here comes the sun

Å du milde, snille, grenselause, så trøtt eg e!


Fredag for det som virke som masse mer enn halvaen veka si, fekk eg besøk av Tone Iren. Hu va her te onsdagen, da drog me te Norge begge to. Eg sko jo gifta vekk Ann Kristin, må veta. Og når eg kom tebake hit seint søndag kveld, venta Sara-Lise og Maria på meg. Med andre ord, ei god veka med usannsynlig masse morro, glitter og stas! Men jammen ligge eg litt ette med skulearbeidet,ja.



Nydeliga brudeparet :)

På turbuss og leke turistar med Sara-Lise
og Maria.




Deilig sol og vårfølelse

Me måtte jo prøva nåken hattar..;)
Denna syns me va spesielt kledelig.
Men så kom det ei lite fornøyd dama og sa me
ikkje fekk lov å ta bilder. Oh,well.
Dei to siste bildene e det Sara-Lise som har tatt. Eg og Tone Iren klarte å la var å ta et einaste bilde mens hu va her, det e jo igrunn heilt vilt.. Men det va stas og hurra å ha dokke her alle tre, jenter!


mandag 15. februar 2010

I could be brown, I could be blue, I could be violet sky.

Altså, normalt e det ikkje så veldig stress å var fargeblind. Bortsett fra at eg igrunn hadde syns det va litt stilig med flysertifikat (det får eg ikkje lov å ta), så e det jammen ganske lite det plage meg. Sortera perler e styr, når eg rydde i et kinasjakk ler folk av meg, plukka tyttebær i dårlig lys e mer enn bare litt utfordrande, eg tape i ligretto..men ellers går det nå stort sett greit.

Heilt te det plutselig blir frustrerande likavel.
Som for eksempel på fredag når Oddbjørg hadde lyst på chips. Skikkelig ubegripelig lyst på chips. Så lyst på chips at før eg og Meaghan kunne sjå film, måtte me stikka på Costcutter og kjøpa chips. Eg e (i forhold te engelskmenn) ganske kresen på chips. Det ska helst bare var salt. Te nøds pepper elle paprika, ein gang kvert jubelår ete eg Mexian Fiesta (og drømme meg tebake te weekend med Gnisten, men det e ein aen historie). Ost? Nei. Løk? På ingen måte. Den forbaska eddikken engelskmenn putte på alt? Spar min arme sjel! Så eg fant dei røde posane. Dei posane som inneholde chips med bare salt på. Nå ska det var sagt at den typen chips eg har slått meg på, blir av ein elle aen grunn ikkje solgt som ein stor pose chips. Neida. Bittesmå posar, og viss du vil, kan du kjøpa store posar med mange små inni. Dei små e på 25 gram kver, så du syns liksom ikkje du har begynt å eta før posen e tom. Så, i og med at eg hadde skrekkelig lyst på chips, gjekk eg for ein tolvpakning. Passe diger pose.. Men eg tenkte som så, at eg trengte jo ikkje eta alt på ein gang. Gjekk heim med fryd i sjelen. Me hadde romantisk komedie og chips. Livet va bra!

Heilt te eg åpna nevnte tolvpakning og plukka ut første posen. Den va rosa. Den skulle ikkje var rosa. Den skulle var rød. Eg blei lettare forvirra. Ved nærmare undersøkelsar viste det seg at det va røde, rosa, grønne og blå pakkar med chips oppi der. Når eg studerte posen grundig, fant eg nåken striper i andre fargar enn rød som fortalte at det va faktisk fira forskjellige typar chips oppi. Dei stripene hadde gått mitt fargesyn hus forbi. Fres. Der satt eg med tolv små pakkar chips, og bare tre av di va etande for meg. Dobbeltfres. Den rosa eg plukka opp først hadde den skjønne smaken av Prawn Cocktail. Yeeesh. Men eg tenkte eg sko var flink jenta og prøva, vertfall. Det blei med prøven. KOFFOR lage di chips med rekesmak? Det burde vore lover mot sånnt.



Her endte historien, trudde du. Neida.


På lørdag vaste eg meg ein tur ut te Monk's Cross (ca 25 min å gå) for å sjå om eg kunne finna ei luftmadrass. Det fant eg, og når eg gjekk forbi hyllene med chips, tenkte eg at eg kunne jo plukka med meg ein med salt. Siden det eg hadde igjen heima va fullstendig ubrukelig. Så eg tok med meg ein RØD sekspakning, sjekka at det ikkje va nåken andre fargar på posen, gjekk heim, åpna posen og plukka ut ein minipose. Den va blå. To små posar va røde, dei andre va blå (cheese and onion) og grønne (salt and vinegar). Ost, løk og eddik.




Gremmelse.




Nåken som har lyst på chips? Eg har! Tolv posar, for å var nøyaktig.

lørdag 6. februar 2010

You've burned your breakfast so far.. things are goin' great!

Før Maggie reiste tebake te USA te jul, ga hu meg et oppdrag: Ta med Sam på Morrisons og handla mat. Og dokumentera, selvfølgelig.

Nå kan det passa med litt bakgrunnsinfo om Sam. Han e 18 år, bur heimafra for første gang og ete mindre og masse mer uregelmessig enn meg. Fullstendig avhengig av Starbucks, ane ikkje kossen man steike ein ferdigpizza (han fekk det rett og slett ikkje te..) og innte desember 2009 trudde han at reinsdyr va lika oppdikta som julenissen.

Needless to say, det va ein festlig handletur..
Handlelista må ein kver matvarehandlar med respekt for seg sjøl ha.
Akkurat rekkefølgen på denna e vel ikkje heilt tradisjonell, men..


Meaghan, ei av mine nye husvenninner, va med oss og lo av oss.
Ein viktig jobb, som hu utførte med stil.


Ferdig handla og meget stolt av seg sjøl. Han sammenligna
følelsen med første gang han klarte å knytta skoå..



Oppdrag utført!

Denna syns me bare va gøy pga navnet.

Moo Chocolate Creaminess. Det blir ikkje bedre.

Det hørre med te referatet at bortsett fra å var komplett udugelig te alle ting relatert te mat (og reinsdyr), e Sam ein meget trivelig kar som e skikkelig flink inkludera alle i samtalar og sosiale sammenhengar. Og han e absolutt ein kilde te underholdning for oss som ser på oss sjøl som voksne og erfarne. Sitat: "I'm at Morrisons, but I can't find you. I'm scared."

søndag 31. januar 2010

Start of something new

Siste avskjed for denna gang e overstått, Silke drog i dag. Så nå e alle dei tre jentene eg hang med den første vekå her i York vekke. Bare meg igjen, gitt. Egentlig litt deilig at det e gjort. I mårå begynne det nya semesteret, og eg ska prøva å følga den komplett uforståelige timeplanen min. Det gjelde å putta mest mulig info inn på ein plan, sånn at det ser ut som om eg ska gjer minst to ting på ein gang. Velkommen te universitetet. Planen e å dukka opp på det som ser mest sannsynlig ut, og sjå om nåken går laus på meg fordi eg ikkje va testede ein aen plass. Sånne planar går stort sett godt her i landet, for eg e utlending og blir tilgitt det mesta. Eg e nok bare litt treg, elle så har eg misforstått nåke. Ikkje for det, dei engelske studentane skjønne ingenting dei heller. Forskjellen ligge i at eg har lov å var dum. "Oh, you're an international? I see. Now, let me show you how this works."

Pirat-Silke, nå på vei tebake te Tyskland..

På fredag va eg med ein del av dei nye internasjonale te York Designer Outlet. Der har eg ikkje vore før. Tanken va "ka ska nå egentlig eg der å gjer?". Nå blei eg med mest for å anskaffa meg nåken nye venner. Funka greit det, men jammen hadde eg ganske rett i mistankane mine. Eg har aldri vore videre opptatt av dyre merker. Mange av navnå på butikkane sa meg null. Men eg trur nok at ei viss storesøster kunne trivdes ganske grundig der ute. Sikkert lika greit at me ikkje drog, tålmodigheten min hadde holdt te ca fem meter innforbi dørå.. Endte opp med å handla litt nye innslag te mitt raskt voksande arsenal av galskapsklær (irrgrønne lakksko og digre knallblå øyreringar..) og ein slikkepott (Le Creuset, einaste butikken eg såg og tenkte DER ska eg inn..). Designersjapper e bortkasta på meg.. Men nå har eg sånn slikkepott som mor og Liv Ingunn har:)