fredag 22. august 2014

I Hans kjærlighet går vi, til vi møtes igjen

I dag e det ti år si eg begynte på bibelskule.
Eg har rimelig god hukommelse, så eg kan nevna ein god del
ting eg huske fra den dagen, både udelt positive og mer pinlige.
Ska prøva å begrensa meg.


Eg huske at det va sol. Eg huske at eg va nervøs og hadde ein ganske stor
klump i brystet.
Eg huske at eg gjekk opp trappå langs administrasjonsfløyen,
snudde meg og såg utsikten.
Plutselig fekk eg pusta.
Eg huske at eg traff Helene i himmelstigen, henna hadde eg truffe før.
Hu hadde bursdag.
Eg huske at eg hilste på Magnhild i hallen, hu hadde stripete genser.
Eg huske at eg hilste på søster te Arne, for eg trudde det va hu som
sko gå på skule med meg.
Når eg fant ut at det va feil, blei eg så flau og forvirra at eg ikkje fortalte ka eg hette.

Den kvelden lærte me to sangar som me sko framføra dagen ettepå. 
Mens me øvde satt eg ved siden av Kristin.
Husmor visste allerede ka eg hette. Rektor Kjetil leste fra Romarane 8,38-39.
Mor og far hjalp meg med å flytta inn på firen, rom 412.
Rett øve gangen flytta Nina inn. Det skulle seinare visa seg at når brannalarmen
gjekk midt på nattå, og eg tenderte mot panisk, kunne eg stola på at Nina
fekk meg ut.

I det heile tatt. På denna dagen for ti år si begynte et aldeles fenomenalt
bra år. Et år med Jesus, venner, latter, kritisk lite søvn, kokosboller, leigebil
og ufattelig mange gode samtalar.
Det va ikkje et år uten nedturar, men herlighet, dei oppturane...

Folkens, BiG-kullet 04/05....TAKK for ubegripelig mange gode minner!

Kristin og eg i gode, gamle, øvetrøtte dagar.



torsdag 17. juli 2014

Men den som spiser gulrerøtter, knekkebrød og peppernøtter....

I dag har eg lese at det ikkje e så sunt å drikka masse vatn likavel.
Då blei eg litt sur.

Kaffor i all verden ska eg hørra ein millimeter på alle dessa menneskene som
konstant fortelle meg ka som e sunt og bra for kropp og sjel?
Di e jo aldri enige med seg sjøl! I såfall e det ikkje lenge det vare.

Grovt brød med brunost, det e sunt. Nei, vent, brunost e ikkje bra lenger,
og egentlig bør du redusera inntaket av brød óg.
Spinat e bra! Masse jern! Men ikkje sånn som kroppen kan gjer seg nytte av,
selvfølgelig. Et blåbær! Antioksidanter! Ikkje egentlig så nødvendig som me trudde.
Fisk! Omega 3! Heller tvilsomt kor masse effekt det har.
Et frukt og grønt! Men unngå for all del det som e blitt sprøyta.
Kanel e supersunt! Ikkje nå lenger.
Appelsiner e fulle av c-vitaminer! Men syrå tar kverken på tennene dine.

Eg har egentlig slutta å tru på di. Litt vet må te, men ellers ete eg det eg har
lyst på når eg har lyst på det.

Kan nåken heller forska på og finna ein kur for aids?
Det e heilt greit for meg om eg ikkje vett kor sunt asparges egentlig e.
Viss nåken av dessa matforskarane vil skifta beite, og ta kverken på
ein sjukdom eller tre, go for it.
Ikkje alle, eg skjønne at me sikkert trenge ein del med peiling på kosthold,
men eg trur me har for mange meiningar nå.

Og siden vatn fremdeles e bedre enn brus, trur eg jammen eg ska ta meg et glas
Pepsi Max. Bare på trass.

Chocolate Nemesis. Godt? Ja.
Sunt? Neppe, men derom strides de lærde.

søndag 22. juni 2014

...e med ett favorittordtaket

Eg e for smiling.
Det kan kanskje komma øverraskande på nåken, for det e jammen
ikkje alltid eg smile, men eg e for smiling.
Spesielt i serviceyrker.

Når eg treffe folk i serviceyrker som ikkje smile, går eg inn for
å få di te dra på smilebåndet. Med varierande hell, det ska innrømmast,
men eg like ein utfordring. Eksempler e vanskelig å gi i sånne småsamfunn
som eg bevege meg i, for man ska jo ikkje henga ut folk helle.
Men eg stod ein gang i kø på ei ferja og venta på å betala for tre vestlandslefser
(som forøvrig va det einaste di hadde å by på på Melderskin, kanskje ikkje så
rart at smil va mangelvare). Han stakkaren som stod i kassen va sikkert ikkje
ein stakkar sånn egentlig, men sånn såg han ut. Som om alle verdens irritasjonar
va lagt på nettopp han. Han jobba tregt, så eg fekk god tid te å tenka på koss eg
sko lura han te å smila. Eg huske ikkje ka eg sa. Når eg endelig kom fram te kassen,
meine eg. Men det va heilt sikkert nåke vas. Ganske stor mulighet for at det va
rimelig usaklig. Man kjenne da seg sjøl.
Han smilte ikkje helle. Ikkje egentlig. Men det va bevegelse å spora i munnvikene,
så eg velge å tru at han hadde smilt om han bare ikkje hadde vore så treg.
Og eg fekk vestlandslefsa. Med kanel.

I går va eg på byn i Sauda. Sa hei og smilte fint te ei av damene eg traff på min vei.
Fekk såvidt et nikk tebake, og tenkte "du må ha ett elle aent imot meg, du smile aldri te
meg, ennå eg e ein av dine mest trofaste kundar. Ska tru ka eg har gjort deg?".
Men eg samla mot og inspirasjon, og gjekk for ein enkel seier. Eg skrøyt av kor fint
di hadde det. Herlighet, kor hu lyste opp! Hu blei reint strålande i fjeset!
Og eg forlot åstedet med ein gladfølelse inni meg. Det e det som e, at når folk smile te
deg, då blir verden ein lysare plass å oppholda seg.
Det e derfor eg e for smiling. Alt blir så lyst og fint!

I kveld har eg vore på kino med Marianne. Det e jammen ein fryd!
Å sjå ein skjønn grinefilm og eta usalta popcorn (det kjeme te bli snakka om lenge),
og stå utforbi ettepå og prata om alt og ingenting mens me ete krokanrullen eg hadde
glømt at eg hadde fordi eg va så oppsatt på å få i meg det usalta pocornet...
Å ta knekken på siste rest av krokan på vei te bilen, bare for å gå laus på ein rull
med mentos. Det e te å smila av! Lenge.

Og eg e for smiling.

Som om ikkje den Rosa Kjolen va nok,
bestemte eg meg for å prøva Sam
sine solbriller. Smiiiiil!

mandag 16. juni 2014

Pink Panther Theme

På denna siste kvelden som 28-åring før min første
29-års dag, har eg skallen full av tankar. Ikkje alle egne seg
på trykk, dei holde eg for meg sjøl. Ikkje alle har relevans eller
e av interesse (eg klare ALDRI å huska koss man stave det ordet!)
for andre, men det bryr eg meg ikkje om. Nåke e du kanskje enig i.
Nåke syns du kanskje e usaklig og tullete. Oh, well.

Eg syns det e rart å merka at når andre erte og småmobbe folk som
normalt e mine "offer" (som eg lett kunne ha terga og herja med sjøl),
då går eg rett i forsvar. Eg har lov, men ikkje kem som helst.
Har heilt klart andre regler for meg sjøl enn for andre.
Og så like eg selvfølgelig å tru at eg vett bedre enn alle andre kor
grenså går. Sånn har eg visst alltid vore.

Eg meine at konseptet Oddbjørg i Rosa Kjole e utprøvd ein gang for
alle, og kjeme neppe te bli gjentatt med det førsta.
Det kunne eg ha sagt på forhånd. Sa det for såvidt óg.

Eg har i dag tatt ein test og funne ut at viss eg va ein edelstein, ville eg vore
ein rubin. Og i den forbindelse blitt advart om at min "forfriskande ærlighet"
kan gi meg trøbbel. Min egen omskriving: Eg må passa den store kjeften min.
Men det visste eg fra før.

Eg har et snasent arr på armen som klør litt og minne meg om at nok ein
gang va den kortaste veien te målet viktigare enn egen sikkerhet.
Sandaler ner bratte skråningar med lause steinar har aldri vore lurt.
Og det har eg visst i mange år. Men eg gjorde det likavel.
Te mitt forsvar anbefalte eg mor å gå ein aen vei.

Det ska visst var sånn at man lære av sine feil. Ikkje gjere di igjen og sånn.
Funke ikkje sånn med meg. Eg går på samme smellane om og om og om igjen.
Nå, for eksempel, kjenne eg i armen at å skriva et såpass langt blogginlegg
va ein dårlig idé. Men eg må skriva litt te før eg e ferdig.

I skapet mitt står kruset eg kjøpte i York, som eg drakk kakaoen min
av og følte va heilt på sin plass i mitt liv.
På kruset står det:

Mistakes
It could be that the purpose of your life
is only to serve as a warning to others

Eg går ikkje med på at det e den einaste meiningå med livet mitt,
men e jo fint om andre kan læra av feilå mine når eg ikkje gjer det sjøl...

Oddbjørg i Rosa Kjole blei utprøvd i helgå.
Akkurat nå e eg øvebevist om at rosa e nei
resten av livet. Lika sikker på at eg kan
finna på å glømma det ut eller velga å ignorera
det fullstendig.
Nærme eg meg sjølinnsikt nå?
Vett ikkje. Men eg nærme meg vertfall stygt 29.
Så det e gjedna på tiå.


lørdag 24. mai 2014

Soak up the sun

Blei utfordra på facebook te posta tre positive ting i tre dagar,
og så utfordra tre nye kver dag.

Bestemte meg for å ta alle ni i ein smell, eg like å få ting gjort.

Altså, ni positive ting.
Merke det kan bli vanskelig å velga, det kalle eg et godt tegn.

1. Jesus elske meg!
(kom an, den va obligatorisk.)

2. Eg har ein fenomenal (mor og far, vennligst legg merke te at eg lot var å bruka
fantastisk) familie og eksepsjonelle venner som gjer at eg har null problemer med å finna
masse mer enn ni positive ting i livet mitt.

3. I dag e det sooooool, og eg har starta solbrentsesongen!
(Okei, solbrent e vel ikkje udelt positivt, men holde vertfall varmen..)

4. I mårå ska eg ut på tur og synga med verdens herligste kyrkjekor.

5. På Finnøy fins det folk som skjønne at spelekveldar e nødvendige for
sjelshelså.

6. Det e jammen meg mindre enn ein måne te sommarferie!

7. På bordet ved siden av meg står ein uåpna trepakning med kinderegg
(sjokolade e ein salighetsting på høgt plan!).

8. Det fins musikk for alle humør og sinnsstemningar, og eg e velsigna med
evnen te å lika det aller mesta som blir spelt rundtomkring.

9. Det e ingen heima oppe, så eg kan synga så høgt eg vil. Joy!

Hm. Ska eg stoppa her, liksom?
Kunne fortsatt ei stund.

Skulle jo egentlig utfordra ni andre nå. Men eg tar ein vri på det og.

Eg utfordre DEG te ta fem minutt og tenka ut minst ni ting som e positive i livet ditt
akkurat nå. Publiser det eller la var, eg sjekke ikkje.
Men du kan gå ut fra at viss du gjere det, kan humøret komma te stiga et hakk eller to.

Det e SUNT å fokusera på det positiva!


Eg planlegge reunion med desse to herlingane,
som eg ikkje har sett si 2009. Pooooositivt!

fredag 9. mai 2014

Backstreet's back

Eg har tidligare tilstått at eg va ein gang ein innbitt boyband-tilhengar.
Har ufattelig mange gode, fjollete, vanvittige minner fra tiå der
me va såpass hekta at plakatar blei med på hyttetur og fanfics blei
skreve og lest med stor iver. Ganske mange av dei minnene e klassifisert
informasjon som kun deles med innvidde og spesielt utvalgte.

Men nå i mars va me ein gjeng som skapte heilt nye minner
på Backstreet Boys konsert.
In a world like this-turnéen kom te Stavanger.
Eg blei pukka opp på Rennesøy av ein venninnegjeng som hadde kjørt fra Bergen.
I bilen ljoma BSB, og alle sang med. Stemningå va høg fra første stund.

Me hadde ein suverent bra fjortismimrekveld, og dei såkalte
"guttane" leverte akkurat det me ba om : ein tur tebake te det glade
nittitall når hormonene gjekk høgt, når lykken va ein ny singel fra heltane,
når me hisste oss opp øve dårlige konsertanmeldelsar...
Det va ein FEST.


Margot Helene, eg og Maria heilt og aldeles klare for
Nick, Brian, Kevin, A.J., og Howie D.

Me sang med av full hals, me lo av dårlige vitsar, me va tidvis rimelig høgt oppe i
stemmeleiet, og verden va, der og da, ein einaste lang opptur.
Og me va, selvfølgelig, the "best crowd ever"!
Eg blir gla når eg tenke på det.

Så kan surmaga kritikarar og boybandhatarar sei ka di vil.
Eg hadde gjort det igjen. Glatt.

Morningen ette va eg forsangar i Hesby kyrkje iført Backstreet Boys t-skjorta.

Viss Westlife nåken gang drar ut på ein gjenforeningsturné, då,
Kristin og Siv, ska me på konsert.

tirsdag 29. april 2014

I won't hold you back

Heiane, der va det gått øve tre månar si eg blogga, gitt..
Men NÅ. Nå e eg 50% friskmeldt, og det har eg bestemt at betyr
at eg har lov å blogga. Så det.

Eg lovte visst, i januar ein gang, ein historie om ein pitbull.
Det va selvfølgelig ikkje ein pitbull. Ein av elevane mine fekk det
der overbærande "nå e du mer enn lovlig tett i skallen"-blikket,
og sa: "e du sikker på at det ikkje va ein bulldog?".
Det e klart det va ein bulldog. Eg burde sikkert skamma meg,
men eg tar det med ro, kjenne eg.

Uansett. Eg va ute på Vignes og gjekk tur med tre mennesker,
ein cavalier king charles spaniel (ska det var, så ska det var)
og altså ein bulldog. Nevnte bulldog valgte ei aen ruta enn hu
som holdt i båndet. Han satte båndet fast, og siden eg hadde
gått for samme veiløysing, blei det meg som sko fiksa opp i
det her. Og meg som stod med båndet i håndå når hunden va
laus. Når han va laus, og oppdaga at dei andre hadde gått i
forveien. Du kan sei ka du vil om dei små pluggane, men di
kan setta opp litt av ein fart. Eg hadde ikkje sjans å stoppa han,
det va bare å henga på. Va faktisk ganske stolt av meg sjøl,
der eg hoppa og spratt mellom steinar og kjerr, at eg ikkje
gjekk i bakken. Men når me kom ut på ekrå, då bestemte
eg meg for å setta på bremsene og ta tebake kontrollen.
Lurt. Har du stått på vannski nåken gang? Det har ikkje eg,
men eg har stått på joggesko i sørpa ette hund.
Ikkje lange beten, ein meter eller tre, før eg plutselig låg
vannrett i luftå (flashback te springing på bassengkanten i
Saudahallen). Og landa på ryggen med et klask. Et skikkelig
sørpeklask. Fekk raskt selskap av to hundar som ville hilsa.
Eg like hundar, eg gjere det, men di FÅR ikkje lov å slikka meg
i fjeset. Det e ein neiting.

Kom meg på beinå, ingen skade skjedd, bortsett fra at eg va
ein anelse skitten. Fra helane og opp i håret. Sunt, seie di.
Me får tru det.

Det har skjedd litt, dei siste månane.
Løye med det, samma kor sjukemeldt eg blir,
e det stadig nåke galskap som snike seg fram.

Det kjeme nok referat;)

Tok turen hit igjen i påsken.
Never gets old.