mandag 26. oktober 2009

Om å var trøtt på Helganes


Ein ettermiddag seint i oktober tusla ein rimelig sleten, trøtt og småsjuk Oddbjørg Drarvik ut av flybussen på Helganes. Det første eg såg va et skilt som snilt fortalte at viss eg sko utenlands, sko eg gå inn her. Så det gjorde eg. Og kom inn te bagasjebåndet og ei stengt dør som visstnok gjømte gate ein og to. Ei dama såg på meg og sa at eg såg ut som om eg måtte sjekka inn (vett ikkje om det va på grunn av det forvirra uttrykket eller den digre kofferten). Eg bekrefta at joda, det va planen. "Åja, men da må du gå ut, og så inn neste dør". Eg så gjorde. Der fant eg innsjekkingå (kun baggage-drop, stod det på skiltet. Eg lurte ei stund på om det betydde at eg måtte skaffa bagasjelappane ein aen plass, men ei trivelig dama sa at di ordna det i skranken, og ønska meg god tur.). Ette å ha levert fra meg 13,3 kg bagasje, gjekk eg gjennom sikkerhetskontrollen. Av med jakke, sko, belte, tøm lommer..eg fant meg i alt, for snart skulle eg på taxfree og så sko eg få meg mat. Trudde eg. Når eg kom inn, va det ikkje så masse som ein nedprisa røykpakke å sjå, og einaste tilgang på næring va ein cola-automat. Eg va skikkelig sulten, så humøret fekk seg ein knekk. Såg for meg at eg måtte leva på Tyrkisk Peber og c-vitaminer (nåke hadde eg jo i veskå) og drikka cola. Den sitte langt inne, eg har boikotta Coca Cola i øve fem år nå. Men eg måtte drikka, så eg reiste meg opp og slepte beinå bort te automaten. Øve den va det ein skjerm som fortalte ka gate flyet mitt sko gå fra. Gate 2. Eg såg meg rundt. I det krypinnet eg befant meg, kunne eg sjå gate 3, 4 og 5. Ein veldig blanda følelse kravla oppette ryggen. Eg måtte ha gått feil, og det va pinlig, men: Ein elle aen plass va det taxfree, mat og ikkje-coca-cola-drikka! Fryd! Så eg fant meg ei sikkerhetskontroll-dama, og forklarte situasjonen. Hu sa at joda, eg va kommt feil, eg måtte gå heilt ut, og så inn neste dør. Altså tebake te utgangspunktet. Eg traska gjennom metalldetektorpipedingsen (med alle klenå på og veskå på armen, ikkje så masse som ein liten pip..), og gjekk fort ut og inn igjen, gjennom den nå åpna dørå som leda veien te gate ein og to, og foretok dagens andre sikkerhetskontroll. Der stod mannen som hadde kommandert skoå av for 20min si. Han hadde bytta plass. "Dagens andre, eg klarte å ta feil", sa eg, for eg såg jo at han kjente meg igjen. Og joda: "Ja, eg såg eg hadde sett deg før", sa han. Gremmelse. Kunne han ikkje bare ha holdt seg på plassen sin?
Men eg va på vei. Av med jakke, sko, belte, tøm lommer...eg fant meg i alt, for snart skulle eg på taxfree og så sko eg får meg mat. Nåken lære aldri. Riktignok fant eg taxfree-sjappå, og fekk handla med meg norsk sjokolade og snop te gi i bursdagsgaver, men så gjekk eg inn i vente-området. Og ka va det der? Eg såg ingenting aent enn stolrekker. Så eg satte meg ner og angra grundig på at eg ikkje hadde kjøpt meg ei pølsa elle nåke før eg gjekk gjennom sikkerhetskontrollen. Det tok ei stund før eg oppdaga cola-automaten, og ei ennå lenger stund før det gjekk opp for meg at det eg satt og såg på va ei trapp. Det merka eg når ein mann gjekk opp. Lys i mørket! Der oppe va selvfølgelig caféen og maten! Eg spratt opp og trava opp trappå. Der oppe va det masse tomme stolar og bord, og inderst i kroken stod det ein gutt bak ein disk og solgte drikka og muffins. Eg kjøpte ei flaska vatn og ein sjokolademuffin. 50 kr, takk! E det rart turistar syns Norge e dyrt?
Igrunn va eg ganske glad når eg kunne legga Helganes bak meg. På flyet klarte eg å senda ein liten metallbit flygande bort på nabopassasjeren når eg sko åpna ein boks med juice. Skar meg selvfølgelig i prosessen. Endte med at flyverten gav meg ein ny boks og åpna an for meg...

Nåken dagar burde man ha sove litt lenger.

Søndenåhaugen 29, ein plass der det e masse kjekkare å var sleten enn det e på Helganes.

2 kommentarer:

Anne Marie sa...

Eg ser deg for meg! Du skriv godt. Håper du har fått ove ut

Kjetil sa...

Hi hi, eg ser deg for meg eg og. Flott bilde av Søndenåhaugen 29, forresten.