Nå e eg heima på haugen. Foran meg ligge øve sju veker med herlig, uforfalska FRI.
Eg har fått ein del pes for at eg ikkje har planar for sommaren. Eg har ikkje planlagt ein einaste ferietur. Koss går det an å ikkje ha planar i ferien? Men eg tillate meg å var uenig. Eg har masse planar, nemlig:
Eg ska få besøk, eg ska leka med tantebarn (alle sammen, faktisk!), eg ska gå på tur og kosa meg i fjellet, eg ska ligga langflat og sova midt på dagen, eg ska kosa meg med venner og familie, eg ska plukka blomster og ta bilder, eg ska synga, eg ska flyta på ryggen i ei sommarvarm tjødn og kjenna kor GODT det e å var te.
Og så ska eg eta is.
Komma her og sei at eg ikkje har planar...
Det ska eg og: Eg ska gå barføtt.
1 kommentar:
det blir jo kje ferie viss me fylle an med vilt med store plana!
Legg inn en kommentar