søndag 15. januar 2012

Out of bounds

Ka for ein regel får alle som e nye i ein svømmehall hørra?
Akkurat: Ikkje spring på kanten.

Når eg gjekk på skulen sjøl, va det ikkje alle regler eg skjønte vitsen med.
Men eg fulgte di, godt oppdratt som eg va.
Eg heiv aldri snøball (akkurat den såg eg jo poenget med, da),
eg hoppa aldri uti bassengetfør eg hadde fått beskjed om det,
eg lekte ikkje med fyrstikker (dønn livredd for brann,så eg va ikkje vanskelig å overtala
på den fronten) og eg sprang aldri på bassengkanten.

Ungar følge regler. Iallefall sånne ungar som eg.
Ikkje nødvendigvis fordi di forstår ka som kan bli konsekvensene av å
bryta di, men fordi det e ikkje lov.

Voksne bryte regler heile tiå. Me har mer vet, me e fullstendig klar øve
mulige konsekvenser, men me gir blanke.

Lat meg ta et eksempel: Det e siste året på videregående, eg e passert 18 år,
og e, i teorien, eit vakse forstandig meneskje. Me e i svømmehallen. Ein stor gjeng spele
vannpolo, eg går av ein elle aen grunn langs kanten.
Plutselig kjeme ballen susande opp på land.
Ei av jentene ette, kjapp som bare hu kan ver. Ropet lyde fra vatnet: "Oddbjørg, ta Anja!"
Oddbjørg tar Anja. Ingen fare. Hjelpsom som eg e, legge eg på sprang ette na.
Plutselig ligge eg vannrett i luftå, uten nåken klar idé om koss det gjekk te.
Beinå mine treffe Anja i ryggen,og me lande med et klask og et smell som eg
kjenne i bakhåvet ennå når eg tenke på det. Verden forsvinne. Langt vekke hørre eg
nåken som seie navnet mitt. Ein gang. To ganger. Tredje gangen e det kommt nåke
panisk øve tonefallet. Eg må slita auene opp.
Nærmast meg, fremdeles i vatnet, står Olaug.
Bak na, ein drøy del av klassekameratane mine. Med hakene dinglande nerimot navlen.
Eg blir plutselig inderlig bevisst på at eg ligge på kanten, alle ser på meg
og eg e iført badedrakt.
Ikkje ein ønskesituasjon.
Korleis kunne dette vore unngått? Ikkje spring på kanten.


Me e omgitt av regler. Me bryte di kver dag.
Ordensregler, klasseregler, fartsgrenser....

Holdt me alle fartsgrenser i dag?

Eg bare seie det: Ein dag kjeme konsekvensene og bite deg i baken.
Eg håpe for din skyld at du e påkledd når det skjer.


Detta bildet e tatt på 18-års dagen min.
Den dagen eg blei ein voksen og forstandig regelbrytar.

2 kommentarer:

Olaug sa...

Å gjera alt rett alltid-nei, det går rett og slett ikkje.Men det er nok lurt å prøva.

totliii sa...

Eg må jo barra le.