mandag 31. desember 2012

Just like the fireworks in the sky

Mand tager hvad mand haver....

... og me havde ein feiekost. Ein liten ein, med tilhørande brett, sånn ein
med langt skaft som du kan festa i toppen av skaftet te feiebrettet.
Den e jo primært designa for...ja, nettopp. Kosting. Denna torsdagen 
seint i desember blei an oppgradert. Te juletrepynteassistent. 

Når mor og eg ankom Betel, va juletreet kommt på fot. Men det va litt skeivt.
Så mor holdt (og bikka på) treet, mens eg låg flatt på magen (forbaska låge greiner) 
og skrudde på juletrefoten.Nålene drysste om øyrene, fingrane protesterte vilt mot 
behandlingå, og det stakk grundig oppette armane, men me fekk benka treet. 
Eg kravla meg opp, va fornøyd med verket. Heilt te eg sammenligna treet 
med Betel sitt skaberakk av ei gardintrapp, og konkluderte med at viss me sko 
få opp stjernå, måtte me stå heilt øverst uten nåke å holda i. 
Eg står ikkje heilt øverst uten nåke å holda i. 
Så mor tilta treet langt nok ner te at eg kunne stå lenger nere i trappå 
og få stjernå på plass. Når hu vippa treet opp igjen va det, nok ein gang, skeivt. 
Eg kunne brukt ennå flere ord og lange setningar uten pustepause for å forklara 
akkurat kor lang og intrikat prosessen va for at juletrefesten på Betel fjerde juledag
skulle få et festpynta grantre, men eg nøye meg med et lite snapshot: 

Sjå for deg meg, høgt oppe i ei grasat diger og veldig vaklevoren gardintrapp av tre
(som står og bikke), småbleik i fjeset, med blikket stivt festa oppøve. 
I håndå har eg ein kost, og med den heise eg pynten opp mot toppen.
Eg fekk spesielt godt dreisen på glitteret.
Det, som så mange andre øyeblikk, sko vore filma. 

Det blei såpass med barnåler på golvet ettekvert at kosten fekk lov å kosta litt og.
Sjøl om mesteparten av den jobben gjorde eg med ein mopp. 
Hadde aldri gått så bra å få opp glitteret med ein mopp...
Elle, for all del, eg har jo ikkje prøvd.

Mand tager hvad mand haver.

Nå have me et heilt nytt, tomt, blankt år foran oss.

Ka vil du velga å fylla det med?

Et forslag fra meg te deg:  Om ting ser litt utfordrande ut, og du ikkje blir tildelt
akkurat dei redskapene du hadde sett for deg at du trengte, 
gjer god nytte av dei du får. Som regel får du glitteret opp,
om enn ikkje på den måten du hadde tenkt.

Det smelle inne blant fjellå i Sauda.
Om mindre enn halvaen time ska eg gå ut og møta det nya året.

2013: Bring it.


Godt nyttår, venner!


4 kommentarer:

Ingunn sa...

GODT NYTTÅR Oddbjørg, og takk for mange latteranfall i året som har gått! Eg glede meg til alle dine "påfunn undervegs" i 2013 ;-)
Skulle ofte ønska at eg kunne vore eit lite støvfnugg som kunne hatt fast plass på skuldra di, og hatt utallige latterkrampar som hadde komt av alle dine opplevelsar i verda. Kanskje hadde mine anfall komt litt før dine, når du i kampens hete koke innvendig, men når du har telt til 10 x 1000, så hadde du ledd ilag med meg.....eller?
Håpe du får eit fantastisk 2013!

Lillan Mo Andreassen sa...

Har tenkt å låne visdomsorda dine i året som kjem og mulegvis litt lenger :) Godt nytt år! Må glitteret finne plassen sin òg i 2013 ;)

Oddbjørg sa...

Ingunn : Tusen takk for gode ord! Det e lov å le høgt og lenge, du har heilt rett: Eg ler som regel eg og, ettekvert...;)

Og Lillan: Eg henge meg på deg og, så nå kjeme me te var nesten i overkant oppdaterte te neste juletreff..:)

Godnt nytt år, begge to!

Anonym sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av en bloggadministrator.