onsdag 12. desember 2012

Sneen dalte lett og fin

I går kveld va me ein gjeng som bakte julekaker i lag.
Det e stas, det! Julemusikk, lys, skravling og masse masse kaker.
Og masse god deig! Det va visst bare meg som gjekk rundt og smakte
på dei andre sine deigar, kan ikkje forstå kaffor det... Smaking og slikking
e jo halve vitsen med bakingå. Eg blei litt ledd av, men det kan eg leva med.
Og sju slag blei det, så nå kan eg eta kaker te eg kan trilla heim te jul uten bil.
Sunt? Nei. Godt? Jepp.

Og når eg nesten hadde våkna i dag tidlig, då reagerte eg på lyset i rommet.
Når eg då hørrte Ingebjørg trampa i garasjen, kobla eg overraskande fort te
å var så tidlig på morningen, og konkluderte med snø. Fest!
Kveldstur med Elisabeth i kram snø, det kvalifisere egentlig te et
blogginnlegg for seg sjøl. Men nåken ganger e det sånn at det som skjer på
tur, det forblir på tur.


Det e kaldt å vara klesklypa i dag.

Snøøøøø i bjørkå!

Det vil visa seg kor glad eg e i denna snøen når eg må driva arkeologisk utgraving
for å finna igjen bilen min i mårå. Men sånne detaljer kan me ikkje henga oss opp i.

Ingen kommentarer: