tirsdag 16. april 2013

You want to make a memory

Eg tok ein ufrivillig bloggpause, gitt...
Påskeferien blei ein smule amputert av ei litå veka med omgangssjuka.
For alle detaljer, sjå mine upubliserte verker, men eg kan jo sei det sånn
at når alt man får i seg, og masse mer enn det, forsvinne ut av kroppen
igjen uten å gjer nytte for seg...

Eg va dårlig. Eg e dårlig ennå. Blei jo ein smule dehydrert av detta sirkuset,
og det kjenne eg på følgene av. Men for all del, kan stå på beinå nå.
Framgang, kalle me sånnt!

Påskeferien begynte med ca tre dagar der eg va mer elle mindre i koma.
Måtte sova et par timar ette kver fysisk utskeielse. Som ein tur på byn med mor,
for eksempel. I bil.

Men så hadde eg tre herlige dagar der eg drog te Slettedalen på hyttebesøk,
koste meg på bytur med mor og Julie, og fekk med meg den store påskehappeningen
i Drarviksslektå, nemlig eggkokingå.

Så flata eg ut. Men det har me snakka nok om.

Litt bilder fra dei tre skikkelige feriedagane mine:

Snølek og sol i Slettedalen

Påskehyttekos!
Me løyste påskenøttene den kvelden :)

Hylsfjorden fra heimstråndå.

Me hadde diverse fargar egg :)
Tone stilte som eggholdande modell.

Ein liten vri på det tradisjonsrike eggebildet.
Tok selvfølgelig et "vanlig" óg.


Hurra for familie og påsketradisjonar!
Og takk, Gud, for at eg fekk dessa tre dagane, vertfall!

Viss nå bare verden kunne slutta heilt med denna seilingå,
så hadde eg vore takknemlig for det óg....

tirsdag 19. mars 2013

The show must go on

Det e masse som ikkje står i stillingsannonså når du søke jobb som lærar.
Det står ikkje regissør. Det står ikkje sufflør. Det står ikkje lydteknikar.
Det står ikkje rekvisittanskaffar. Det står ikkje kulissemakar.
Og det står heller ikkje kostymeansvarlig.

I går kveld sydde eg silkebånd i kappen te Pilatus. Han må jo kunna knytta
na framme, må veta!
I dag ette skuletid satte eg fyr på det som va igjen av nevnte silkebånd,
så ingen skulle falla for fristelsen å dra i ein laus tråd igjen.
Nå i kveld har eg sydd på kjortelen te ein av vaktene te Pilatus.
Halsåpningå hadde revna, så den måtte ordnast. Og så va det på mystisk vis blitt
ei diger revna på tvers bak. Det ska var sagt at det va nok forrige eigar av kjortelen
som hadde sørga for det. Men det va læraren te den nye eigaren som måtte fiksa det.

Blei det beint og vakkert? Nei, egentlig ikkje.
Men eg blei ikkje ansatt fordi eg va ein racer på å sy!



Ingen vakt med sjølrespekt kan gå rundt
med ei sånn flenga nederst på kjortelen!

Di første to stingå va ganske beine og ca lika lange.
Så blei eg lei.

Bedre enn at et stort stykke henge og slenge,
syns nå vertfall eg...

Om ikkje aent, hadde eg vertfall vett te
 å tråkla ivei på vrangå! Skills.



Ein dag publisere eg kanske ei lista øve skills som kreves for å komma gjønå
et år som lærar. Den blir lang.
Å du heiane så gla eg ska var når bare fredag halv tre kjeme!

mandag 11. mars 2013

No kjem den fagre våren

Når dagane blir et einaste kav der eg springe fra det eina te det andra, 
og e heldig om eg får satt meg ner i ti minutt og eta litt før det e på an igjen.
Når folk går meg så inderlig på nervene at eg føle for å dyppa di i fjorden
for å kjøla ner håvene deiras litt.
Når eg ikkje får gjort halvparten av det eg hadde tenkt.

Og sånn ellers.

Det e då eg finne fram dei små gledene. Dei som blir så inderlig store
viss eg bare tar meg tid te å kjenna ette.

Som for eksempel:

Nyvaska sengetøy.
Fortella kollegaene mine om den drøyaste russeknuten eg tok,
og brøla av latter innvendig av reaksjonen.
Kakerester på jobb. Av ein elle aen grunn rope folk alltid på meg når det e kaka...
Ein boks med ananas. 
Ordet ananas. Hørre te på listå øve tidenes ord.
Indre bilder av Elisabeth som tvinge Øydis opp på Landasteinen.
Dei faktiske bildene eg tok av Elisabeth som tvinge Øydis opp på Landasteinen.





Og sist, men påingenmåte minst:

DET E VÅR!!!!


Glede og fryd og jubel te langt uti mai!





søndag 24. februar 2013

Hey, teacher!

Eg e lærar.
Usikker på om diverse trekk ved meg e grunnen te at eg e lærar,
eller om det e det at eg e lærar som har utvikla/ forsterka dessa trekkå,
men kan i alle fall trygt slå fast at:


  • Eg irritere meg på skrivefeil i aviser, på plakatar, på gudstenesteprogram ,        i facebook-statusar (dialekt e selvfølgelig lov..) og ellers øvealt.
  • Eg har lyst å retta på det folk seie som e grammatisk heilt på trynet (men eg prøve å la vær, for eg skjønne jo at det ikkje e heilt trivelig oppførsel).
  • Eg blir frustrert når dei som øvesette filmar og tv-seriar så nordmenn kan få undertekstar, ikkje øvesette det som faktisk blir sagt.
  • Eg blir sprø av øvesettelsar som rett og slett e feil, eller når man har prøvd å øvesetta ordspill og bomma totalt (Phoebe i Friends forstår ikkje koss hu kan ha fått chicken pox. "I don't eat chicken!". Detta blir oversatt med at hu forstår ikkje koss hu kan ha fått vannkoppar, hu drikke jo ikkje vatn...).


Listå kunne vore ganske masse lenger, og viss eg hadde jobba litt hadde eg kanskje
til og med kommt på et par ting som e hakket mer sjarmerande.
Men poenget mitt her ligge i ei kraftig himling med auene folk kan ha lagt merke te
sist eg va på gudsteneste i Sauda. Eg hadde Live to år på fanget, og hu hadde fått
med seg et sånnt ark med ein tegning av ein Jesus-situasjon som hu kunne farga.
Den viste et under eg må sei eg va ukjent med på forhånd:




Rekne med det har skjedd ein glipp når bokmål sko oversettast te nynorsk
elle nåke i den duren, men vær så snill, da!

Eg vett det e ein typisk lærarfrustrasjon, men ka kan eg sei?
Eg e lærar.

onsdag 30. januar 2013

Needles and pins

Husfellesskapet mitt va hos Kristin og Fredrik og fekk kalkun
(enormt godt, by the way). Eg merka at det gjorde vondt i tennene oppe
på høgre sia når eg drakk. Det va jo irriterande, tenkte eg.
Neste dag va det verre, så eg sneik meg inn te tannlegen og tok seks-åtta
bilder av ei tann (overivrig brekningsrefleks), bare for å finna ut at det va ikkje nåke gale.
Ikkje som viste på bilder, vertfall. Så eg tygde bare på ei sia og drakk minst mulig
ei stund. Juleferien kom, eg va hos tannlegen igjen (enten blir det verre =rotfylling,
eller så blir det bedre), og julemiddagar og -dessertar mista ein stor del av sjarmen.

I dag e det åtta veker si den kvelden hos Kristin og Fredrik.
Eg har lært meg å leva med det som tannlegen fint kalte provosert tannverk.
Eg ete minst mulig kalde ting. Eg puste med munnen igjen når det e kaldt
(prøv det, du, på skøyter i minusgrader, eller på vei opp ein bratt bakke).
Eg ignorere at det gjere vondt når eg synge i kjørkå (der e det ikkje enormt varmt alltid),
og innte for ei stund si drakk eg minst mulig.
Det resulterte i masse skallebank og ganske redusert humør.
Så nå drikke eg med sugerøyr. Vatn, melk, saft, brus, you name it.
Eg har vannflasker med sugerøyr med meg på jobb, på kurs og når eg ska ut og synga.
Får ein del rare blikk, kan du sei. Det e visst ikkje heilt normalt at 27-åringar
har med seg sugerøyr øvealt.

Men livskvaliteten har tatt et steg opp.
Det e det som betyr nåke for meg.

All denna happyfeelingen på grunn av min enorme adapsjonsevne te tross,
eg e LEI av å ha vondt i tennene. Det kan godt gi seg nå!



Ein femteklassing tok bilde av meg,
sist torsdag på isen. Lite visste hu ka
det kosta å glisa rundt med åpen munn
når det va så forbaska kaldt....


tirsdag 22. januar 2013

Ice ice baby

Når eg va liten, va eg veldig fascinert av kunstløp.
Eg såg på dei nydelige damene som suste rundt på isen
som om det va det enklaste i verden, og ønska meg skøyter
så eg nesten sprakk. 
Hege og eg lekte på isen i Sønnåbekken, og va aldri heilt
enige om kem så va Nancy Kerrigan og kem som va Tonya Harding.
Dei va uenige, og me va uenige, så sånn sett va det jo passande.
Men me hadde mange eventyr på bekkeisen, og vant masse medaljar.

Eg fekk skøyter te jul et år. Kvite kunstløpssøyter i ei øskja
med bilde av ei jenta i rosa drakt. SÅ glad!
Men så va det bare det at det va ikkje så ofta me hadde skikkelig
skøyteis. Is va det nok, men an va liksom onna et drøyt lag med snø.
Så eg skøyta litt innimellom når eg fekk sjansen, men kan jo ikkje akkurat
sei at det blei olympisk schwung øve sakene.

For kanskje 6-7 år si va eg ute på Vetrhus og skøyta med tre søsken Øygard.
Ette at me hadde holdt på ei drøy stund, og eg va litt mindre skjelven enn eg
hadde vore i starten, sa Marte (ca 8 år, kanskje?): "Nå e du snart lika flink som meg,
Oddbjørg!" Hu hadde et poeng.

I helgå va eg ute på skøyter for første gang på nåken år.
Litt pysen, men det gjekk bedre ettekvert. Sjøl om eg blei ikkje lika
flink som Nora førsteklassing.
Men det E jo gøy!



På ett bein, midt i ein diskusjon med Ingvild
om koss i all verden man egentlig får te ein piruett..

På torsdag ska eg ut og skøyta med femte klasse. Det kan jo gå godt det og.

søndag 13. januar 2013

And the songbirds keep singing like they know the score

Det hende eg trur eg vett ka helgå vil bringa.
Det kan eg jo bare slutta med.

Eg hadde veldig lite program denna helgå. FFC fredag kveld, sannsynligvis gudsteneste
søndag morning. Ellers va det blankt. Eg skulle ingenting.

Lørdag sånn rett før sju sa eg te Øydis og Kari Johanne: "Tung handlevogn ner
bakke på glattå, det e sånnt som det kan bli blogginnlegg av."
Men det e rart med det,dei situasjonane som e mest opplagt katastrofale,
kjeme eg fra med verdigheten i behold.
Ti minutter seinare, når handlevognå va tom, og eg skulle setta na på plass i
andre enden av et stort sett tomt parkeringshus, da va det så som så med verdigheten.
Det går fremdeles fint å ta skikkelig fart, henga seg på handlevognå og susa avgårde,
sjøl om du har passert eisyttimasse, eg bare nevne det.
Kari Johanne kommenterte i løpet av lørdagen at "det e sånn du e på fritiå, altså".
Eg svarte at selvfølgelig va det det, på jobb må eg jo var voksen og fornuftig, men
når eg har fri, då kan eg gjer ka eg vil. Når eg gjekk heim natt te søndag, hadde dei to
snellene slete med meg (som hadde fri) i mer enn tolv timar.

I dag har Solbakkens vore her. Di kom ette kjørkjetid, og me åt middag og gjekk
tur ilag. Veldig trivelig! Strålande solskinnsvær og gnistrande klart og kaldt oppe
på Bergevarden. Me tok nistå med oss inn igjen...
Men fint, DET va det!


Solå går ner i skyene bak Rennesøy

Når solå har fordufta, blir det litt dunklare i skogen.
Med hjelp av blitz blir det stappmørkt.
Da e det godt med refleks ;)

Forresten stod eg ute her ein dag og hørrte på fuglekvitter.
Jubelfryd!