tirsdag 28. februar 2012

Visst skal våren komme

...og DU så me glede oss te det!
Nåken ganger e det nesten så eg lure på om seinvinteren aldri ska sleppa taket.
Vinter like eg, men seinvinter som holde seg fast med seige iskalde fingrar..
den kan eg klara meg uten.
Eg venta på vårtegn, og før jobb siste fredag før ferien fekk eg foreviga det her:

Skjønne snøklokker

Va mer enn bare litt i farten, men måtte jo ha bilde av herligheten.
Resultatet blei ikkje knivskarpt, men eg har beviset.
Det BLIR vår i år og!!

tirsdag 21. februar 2012

You know, the change in the weather has made it...

Vinterferie, tralala!
Og i dag har det te og med vore sol.
Me lige det.
Huset e fullt av lyd, og verden e full av vinter.
Men våren kikke fram litt sånn innimellom, og me lige det og!
Eg har tatt bilder. Men eg og pcen blir ikkje enige.
Ein minor disagreement som endte med at eg må illustrera denna vinterdagen med
et bilde fra ein snødag i 2009. Det e jo ei stund si, men det va snø og sol.
Og det va i Sauda. Så då får det duga!





I går va eg ute og kjørte på det som eg på godt og vakkert
Oddbjørgsk kalte for et hendelses drittføre.
Då va det ikkje sol. Og brøyting, det e for pyser!
Men kjøring på den ubrøyta veien, det e for alle dei andre som ikkje e pyser.
Pysene, nemlig, dei kjeme midt i veien. Og der holde di seg!
Det e akkurat så den fine gamle leken
"Jeg går rett på,samme hva jeg støter på".
Eg har lurt litt på om di virkelig e reddare for å legga seg
et minihakk nærmare høgre sia enn for å knalla speilet sitt i mitt.
Ikkje for det, eg har smelt inn speil før (på vei te oppkjøring, det va ein fest),
så eg har brei erfaring på området, men hallooooooooo, da.
Detta e min oppfordring te dei som ikkje e så gla i drittføre:
Viss du ikkje har te hensikt å i det heile tatt PRØVA å holda deg
på di egen sia av veien, da kan du holda deg heima.
Ring te dei du ska på kaffibesøk te, og sei at Oddbjørg har satt ned foten.
Hardt og ettertrykkelig.
Men ikkje på bremsen. Eg har faktisk bedre vet på denna glattå.

torsdag 9. februar 2012

Måkke finne på å måke snø

Det e løye med det, eg finne som regel nåke å le av.
Har vore sjukemeldt ei litå stund (nå jobbe eg 50%), og like det igrunn dårlig.
Det e ikkje heilt mi greia å gå heima når eg vett det går utøve elevar og kollegaer.
Men eg måtte le når eg kom ut og fant bilen sånn så det her.
Visste ikkje heilt kor eg sko begynna for å få vekk all snøen.
Men eg fant ei løysing. Ei kvinnfolkløysing.
Så viss du trenge nåke å le av, kan du jo mana fram et bilde inni håvet ditt av
når eg tok for meg detta snøberget med ein piasavakost.
Lånt for anledningen av husvertane mine.
Smart? Nja... Sunt for lakken? Neppe. Men det funka:)


Plutselig såg bilen så masse større ut!

Det va et stykke ner te taket, kan du sei..

fredag 3. februar 2012

Hey, hey, hey snowflake

Eg e Saudabu. Eg e ein Drarvik. Eg stresse ikkje for litt snø.
Og når det snør bare sånn pysete bittelitt som det gjorde i går, 
då blir eg nesten provosert. Så eg uttalte høgt og tydelig at enten fekk det
snø skikkelig, eller så fekk det bare la var.
Når eg våkna i dag, måtte eg te med snømåking i vinduskarmen.
Vise seg at det e ikkje bare elevar som (iallefall tidvis) hørre på meg;)




Snø langt oppette vinduet, gitt.

Det va 0 grader på rommet mitt, og i vinduskarmen låg
ein haug med snø i kvert hjørna.
Eg lo.






søndag 22. januar 2012

A lifetime's not too long to live as friends

I dag e Emelie 24 år. For nøyaktig to år si reiste hu heim te Sverige, 
og forlot meg Emelielaus i York. To år si siste klem med andre ord.
Men me sende kort og brev. Me sende ein melding nå og då.
Og me prate på Skype når me bare klare å ta oss samen.
Eg må ha meg ein tur te Sverige om ikkje så lenge :)



HAPPY BIRTHDAY, EM! I happen to love you.
Just for the record.

Det e løye med det, når man flytte te ein ny plass, får man nye venner.
Denna helgå har eg tilbragt med gode venner på holmen.
Et stykke ut på fredag kveld satt eg på med Elisabeth ner te kaien.
Hu sko ta båt, eg sko handla. Eg va fremdeles mett ette i meste laget komla,
trøtt og god og klar for sofaen. Så ringte mobilen te Elisabeth.
Av den delen av samtalen eg fekk med meg, skjønte eg at hentesjåføren i Stavanger
ikkje kunne komma likavel, Elisabeth legge på, snur seg og smile sitt breiaste,
mest innsmigrande smil. Det e da man vett at man ska få seg ein
sein kveldstur te Klepp... Så nå har eg vore der óg!
Ellers har eg fått herlig fiskemiddag av Øydis (Mor, eg har ete kokt torsk!)
og knallgod kjøttkakemiddag av Elisabeth og Hans Magne.
Viss du nå tenke at Oddbjørg har blitt mata heile helgå, så har du aldeles rett i det!

Og det gjorde godt for kropp og sjel!

Eg takke Gud stadig vekk for gode venner.
Både dei som e her, og dei som e langt unna.

søndag 15. januar 2012

Out of bounds

Ka for ein regel får alle som e nye i ein svømmehall hørra?
Akkurat: Ikkje spring på kanten.

Når eg gjekk på skulen sjøl, va det ikkje alle regler eg skjønte vitsen med.
Men eg fulgte di, godt oppdratt som eg va.
Eg heiv aldri snøball (akkurat den såg eg jo poenget med, da),
eg hoppa aldri uti bassengetfør eg hadde fått beskjed om det,
eg lekte ikkje med fyrstikker (dønn livredd for brann,så eg va ikkje vanskelig å overtala
på den fronten) og eg sprang aldri på bassengkanten.

Ungar følge regler. Iallefall sånne ungar som eg.
Ikkje nødvendigvis fordi di forstår ka som kan bli konsekvensene av å
bryta di, men fordi det e ikkje lov.

Voksne bryte regler heile tiå. Me har mer vet, me e fullstendig klar øve
mulige konsekvenser, men me gir blanke.

Lat meg ta et eksempel: Det e siste året på videregående, eg e passert 18 år,
og e, i teorien, eit vakse forstandig meneskje. Me e i svømmehallen. Ein stor gjeng spele
vannpolo, eg går av ein elle aen grunn langs kanten.
Plutselig kjeme ballen susande opp på land.
Ei av jentene ette, kjapp som bare hu kan ver. Ropet lyde fra vatnet: "Oddbjørg, ta Anja!"
Oddbjørg tar Anja. Ingen fare. Hjelpsom som eg e, legge eg på sprang ette na.
Plutselig ligge eg vannrett i luftå, uten nåken klar idé om koss det gjekk te.
Beinå mine treffe Anja i ryggen,og me lande med et klask og et smell som eg
kjenne i bakhåvet ennå når eg tenke på det. Verden forsvinne. Langt vekke hørre eg
nåken som seie navnet mitt. Ein gang. To ganger. Tredje gangen e det kommt nåke
panisk øve tonefallet. Eg må slita auene opp.
Nærmast meg, fremdeles i vatnet, står Olaug.
Bak na, ein drøy del av klassekameratane mine. Med hakene dinglande nerimot navlen.
Eg blir plutselig inderlig bevisst på at eg ligge på kanten, alle ser på meg
og eg e iført badedrakt.
Ikkje ein ønskesituasjon.
Korleis kunne dette vore unngått? Ikkje spring på kanten.


Me e omgitt av regler. Me bryte di kver dag.
Ordensregler, klasseregler, fartsgrenser....

Holdt me alle fartsgrenser i dag?

Eg bare seie det: Ein dag kjeme konsekvensene og bite deg i baken.
Eg håpe for din skyld at du e påkledd når det skjer.


Detta bildet e tatt på 18-års dagen min.
Den dagen eg blei ein voksen og forstandig regelbrytar.

tirsdag 10. januar 2012

Kjekt å ha

Eg har samla på masse rart i mitt liv. Hørrt om hunters and gatherers? 
Der har du Drarviksgenene i et nøtteskall. Me jakte og me samle.
Jakte på hjort og aent som springe, på ting som e lagt på ein lur plass,
på elevar som ikkje e der di ska, på muligheter for søvn, 
på gode øyeblikk. Samle tette boksar, brødsdmular, ting det muligens kan bli
bruk for ila det neste tiåret...og sauer,da. Sauasamling e ein hit.
Til og med når di ikkje samle sauer, hørre di bjeller øvealt.

Et lite tverrsnitt av alle samlingane eg har starta 
(og ikkje nødvendigvis avslutta..)

  • Serviettar. Ein klassikar. Eg kunne sikkert utstyrt et par-tre bryllupsfestar.
  • Visk. 
  • Pog (har du glømt ka det va, seie du? Synd for deg.)
  • Terningar.
  • Frimerker (ingen kan kalla seg samlar uten frimerkesamling!)
  • Brukte kontaktlinser. Vel og merka bare sånne eg hadde sett nåke spesielt gjennom. Nå bør her bemerkas at eg va ganske ung når eg begynte med linser. Men e nok ein viss fare for at eg dei linsene eg såg Westlife gjennom e teipa inn i ei dagbok ein elle aen plass. Fjortisfantasien kjenne ingen grenser.  
  • Kinderfigurar
  • Glansbilder (ååååh, dei fine englane...!)
  • Hattar (den samlingå leve i beste velgående. Håveplagg e stas!)

Eg kunne fortsatt ei stund..                            
Men poenget med denna lille kavalkaden e altså at eg har starta nye.
To nye. Samlingar, altså.

Foreningen Betel/Fredheim har begynt å selga gammalt servise for å finansiera
det nya ungdomslokalet di lage te oppe på Betel i Sauda. Te blodpris, selvfølgelig,
vitsen e jo å tjena penger. Og ingen vil jo ha mer enn ein uansett. Bortsett fra meg, da.
Eg har nå fira sett med kopp, tefat og asjett (kan ikkje kalla det ein tallerk. På Betel
hette det asjett). Te den nette sum av 300 kvar. Og eg har lyst på fleir!
Di e jo så kule! Så viss folk i Sauda har lyst å støtta nytt ungdomslokale på
Betel, men syns koppen bare e husafydl, då melde eg meg herved frivillig te 
å øveta heile stasen. 


Nå kan eg drikka kakao i Betelkoppar i min egen heim:)

Dessa e ikkje fullt så dyre, men jammen ekslusive nok likavel.
Norsk design. Med hjort på, ka ellers?

Forresten skreiv eg ein post i fjor om halvårsvurderingar.
Men i tilfelle nåken lure i år og: Halvårsvurderingar e stress.