lørdag 31. august 2013

Yellow polka dot bikini

Eg  fekk for meg at eg ville på piknik.
Heldigvis har eg medgjørlige venner, så Elisabeth va ikkje vanskelig å overtala.
Sist lørdag tok me ut, med mat, snop og Vårt Land-quiz.
Me skaffa oss info fra lokalbefolkningå på vestsiå, og fant fram te ein prima
piknikplass nere med sjøen. Og så skulle me bare vassa litt....
Bading e ein av livets salighetsting. Bading som ikkje e planlagt blir som
ein liten bursdagsoverraskelse. SJYNT!
Og når me då toppe det med holmeliv, sol, mat, sjokolade og quiz,
då har gode venner gode timar.

Badebilder har ingenting på nett å gjer.
Men fiiiine sjøen kan eg publisera :)
Herlighet, så me lo den dagen...
Lærte nåke gjorde me og! Vett du definisjonen på platonisk kjærlighet?
Det vett me. Lærte det av godeste Botnen i Vårt Land.

onsdag 21. august 2013

Time is ticking away.

Skuleåret e igang.
Elevane e på plass, bøkene e delt ut, første veketest e i kjømdå.
På mystisk vis tok ferien slutt, uten at eg egentlig va heilt klar øve det.

Ka eg har gjort i ferien?
Spør heller ka eg ikkje har gjort, det e masse viktigare.
Eg har ikkje retta ei einaste finskriftbok. Eg har ikkje stressa med halvårsvurderingar,
planlegging eller nasjonale prøvar. Eg har ikkje hatt daglig ansvar for ein haug med
ungar som ikkje e mine egne. Eg har ikkje gått vakt, ikkje løyst konflikter, ikkje fått
"du e så ufattelig urettferdig"-blikket, ikkje mast på elevar, ikkje blitt mast på av elevar...

Kort sagt: eg tok fri. Og ikkje bare fra dei slitsomme tingå med å var lærar.
Eg tok fri fra alt og alle som krevde nåke av meg. Eg har ikkje skreve referater.
Ikkje forholdt meg te folk eg blir sliten av. Ikkje gått på styre- eller komitémøter.
Eg har ikkje eingang blogga.
Heilt fri.

Eg har hatt tid te å lesa aviså.

Og det va SKJØNT.
Tid. Tid te å stoppa å ta bilde av ting eg syns e morro.

onsdag 5. juni 2013

Smurfer i gang til en kamp på en onsdagskveld

Eg må bare få sagt det:
Eg har spelt fotball. Lat meg gjenta: Eg. Har. Spelt. Fotball.
Såvdt eg kan huska, må det var første gang på ca ti år.
Eg spele ikkje fotball. Men så va det dessa ungane då, og alt eg gjer for dei...
Så eg spelte fotball. Og la det var heilt klart: Eg skada ingen.
Eg blei ikkje skada sjøl. Eg VA borti ballen, og klarte til og med og
stoppa ein unge eller to. Og laget mitt tapte ikkje før på straffekonk.

Så, alle eg gjekk på skule med gjennom tidene som med tydelige ord,
fakter og blikk fortalte meg at eg va fullstendig ubrukelig og bare et handicap:
Hah. Et høgt og tydelig HAH!

Versta e at eg hadde det faktisk løye utpå der... ;)

Hege og eg hadde ei stund der me hørrte på smurfehits.
Der va det ein sang som hette Fotball er livet. Mulig eg må setta på den i kveld..
Men trenge jo ikkje ta heilt av helle.


Bilder av meg som spele fotball trur eg ikkje eksistere.
Men har har jo ein del av elevane.
Uskarpt og anonymifisert, men det e ein ball der;)

onsdag 29. mai 2013

No som då

Nåken ganger e det godt å komma seg vekk.
Tre helger på rad reiste eg te Sauda og kobla ut heile holmen.

Nå i helgå va det Saudadagar, og, som eg skreiv på face, det va ein FEST
fra ende te aen! 100års feiring av Saudefaldene, andeløp i Nordelvå, fiiiiiiinevær,
maks folkeliv i sentrum og fenomenale konsertar.
Fredagskvelden va det Sauda-artistar. Minner, nostalgi, patriotisme og
"Det e her me hørre te" all the way. Og så liv med Vestladsfanden ettepå.
Lørdag va det Hellbillies, ei heilt aen greia, men heilt suverent morro!
Eg har så SANS for Hellbillies! Det e så eg må ta fram utropstegnå
i flere setningar på rad!

Og bare for å setta ein magisk topp på kransekakå, fekk eg masse tid ilag
med gode venninner eg ikkje har sett på lengelenge. Hurra!

Det e klart, eg har ikkje fått så mange kyss på kinnet si eg va russ.
Ikkje har eg fått så masse øl helt øve meg helle.
Trommehinnene fekk kjørt seg.
Eg måtte nok ein gang lura kraftig på koffor berusa menn øve 60
har så enormt sansen for meg.
Og det e ei stund si sist ei fremmed dama drog ner toppen for
å visa meg puppene sine.

Det va absurd. Det va hysterisk morsomt. Det va venner, nostalgi
og hipp,hipp hurra. Det va Saudadagar!

Win!

Festivalpass, tralala!

Søndenåhaugjentene. Kaidy, Hege, eg og Aase.
Goooood gjeng!
(Eg tilstår herved å ha lånt bildet av Aase uten å spør...)

tirsdag 7. mai 2013

The days we had, the songs we sang together

I kveld har One Direction konsert i Oslo, så vidt eg har forstått.
For ikkje mange vekene si va det Justin Bieber som skapte hysteri og litt te.
Og i dessa tider der mange voksne bruke ein del tid og energi på å mer
og mindre gjer narr av dei hylande jentene, har eg ein tilståelse å komma med:

Eg va boyband-jenta. Westlife- fan på min hals, og rimelig vennlig innstilt
te ein god del andre guttegrupper med good looks og mer og mindre
brukbare sangstemmer.

Eg kjøpte alt Westlife ga ut.
Eg va medlem i fanklubb.
Eg fant bilder på nett og printa di ut.
Samla nevnte bilder, pluss fakta og fanfics i ein perm.
På forsiå av permen stod det "My life is Westlife".
Eg og tre andre jenter fekk sekser på musikkprosjekt om Westlife.
Eg va på Westlife- konsert i Oslo.
Der kjøpte eg meg ei T-skjorta.
Eg hylte.
Eg hisste meg verre på konsertanmeldaren, som slakta konserten.
Eg kjøpte Westlife DVDar ilag med venninner (me hadde di ein periode kvar..).
Eg reiste på hytteturar med venninner der Westlife-plakatar va med i bagasjen,
og blei hengt opp på veggene.
Eg kan enormt mange Westlife-sangar utenat.
Eg kunne skreve flere ting på denna listå, men av hensyn te et par venninner....


Og vett du ka?
Eg hadde suverent masse morro. Ville ikkje bytta ut den tiå for nåke.
Venninnene mine og eg koste oss med musikken, me lo, me drømte,
me sang, me dansa.... Det va ein fest.
Det hende eg savne det.

Så te alle Beliebers og Directioners der ute, te alle som blir beskyldt for
fjortishysteri og galskap: Ikkje ta kverken på dokke sjøl, for all del,
men NYT DET! Dokke får nok tid te å var avbalanserte.

18 år, og egentlig kommt litt øve Westlife-dillå,
men eg måtte jo ha bilde av meg sjøl her.
Cliffs of Moher, området der Westlife spelte inn
deler av videoen te My Love.
Legg spesielt godt merke te dei lekre høge sokkane.

mandag 29. april 2013

We don't need no education.

Detta lærarlivet..

Det e løye med det, det går fremdeles folk rundt og trur at det å var lærar
går ut på å undervisa.

Joda. Eg har gjort det og.

Te nå denna vekå har eg blant aent gjort detta på jobb:

  • Svart på spørsmål av typen "Koffor grine me ikkje lava istedenfor vann?"
  • Hatt tale om vipping på stolen.
  • Sendt elevar for å spytta ut tyggisen.
  • Blitt skremt av ein elev (neinei, eg e ikkje skvetten!).
  • Vore på taket av skulen og henta ein ball. I regn og vind.
  • Hatt ti minutt lunsjpause.
  • Sortert arbeidshefter.
  • Håndhilst på ungar som nettopp har brukt samme hånd te å tørka nasen.
  • Retta veketestar. 
  • Vore vikar og vurdert elevar sine egenproduserte sangar.
  • Beslaglagt ei mus. Og ei klokka.
  • Hatt tale om klokker som pipe.
  • Vaska oppkast.
  • Kasta opp sjøl.
  • Halt ei matta tyngre enn meg sjøl ut av skulen og opp på et rekkverk.
  • Brukt ein god del håndsprit.
  • Skreve referat fra lagmøte på mellomtrinnet.
  • Undervist.
Det va te nå denna vekå. I dag e det mandag.

Og ja, og så har eg fått ein ny elev i klassen. Eg har sagt te di at 
di får pusta på skift. Eine halvparten puste inn, den andre ut.
Det kan gå!


Gode, gamle dagar med lærarskulevenninner.
Før me egentlig heilt visste ka me gjekk te...
Anita, Charlotte, meg, Natalie og Cecilie.


tirsdag 16. april 2013

You want to make a memory

Eg tok ein ufrivillig bloggpause, gitt...
Påskeferien blei ein smule amputert av ei litå veka med omgangssjuka.
For alle detaljer, sjå mine upubliserte verker, men eg kan jo sei det sånn
at når alt man får i seg, og masse mer enn det, forsvinne ut av kroppen
igjen uten å gjer nytte for seg...

Eg va dårlig. Eg e dårlig ennå. Blei jo ein smule dehydrert av detta sirkuset,
og det kjenne eg på følgene av. Men for all del, kan stå på beinå nå.
Framgang, kalle me sånnt!

Påskeferien begynte med ca tre dagar der eg va mer elle mindre i koma.
Måtte sova et par timar ette kver fysisk utskeielse. Som ein tur på byn med mor,
for eksempel. I bil.

Men så hadde eg tre herlige dagar der eg drog te Slettedalen på hyttebesøk,
koste meg på bytur med mor og Julie, og fekk med meg den store påskehappeningen
i Drarviksslektå, nemlig eggkokingå.

Så flata eg ut. Men det har me snakka nok om.

Litt bilder fra dei tre skikkelige feriedagane mine:

Snølek og sol i Slettedalen

Påskehyttekos!
Me løyste påskenøttene den kvelden :)

Hylsfjorden fra heimstråndå.

Me hadde diverse fargar egg :)
Tone stilte som eggholdande modell.

Ein liten vri på det tradisjonsrike eggebildet.
Tok selvfølgelig et "vanlig" óg.


Hurra for familie og påsketradisjonar!
Og takk, Gud, for at eg fekk dessa tre dagane, vertfall!

Viss nå bare verden kunne slutta heilt med denna seilingå,
så hadde eg vore takknemlig for det óg....